Jakob A. S.Eit flott arrangement - RT @Soleieeng: Fest for demokratiet i Jølster. Godt oppmøte #valkamp2011 - Kommunestyrerepresentant for SV i Jølster.
JølsterMøtestaden for Jølstringar på nett Lyngstadfossen JaktlagVi er eit jaktlag som driv hjortejakt i Stardalen i Jølster.
Takk for stemmeneJølster SV takkar alle som røysta på oss i valet. Vi gjekk fram med éit mandat, og det er eit resultat vi er godt nøgde med. Vi vil og nytte høvet til å takke for slengarane kandidatane våre fekk frå velgjarar som røysta på andre parti. Valresultatet motiverer til ekstra innsats den neste perioden! Bruk røysterettenNedanfor føl appellen eg heldt under demokratikvelden i Gjesthalla, 22.08: Gode velgjarar Eg vil derfor løfte blikket litt og snakke om nokre av verdiane som ligg til grunn for politikken vår. Likeverd, mangfald og sosial utjamning er sentrale verdiar for SV. Desse verdiane er avgjerande for å inkludere alle i fellesskapen uavhengig av kva bakgrunn ein har. Kva betyr så desse verdiane i praksis for arbeidet til SV sine kommunestyrerepresentantar her i Jølster dei neste fire åra? Eg skal nemne eit par eksempel: 1. Vi skal satse vidare på dei gode skulane og barnehagane våre for å sikre alle barn og unge gode oppvekstvilkår. Det betyr mellom anna at vi må gjere noko med plassbehovet på skulane våre, og syte for at vi har nok barnehageplassar i nærområda der folk bur 2. Vi skal arbeide for eit større mangfald i type arbeidsplassar i Jølster. Vi vil legge til rette for staduavhengige arbeidsplassar, og då er breiband med god kapasitet i heile kommunen ein føresetnad. Vi vil bruke av næringsfonda til dette. Noko av det første Jens Stoltenberg sa etter terrorangrepa 22. juli var “Mer demokrati, enda mer åpenhet”. Det er ei utfordring vi alle har eit ansvar for å ta tak i. For oss i SV betyr det at vi skal støtte aktivt opp om opne politiske prosessar i kommunen, og vi skal kjempe mot utviklinga vi ser der politiske avgjersler vert flytta inn i styrerom der retten til innsyn i sakspapir og møter er avgrensa. Vi ønskjer og å involvere innbyggjarane meir. Det kan til dømes gjerast ved å arrangere opne møter i viktige saker. Vi vil og at Ungdomsrådet skal få uttale seg i fleire saker, og på den måten få større innverknad. Våre folkevalde skal og vere aktive i aktuelle debattar i sosiale nettsamfunn på Internett, slik som Origo. Desse nettsamfunna har ein låg terskel for deltaking, og er slik sett ein styrke for demokratiet. I SV har vi eit hovudmål for vårt politiske arbeid – og det er at ulike menneske skal ha like sjansar til å lukkast. Det målet når vi best gjennom fellesskapsløysingar og gode kommunale velferdstenester. Bruk røysteretten – godt val! Bruk røysterettenNedanfor føl appellen eg heldt under demokratikvelden i Gjesthalla, 22.08: Gode velgjarar Eg vil derfor løfte blikket litt og snakke om nokre av verdiane som ligg til grunn for politikken vår. Likeverd, mangfald og sosial utjamning er sentrale verdiar for SV. Desse verdiane er avgjerande for å inkludere alle i fellesskapen uavhengig av kva bakgrunn ein har. Kva betyr så desse verdiane i praksis for arbeidet til SV sine kommunestyrerepresentantar her i Jølster dei neste fire åra? Eg skal nemne eit par eksempel: 1. Vi skal satse vidare på dei gode skulane og barnehagane våre for å sikre alle barn og unge gode oppvekstvilkår. Det betyr mellom anna at vi må gjere noko med plassbehovet på skulane våre, og syte for at vi har nok barnehageplassar i nærområda der folk bur Noko av det første Jens Stoltenberg sa etter terrorangrepa 22. juli var “Mer demokrati, enda mer åpenhet”. Det er ei utfordring vi alle har eit ansvar for å ta tak i. For oss i SV betyr det at vi skal støtte aktivt opp om opne politiske prosessar i kommunen, og vi skal kjempe mot utviklinga vi ser der politiske avgjersler vert flytta inn i styrerom der retten til innsyn i sakspapir og møter er avgrensa. Vi ønskjer og å involvere innbyggjarane meir. Det kan til dømes gjerast ved å arrangere opne møter i viktige saker. Vi vil og at Ungdomsrådet skal få uttale seg i fleire saker, og på den måten få større innverknad. Våre folkevalde skal og vere aktive i aktuelle debattar i sosiale nettsamfunn på Internett, slik som Origo. Desse nettsamfunna har ein låg terskel for deltaking og er slik sett ein styrke for demokratiet. I SV har vi eit hovudmål for vårt politiske arbeid – og det er at ulike menneske skal ha like sjansar til å lukkast. Det målet når vi