Mest brukte soner

Nye i Jan-Eriks krets

Heidi S.
User_128x128Joar S.
Ove D.
Paul O. B.
Kjetil S.
Joakim S.Retorikkinteressert

Jan-Eriks bidrag

Helsevegkart for fred 2011

Eg har sett inn i glaskula for 2011, og kan melde om omfattande endringar i helsestellet vårt. Det var ei lett oppgåve, for alt er allereie bestemt. Regjeringa kjem ikkje til å utsette vanskelege avgjersler til etter valet, sjølv om det sikkert er freistande (sidan folk gløymer så fort). Kartet er ferdigteikna og klar til lansering, men først skal alle kvile enno nokre dagar.

Først, for dei som ikkje gidd lese alt, ei oppsummering:

  • Akutt- og fødetenestene ved Lærdal sjukehus vert lagt ned.
  • Akutt- og fødetenestene ved Nordfjordeid sjukehus vert vidareført og sjukehuset ytterlegare styrka med spesialiserte tenester innan rus/psykiatri.
  • Årdal får luftambulansebase, lik den på Dombås (drifta av NLA), Lærdal ei direktoratavdeling og Måløy vert prøvevertskapskommune for FLV.
  • Regjeringa lanserer ei ny utdanningsgruppe på bachelornivå, paramedics – for å styrke akuttberedskapen for alle.

Den siste meldinga frå styresmaktene no før jul, at sjukehusdebatten er løfta opp og skal avgjerast på regjeringsnivå, er berre ein del av kommunikasjonsoppkøyringa mot bombene som skal sleppast i første kvartal. Det meste er ferdigdiskutert til påske, slik at regjeringspartia kan konsentrere seg om valet.

Regjeringa tek ansvar for å sikre folk i indre delar av Sogn rett type akuttberedskap. Ein ser at eit sjukehus i Lærdal aldri vil kunne verte noko medisinsk kraftsentrum. Ein konkluderer også at løysinga med vikarstafett frå Sverige, der overlegar på avspasering frå krevjande jobbar på store sjukehus held hjula i gong, ikkje er berekraftig. Det vert vurdert som utrygt for befolkninga å verte behandla av folk som strengt tatt burde kvile i friperiodane sine – ikkje behandle akutt sjuke sogningar.

Som plaster på såret får Lærdal tildelt nyskapinga Nasjonal Ambulanseteneste (ei eining under det “nye” Helse- og omsorgsdirektoratet, som erstattar dei regionale helseføretaka). Eininga har administrativt og operativt ansvar for alle prehospitale tenester i Noreg, etter modell frå Skottland. Ei mengd byråkratar flyttar til bygda eller Årdal. Fleire av helsepersonellet busett i Lærdal/Årdal får overgangsstønad og tilbod om administrativ utdanning/anna omskulering. Næraste lokalsjukehus er Voss.

Ovanståande løysing for Lærdal involverer også i høgste grad Årdal. Som resultat av ei hemmeleg avtale mellom Raymond Johansen, Hilmar Høl og Harry Mowatt (Sogndal AP vert ikkje involvert) seinhausten 2010, får Årdal den nye luftambulansebasen inkl. legebil, der crewet kan køyre ut landevegs dersom askeskyer eller andre skyer stoppar flyginga. Operatør er Norsk Luftambulanse etter Dombås-modellen (som heller ikkje har sjukehus).

I tråd med Legeforeininga si tilråing om at nokre lokalsjukehus bør oppretthaldast, vert kirurgi- og fødeberedskapen på Eid styrka med nye stillingar og betre utstyr. Kombinasjonen sentral plassering/nye samfersleløysingar, folketal og allmennpolitiske disposisjonar er grunngjevinga.

(Volda misser sjukehuset sitt i 2014, men vert styrka som utdanningsstad. Mellom anna får dei, som del av ei hemmeleg avtale tidleg i 2011, lovnad om overføring av utdanningar frå nabohøgskulane. Denne delen av framtida er dog framleis for kompleks til å verte belyst nærare i eit helserelatert glaskuleinnlegg som dette, men vil kunne verte tema hjå underteikna ved eit seinare høve.)

Også i ytre Nordfjord er folk nøgde. Lokalsjukehuset på Eid er sikra, og i Måløy har kommuneleiinga fått gladmeldinga om at det i 2012 skal iverksetjast eit nasjonalt prøveprosjekt. Ei såkalla FLV-eining, Forsterka Legevakt, skal etablerast sentralt i sentrum. Dette er ei avansert legevakt med moderne utstyr for diagnostisering og stabilisering av akutte tilstandar. Av utstyr kan nemnast røntgenutstyr og hjartestartar/EKG med direkte oppkopling til vakthavande spesialistar i Førde, samt naudsynt utstyr for å utføre avansert behandling av små brotskader.

