Mest brukte soner

Nye i Hilde Kristins krets

Jan E. R.
Helen F.
Geir K. H.

Hilde Kristins bidrag

Generalforsamling i Øy-Blikk AS

Torsdag 22. mars kl. 18.00, Øysenteret

Øy-Blikk AS avviklar ordinær generalforsamling torsdag 22. mars kl. 18.00 i Øy-Blikk sine lokale på Øysenteret.

SAK 1. Val av møteleiar og referent.
SAK 2. Godkjenning av dagsorden og innkalling.
SAK 3. Resultatrekneskap med balanse samt årsberetning og revisors beretning.
SAK 4. Behandling av årets resultat.
SAK 5. Godkjenning av revisors og styrets godtgjerdsle.
SAK 6. Val av styre.
SAK 7. Vedtektsendring. Les forslag til vedtektsendring.
SAK 8. Innkomne saker.

Mange bygnings og båtskader

Det er ikkje meldt om alvorlege skader i Giske kommune etter at Dagmar herja øyane 1. juledag. Det har likevel gått hardt utover ein del tak, naust og båtar.

Bildeserie med 15 bilder — bla ved å trykke på pilene

– Når det gjeld dei kommunale bygga har det stor sett gått greitt. Det er litt skade på rådhuset, men ikkje noko alvorleg, fortel ordførar Knut Støbakk. Han har ikkje oversikt over andre skader, men han veit at det har vore ein del skader på tak og at det er mykje rotvelt av tre. – Grunnen til at det er så mykje tre som har gått overende i denne stormen er nok at det har vore veldig blautt i marka, meiner Støbakk. Når det gjeld sjukeheimen og bukollektiva har det også gått greit. Straumen har vore tidvis borte, men det vart sett inn mobile aggregat til å avhjelpa situasjonen. Ekstrapersonell har vore i sving i heimetenestene for å halde situasjonen under kontroll. Ei tid var Giskebrua stengd og då straumen gjekk verka ikkje tryggleiksalarmane, derfor var det naudsynt med ekstra tilsyn.
Aktsemd
Orføraren ber folk vere forsiktige når dei skal rydde opp. Tre som står i spenn kan vere skummelt.
– Eg må berre be folk vise aktsemd, og også sjekke at det ikkje ligg lause takheller, seier han. Teknisk eining har vore i beredskap heile tida medan det stod på som verst. Dersom det oppstår alvorlege problem er kriseleiinga ved ordføraren muleg å få tak i på mobilnr. 95107579 og teknisk har vakttelefon: 90018425.
Forsikring
Forsikringsselskapa melder om stor telefontrafikk etter stormen. Totalt er det meldt om 650 bygningsskader frå heile landet og rundt 50 båt og bilskader så langt.
– Her kokar det. Vi får rundt 100 telefonar inn i timen og vi må be om forståing for at dette kan ta noko tid. Vi har ikkje oversikt over skadeomfanget i Giske kommune så langt. Vi har kalt inn ekstra folk frå juleferie og vi jobbar nesten døgnet rundt, seier Arne Vold i Gjensidige. Han seier at det er viktig å melde skaden så fort som muleg og også å dokumentere med bilde dersom det er nødvendig å rydde opp før ein takstmann kan kome til staden.

PDF-avis

Under fanen Nye dokumenter kan du laste ned pdf-utgåva av Øy-Blikk dersom du er abonnent. Om du ikke er det og ønsker å bli det kan du bestille det på denne siden

Send inn fleire foto

Foto: Morten Walderhaug

Siste tida er det lagt ut mange flotte bilete frå øyane våre, men vi vil gjerne ha enno fleire bidrag til fotokonkurransen. Leit fram, og send inn. Det er kjekt å dele vakre augneblink og kjekt for andre å sjå. Flott om du kan vise kva bilete du likar ved å velje ”tommel opp” Bra!! Det er også høve til å skrive kommentar til bileta du likar aller best. Dette gir oss ein peikepinn på kva de som lesarar meiner om bileta.
Det er også mange andre mulegheiter på nettsida. I søkefeltet kan du sette inn stikkord for kva du er interessert i, og så vil du få opp ei rekkje artiklar som har vore publisert på nett tidlegare.
For lag og organisasjonar eller andre med spesielle interesser er det ei fin mulegheit å lage seg ei eiga nettside med utgangspunkt i Øy-Blikksona. Brukar du ropert på det du då publiserer vil det kome inn i venstrefeltet på nettsida til Øy-Blikk. Altså ei flott mulegheit til å vise fram det laget ditt held på med.
Det å legge ut eigne arrangement er også nyttig, både for å få fleire til å kome og for å unngå kollisjon av fleire store arrangement i kommunen. Fram mot valet 2011 er det kanskje også ein idé for aktive politikarar å starte sin eigen blogg. Dei som skriv bloggar i vårt område og publiserer med ropert vil bli fanga inn i straumen av innlegg på www.oyblikk.no.

Slik deltek du i konkurransen:
1. "Klikk her for å last opp bilete ":http://oyblikk.no/-/image/new?pile_id=714048_bilete&ref=mst
2. Vel album fotokonkurranse
3. Bla gjennom for å laste opp bilete
4. Hugs å klikke på lagre bileta no

Annonse