best gjennom fellesskapsløysingar og gode kommunale velferdstenester. Bruk røysteretten – godt val! Breiband som grunnlag for næringsutvikling og busetnadBreiband med høg kapasitet er ein føresetnad for at næringsliv og innbyggarar skal ha lik tilgang til informasjon og digitale tenester uavhengig av kvar dei er lokalisert, og dette legg til rette for at arbeidsplassar kan skapast uavhengig av geografi. I næringsstrategien til Jølster kommune kjem det fram at vi har få arbeidsplassar i høve til talet på arbeidstakarar i kommunen, og det fører til at mange pendlar til arbeid i andre kommunar. Eit av hovudmåla i næringsstrategien er å auka talet arbeidsplassar i kommunen. Skal vi nå dette målet meiner SV at det er nødvendig med eit større mangfald i type arbeidsplassar i kommunen, og ein føresetnad for det er breiband med høg kapasitet. Dette vert og trekt fram i Norges offentlige utredninger, NOU 2011: 3 Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet, der tilgang på høghastigheitsbreiband vert omtala som ein vesentleg føresetnad for lokalisering av staduavhengige kompetansearbeidsplassar, og det vert konkludert med at dette bør prioriterast høgt som politisk tiltak. Breiband er med på å utvikle bygdene, og saman med eit variert tilbod av arbeidsplassar skapar dette attraktive bumiljø som aukar sannsynet for tilflytting. Breiband med høg kapasitet gjer det og mogleg med gode heimekontorløysingar, noko som gjer det lettare å verte buande sjølv om ein har arbeidsstad i ein annan kommune. Fiberbreiband vert no bygd ut i dei sentrale delane av fylket. Jølster SV meiner at vi må halde følgje med utviklinga, og kommunen må vere aktiv og søke på dei offentlege støtteordningane som finst for slik utbygging. Vi må og vurdere å bruke av næringsfonda for å dekke den kommunale eigendelen i slike prosjekt. Kommunen kan og førebu framtidig fiberutbygging allereie no, ved å legge trekkerør når det vert gjort gravearbeid av andre grunnar, til dømes ved oppgradering av vegar og vass- og avløpsnettet. Jølster SV vil arbeide for tiltak som betrar den digitale infrastrukturen dei kommande åra. Ei framtidsretta satsing på breiband vil legge til rette for nye arbeidsplassar, og skape attraktive bumiljø i heile kommunen. Breiband som grunnlag for næringsutvikling og busetnadBreiband med høg kapasitet er ein føresetnad for at næringsliv og innbyggarar skal ha lik tilgang til informasjon og digitale tenester uavhengig av kvar dei er lokalisert, og dette legg til rette for at arbeidsplassar kan skapast uavhengig av geografi. I næringsstrategien til Jølster kommune kjem det fram at vi har få arbeidsplassar i høve til talet på arbeidstakarar i kommunen, og det fører til at mange pendlar til arbeid i andre kommunar. Eit av hovudmåla i næringsstrategien er å auka talet arbeidsplassar i kommunen. Skal vi nå dette målet meiner SV at det er nødvendig med eit større mangfald i type arbeidsplassar i kommunen, og ein føresetnad for det er breiband med høg kapasitet. Dette vert og trekt fram i Norges offentlige utredninger, NOU 2011: 3 Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet, der tilgang på høghastigheitsbreiband vert omtala som ein vesentleg føresetnad for lokalisering av staduavhengige kompetansearbeidsplassar, og det vert konkludert med at dette bør prioriterast høgt som politisk tiltak. Breiband er med på å utvikle bygdene, og saman med eit variert tilbod av arbeidsplassar skapar dette attraktive bumiljø som aukar sannsynet for tilflytting. Breiband med høg kapasitet gjer det og mogleg med gode heimekontorløysingar, noko som gjer det lettare å verte buande sjølv om ein har arbeidsstad i ein annan kommune. Fiberbreiband vert no bygd ut i dei sentrale delane av fylket. Jølster SV meiner at vi må halde følgje med utviklinga, og kommunen må vere aktiv og søke på dei offentlege støtteordningane som finst for slik utbygging. Vi må og vurdere å bruke av næringsfonda for å dekke den kommunale eigendelen i slike prosjekt. Kommunen kan og førebu framtidig fiberutbygging allereie no, ved å legge trekkerør når det vert gjort gravearbeid av andre grunnar, til dømes ved oppgradering av vegar og vass- og avløpsnettet. Jølster SV vil arbeide for tiltak som betrar den digitale infrastrukturen dei kommande åra. Ei framtidsretta satsing på breiband vil legge til rette for nye arbeidsplassar, og skape attraktive bumiljø i heile kommunen. Jakob Andre Sandal Annonse | |||||||||||||||||||||||||||||