Mest brukte soner

Nye i Lenes krets

Anne L. Ø.
Marit G.
User_128x128Solrunn D.
Kjellfrid S.
Vigdis T.
Johannes E. M.Johannes skriv bra !

De nyeste bildene til Lene

Lenes bidrag

Invitasjon til møte i omdømearbeidet

Mandag 7. mars 2011 kl. 19.30 til 22.30, Skei Hotel i Jølster

Tema for kvelden er posisjonering:

- Kva kvalitet ved Jølster er gull verd å jobbe fram og synleggjere for omverda? Velkomen til å synse, meine, teikne & fortelje rundt bordet, og sist men ikkje minst – til å røyste!

Kom og bli med rundt teiknebordet!

Kva er din visjon for Jølster?

I 1960 lanserte John F. Kennedy visjonen om at innan 10 år skulle USA lande ein mann på månen og få ham tilbake -i live.
Moon Speech
9 år seinare, i 1969, blei visjonen virkeliggjort.

Ein visjon er til for å inpirere og motivere. Den er og til for å vise veg og retning om kvar og kva ein ønskjer å oppnå, eit punkt i det fjerne som kommunen og vi kan styre etter. Den fokuserer på framtida, den skal vere ein inspirasjon til handling.

I denne berømmelige talen tilføyer Kennedy:
We don’t do this because it’s easy, but because it’s hard.

Tilbake til jorden finner vi Rauma kommunes visjon:
“Vi skal bli verdens beste kommune for naturglade mennesker”

Sigbjørn Steinsund sin visjon ville til eksempel kunne vere at
“Innan 5 år skal båten “Jølstrabrura” ha anløp 3 stader på Jølstravatnet
-kvar dag heile sommaren."

Og vi andre då? Kva brenn vi for – Kva tykkjer du kunne vore ein visjon for Jølster – eller som eg likar å bruke – eit stort hårete jølstermål?

Om omdømeprosjektet i Jølster

(foto: Oddleiv Apneseth: Jølster 2008)

Bakgrunnen for prosjektet
Gjennom arbeidet med omstillingsprogrammet i Jølster har merksemda på Jølster som merkevare vore i fokus fleire gonger. Vi har meir og meir blitt klar over at Jølster-namnet har ein positiv klang hjå folk flest. Det vi også har innsett er at vi ikkje har vore gode nok til å utnytte dette til beste for næringsliv, innbyggarar og kommune.
Jølster har unike moglegheiter til å styrke identiteten og profilere seg betre; Vi har kunstnarar som Nikolai Astrup, Ludvig Eikaas og Oddleiv Apneseth, vi har

lange kulturtradisjonar innafor kunst, handverk og folkemusikk, unik tilgang til bre og Jølstravatnet med den utsøkte Jølstraauren – berre for å nemne noko.
Ved å satse målretta på bygging av Jølster som merkevare kan det gje store synergieffektar, ikkje minst for næringslivet i kommunen.

I januar 2009 starta vi prosjektet Mobilisering og tilbakeflytting til Jølster.
Der er målet å få utflytta Jølsterungdom tilbake til heimkommunen når dei kjem i etableringsfasen. Også i dette prosjektet er næringslivet sentralt. Både ungdom og næringsliv skal kartleggast, – ungdom for å finne ut kontaktinformasjon som kvar dei bur og kva kompetanse dei har, næringslivet for å finne ut kva kompetanse dei treng. Vi håpar sjølvsagt at dei som finn ut at dei vil flytte tilbake tek med seg ein arbeidsplass, eller etablerer ein ny. For dette prosjektet vil omdømebygging av Jølster være svært god drahjelp.

I januar 2010 starta arbeidet med å få laga ei Plan for reiseliv og opplevingar. Også her vil eit omdømeprosjekt være svært viktig. Ei målretta satsing på identitet og kommunisering av den vil ha mykje å seie når reiselivsnæringa skal profilere seg i mangfaldet av tilbod som finns. Vi har stor tru på at det kan gje vekst, knoppskyting og nye arbeidsplassar innafor denne næringa.

Både reiselivsplana og tilbakeflyttingsprosjektet vil bli sett i nær samanheng med eit omdømeprosjekt.

Omdømebygging av Jølster vil også vere ei positiv vidareføring av det arbeidet og prosessen som vart sett i gang i samband med at Jølster var omstillingskommune i 2006-2008. Eit omdømeprosjekt kan vere ein god måte å samle den energien og dei forventningane som vart skapt gjennom dette arbeidet og føre det vidare.

Prosjektmål
Målet med prosjektet er å komme fram til ein felles plattform for korleis næringsliv og kommune skal drive intern identitetsbygging og marknadsføre seg. Vi må utvikle ein felles omdømestrategi for Jølster som tek vare på og utviklar kommunen som ein attraktiv stad å etablere næringsverksemd, bu, arbeide og besøke.

Ein slik omdømestrategi kan bidra til å:

  • Formulere ein unik, relevant og truverdig posisjonering av Jølster kommune
  • Skape ein felles visjon for Jølster kommune
  • Ta vare på, utvikle og leie omdømet til Jølster mot interne og eksterne målgrupper
  • Sørgje for ein konsistent og attraktiv oppfatting av Jølster kommune

Hovudmålsetting / Effektmål
Spissa satsing kan styrke omdøme og slik å gje gode synergieffektar for kommunen. Vi vil bruke omdømebygging som ein medviten strategi for å styrke både korleis Jølster blir oppfatta eksternt og det indre sjølvbildet i Jølster.

Omdømmebygginga kan m.a bidra til følgjande:

  • Skape økt positivt sjølvbilde i lokalsamfunnet
  • Forsterke næringslivet si konkurransekraft
  • Auke attraktiviteten for Jølster som bu- og arbeidsstad
  • Skape auka merksemd og interesse frå interessegrupper
  • Auke attraktiviteten som reisemål og område å investere i.

Rammer
Prosjektet er tenkt gjennomført over tre år, i perioden 2010-2012.

  • Vardebål i Jølster — Nyttårsafta
  • Sel på støylen, Jølster
  • Støylsfjøs i Jølster
  • Sel i Jølster
  • Kaldt på tur i Jølster
Annonse