Den største nyhenda i 2011 (og også det som reddar AP/SP ut av sjukehusuføret framføre valet) er meldinga om at regjeringa i 2014 vil setje i gong ei ny type utdanning, Bachelor i akuttmedisin, populært kalla Paramedic. Denne utdanningsgruppa vert krumtappen i framtidas prehospitale akuttberedskap i både bygd og by. Dette er spesialutdanna personell som er i stand til å diagnostisere akutte tilstandar og ikkje minst iverksetje naudsynte tiltak for stabilisering før transport til sjukehus.

Sjølv om denne nye utdanninga møter kritikk og skepsis frå både lege- og sjukepleiarhald, held regjeringa på sitt. Hovudargumentet går i at det ikkje høyrer nokon stad heime at ein skal utdanne radiografar for røntgenarbeid, bioingeniørar for labarbeid og fysioterapeutar og ergoterapeutar for rehabilitering – medan sjukepleiarane skal dekke alt det andre.

Alt i alt vert 2011 eit godt år for regjeringa. Brakval overalt og greier.

Funky Sogndal

Denne veka vedtok kommunestyret i Sogndal at ein ikkje skal ta i bruk nemninga BY. På kort sikt er dette sikkert heilt greitt. Diskusjonen var også oppe i 2007. Karen Marie Hjelmeseter var stort sett åleine om ha ei positiv innstilling til proplemstillinga, men vart lettare latterleggjort av sine politikarkollegaer. Tenk, ein ordførar frå bakstrevar-SP tenkte hårete på vegner av Sogndal! Det nye no er at enkeltpolitikarar (inkludert ordføraren?) i tillegg til å latterleggjere debatten også kjenner seg flaue.

Folk flest engasjerte seg – den gong som no. Ikkje i avisa eller i sosiale medium, for sogningar meiner ikkje noko offentleg. Men diskusjonen gjekk, og går, livleg i krokar og krinkar kringom i regionsenteret. Enkelte lokalpolitikarar etterlyser gode grunngjevingar for å søkje, medan andre tykkjer det heile er svært så flautt. Hjelmeseter på si side hevdar framleis at det vil vere defansivt å ikkje søkje.

Ikkje på eitt einaste punkt er det noko ved Sogndal som minner om by, meinte Bjørg Rimeslaatten i 2007. For vi er saft-bygda, vi er fotball-bygda, vi er fjell-bygda, vi er offentlegearbeidsplassar-bygda,vi er idoleksport-Tone-som-trass-alt-kom-seg-til-Oslo-bygda. Vi er Olav-Stedje-spelar-på-puben-igjen-bygda og vi skal bli endå meir kjøpesenter-bygda. Vi eig rett og slett ingen by-identitet. Og sidan konservering har lange tradisjonar i Sogndal skal vi halde fram med å klamre oss fast i dagens situasjon; Status Q.

Ein får sjølvsagt både leskande eplejus og deileg syltetøy frå konservering av frukt. Frå konservering av Status Q vert ting korkje leskande eller deilig. Berre meir Status Q. Visste du at Silicon Valley var ei saft-bygd i si tid? Vel, det var jaffal epledyrking dei dreiv med. Men nokon fann ut at dei ville noko meir. Så dei, som Anne Viken skriv i eitt av sine siste blogginnlegg, skrota epleskrottane og asfalterte.

No har ikkje Sogndal asfaltert så veldig mykje. Vi har til dømes bygd ein knakande fin park. Med ein sentralt plassert gallerikafè der vi kan sjå på rare bilete og kjøpe kaffi med rart namn. I høgt glas. Med skei og sugerør. Eller berre heilt svart i krus om du vil. Urbant & vidunderleg. Og i tillegg kan ein faktisk ta seg ein tur på Togga – eller ta med kidza og vere hallrotter i Sognahallen.

Eg er stolt, ikkje flau, over at eg kan bu i eit regionsenter der offentlege og private interesser i ein salig dugnad satsar og byggjer kulturliv i attraktive inne- og uterom; parkar og promenadestiar, skular og stadionanlegg. Alt på eliteserienivå. Ein gong kanskje latterleggjort – no i høgste grad realiserte fellesskapsprosjekt.

Så ordførar og politikarar: Stå ikkje der på rådhustrappa og flin. Stå ikkje der og ver flaue! Det må vere lov å skrive i ein kommuneplan at bystatus kanskje, eg seier kanskje, kan vere eit fornuftig mål når innhald og identitet er på plass.

Tenk Sogndal med alt det vi har i dag, inkludert,sjølvsagt, den tradisjonelle konservesindustrien vi alle er stolte av – pluss ein god porsjon funky business. Tenk Sogndal By om 20 eller 30 år. Då er vi tekno-hovedstaden på vestlandet. Då er vi Silicon Valley og har eit Stanford. Og på rådhuset sit Senterpartiet med ordførarklubba.

(innlegg i Sogn Avis 23. oktober 2010)

Men Jan Inge då..

..eg har vel aldri hevda å vere del av den “tause majoritet”, slik du antydar i onsdagens leiarartikkel? Det der er Georgen sine ord. Å vere del av ein stor majoritet har aldri vore mi greie. Snarare tvert i mot. I denne saka stiller eg hovudet lagleg til for hogg. Og det er greit.

Det er også greit, og fint, at SA sine leiarskribentar viser empatiske sider i sine referat frå ulike historier frå den vanskelege røynda. Der ute. I Sogn.

Det er berre så synd at alle desse leiararane går inn i ei endelaus rekke av føreseielege og ikkje-meiningsberande innlegg. Dårlege forsøk på å referere og oppsummere kva andre meiner er ikke godt nok for ei avis som mottar produksjonsstøtte frå staten – for nettopp å vere meiningsberande og skape meiningsutveksling.

Å meine at arbeidstakarar som må leve i ”uvisse” har det ilt er nobelt. Klart det er ilt å vere utrygg i høve jobbframtida si. Berre spør kven som helst i Høyanger. Men spør gjerne også folk i Sogn om det er greit å leve i “uvisse” når det gjeld akuttberedskap for alle.

I onsdagens leiar skriv du: “Om Jan-Erik Kvåle og Jørn Stenehjem har positive opplevingar, så kan dei ikke i fullt alvor meine at andre foreldre med dårlege, kanskje til og med skremmande opplevingar, ikke skal koma fram?”.

Ehh…om du hadde prøvd å få med deg innhaldet i mitt innlegg ville du ha oppdaga at mi historie var ganske så skremmande. Deretter ville du ha oppdaga at eg var langt frå fornøgd. Med akuttberedskapen, som dette til sjuende og sist handlar om.

Men du kjem kanskje attende til saka?


Eit forsøk på tilsvar til Sogn Avis sin leiar onsdag 4. november. Leiaren refererer mellom anna mitt blogginnlegg Lærdal sjukehus og akuttberedskapen, som også sto på trykk i Sogn Avis.

Lærdal sjukehus og akuttberedskapen

Kampen for lokalsjukehusa rullar vidare, og sjukehusaksjonistane og talerøyret deira Sogn Avis spissar klørne sine i kampen mot Helse Førde og Førde sjukehus. Ein kan nesten få inntrykk av at SA er redde for å miste tingarar dersom dei balanserer journalistikken sin. I så fall kan dei ta det med ro. Eg trur veldig mange sogningar vil vere einige i at tida no er moden for å diskutere Lærdal sjukehus si framtid.

Helsekronene våre både kan og bør nyttast breiare og smartare enn å oppretthalde eit rådyrt lokalsjukehustilbod. For dette handlar om å utvikle ein god akuttberedskap for flest mogleg menneske, samstundes som ein kan vere trygg på at både kommune- og spesialisthelsetenesta elles er i god form og har levelege vilkår. Eit lite personleg tilbakeblikk:

Det er vinteren 2004 og vi bur på Hafslo. Ut på kveldingen merkar vi at den eldste sutrar unødvendig mykje. Vi tek ho opp. Ho er varm. Ho rullar med augene, stivnar i heile kroppen og blir vekke. Og vi trur at ho skal døy. For vi er ferske foreldre, vi er nybyrjarar. Vi forstår at jentungen bør takast ut. Eg gir hon i å ringje legevakta, eg ringjer 113 og legg ut om problematikken (eg seier ikkje at den eldste er i ferd med å døy, men eg tenkjer det). Alarmdama i Førde iverkset utrykning, så det er berre å vente. Og vente.

Vi ventar djekla lenge, der vi sit halvveges ut i døropninga, så redd vi aldri har vore før. Først når lege og sjukebil kjem, etter 30 minutt, og ho får naudsynt medisin og oksygen, vert det liv i jentungen. Ho har eigentleg vore vekke alt for lenge til (veit vi no) ei feberkrampe å vere. Men jenta vert stabilisert og frakta til Førde, der fagleg ekspertise, eit svært hyggeleg og imøtekommande pleiepersonell og mange testar og prøver ventar. Ingen varige mein. Heldigvis. Men kor lenge er skal ein ta høgde for å vente på akutt hjelp? På Hafslo til dømes; skal ein roe seg ned med ein kaffikopp og Sogn Avis medan ein ventar?

Historia ovanfor har ikkje noko som helst med Lærdal sjukehus å gjere. Men den har definitivt noko å gjere med kva som ligg i omgrepet «akuttberedskap», eit ord som ofte vert brukt framfor «for innbyggjarane i Sogn», som eit slags understatement i favør Lærdal sjukehus. Men i valet mellom eit rådyrtdrive lokalsjukehus og ei profesjonell prehospital teneste trur eg stadig fleire sogningar vil velje det siste. Ei teneste som inkluderer ei god allmennlegevaktordning, der ein på legevakta kan sy småskader og sende bilete til røntgenavdelinga i Førde via breitt band. Og som også inkluderer høgt kvalifisert ambulansepersonell i sjukebilar og gjerne helikopter (ein helibase i Gaupne eller Årdal, kanskje?). Det er «akuttberedskap» i mi verd.

Kanskje snakkar vi om ulike budsjett og ulike løyvingar på ulike nivå, men alt har då til sjuande og sist same eigar?

Mange av oss har fått fabelaktig god hjelp på Lærdal sjukehus. Og truleg får vi det fleire gonger også. Det er ikkje dèt dette handlar om. På Lærdal sjukehus er legane og helsepersonellet elles dyktige fagfolk, mange med fast jobb på store sjukehus. Men det vert ikkje akkurat noko fagmiljø lokalt når desse driv nordsjøpendling og sikkert jobbar doble skift, eller kva? Kvifor kjempe for noko som aldri kan verte eit levedyktig alternativ utan at det kostar flesk og dermed går utover det totale tilbodet for folk i heile fylket – også i Sogn?

For pokker! I 1999 gjekk eg i fakkeltog mot nedlegging av Kirkenes sjukehus, lokalsjukehuset mitt. Vi gjekk i fakkeltog for å sleppe å køyre 50 mil til det andre sjukehuset i Finnmark, Hammerfest sjukehus. Sju timar i bil. Sjekk kartet. Dèt er sjukehuskamp, det!

Nei, folkens. Sjukehusaksjonistane sin kamp handlar ikkje om «akuttberedskapen». Den handlar om arbeidsplassar og kampen for levande lokalsamfunn – og dèt er ei svært så legitim og naudsynt sak å kjempe for. Lærdal (og resten av ÅLA, eller var det ÅLAV?) treng eit aktivt og vitalt næringsliv, offentlege arbeidsplassar og eit godt kulturliv. Kanskje Liv Signe Navarsete og Facebook-Toren kan ordne eit direktorat eller to? Eller eit offentleg tilsyn? Kvifor skal alt til Leikanger? Kva med å flytte noko frå Leikanger til Lærdal? DIFI har det jo trangt. Og sjukehusbygget har breitt band.

Kanskje, i ei ideell utgåve av eitt av verdas rikaste land, med god tilgang på fagfolk, skulle ein kunne tillate seg å ha sjukehus, skular, sjukeheimar og badeland på kvart eit nes. Men slik er det no eingong ikkje. Difor kan vi ikkje halde oss med ei ikkje-levedyktig fødeavdeling eller jordmorstyrt gynekologstove eller gynekologvikarassistert fødejordmorstove eller kva no dei kallar det. Eller eit akkurat godt nok bemanna akuttmottak.

Så vi fekk strålande god hjelp i Førde. Kronikarar og andre med behov for spesialisttenester får god hjelp i Førde. Akutt sjuke frå Sogn får, og skal framleis få, utmerka hjelp i Førde. Dei skal få hjelp på eit sterkt og vitalt sentralsjukehus. Etter at dei er stabilisert av proffe førstehjelparar. Om ein då må tenkje nytt med tanke på budsjettering,planlegging og organisering får det berre bli slik. Det må vi snart uansett. Sogningar: Legg nytt innhald i omgrepet «akuttberedskap»!

Innlegg i Sogn Avis 02.11.09

Who can bring real change to Washington?

Go vote!

Eg berre måtte. Det er tidleg ein søndagsmorgon, og eg er slett ikkje sikker på om klokka er 0659 eller 0759. Det er tidleg i alle fall..

Takk til bloggarguru Jill Walker Trettberg for tipset!

Go vote!

Annonse