Mest brukte soner

Nye i Herdis' krets

Kristine D.
Ida L.
Tord E. S.-N.
Astri K.
Renate T.
mona o.

De nyeste bildene til Herdis

Herdis' bidrag

Kva fiskeslukar skal eg vinne VM i skreifiske med?

I dag er det akkurat ein månad til eg (og 8 venninner) reiser til Lofoten for å delta i VM i skreifiske. Og nervene er begynt å komme; vil stanga halde, vil eg klare å få opp beistet, klarer eg å unngå å bli grønn i trynet og spy utover heile sjarken?

Min filosofi er derfor; dess bedre forberedt eg er, dess bedre blir opplevelsen. Og her har eg ein jobb og gjør, for sjølv om eg digger å fiske, så har eg knapt gjort det. Faktisk så kan du lese om alle fisketurane mine her, og du ser det ikkje er mange. Der ser du at eg har skrive meir om å ha lyst på fisketur, enn å faktisk fiska. Uansett. Eg har ein familie som trur på meg, og har gitt meg utstyr; fiskestang, veldig sterk gøtt, snelle, nokre kveitepilkar, også desse:

350grams gul og oransj småfisk som skal lokke den største skreien.

  • Ka dokk trur?
  • Er dette forresten det utstyret ein setter på fiskestang?
  • Har du eit anna fisketips?

Setter stor pris på alle tipsene eg kan få. Tenk å vere så amatør som eg er og likevel bli verdensmester. …eg vil gjerne bli verdensmestar.

Tagging i Odda på 70-talet

Gi meg gjerne kontekst til kvifor akkurat dette skulle stå på ein vegg.

Bildet er henta frå rivinga av Hardanger hotel og Folkets hus






Interesse for operasjon julegave i år?

Eg har fått det for meg at operasjon julegave kanskje har spelt si rolle. Har den det? Er det slik at vi heller vil konsentrere oss om familien og gløyme å sende pakke til nokon vi ikkje nødvendigvis har møtt ansikt til ansikt? Vi har jo tross alt fått ny regjering som peikar i denne retninga.

Derfor har hverken eg eller Fredrik tenkt på Operasjon Julegåve i år.

Men det kan jo hende det finst gode folk der ute, som synes dette er så fint og flott at dei ikkje kan tenke seg ei jul 2013 utan å sende ei omtenksam gåve til nokon dei ikkje kjenner. Og om det er slik at det framleis finst slike mennesker der ute, så skal eg heller kaste meg rundt, spørre Fredrik fint, om ikkje vi får det til…

Alt eg ber om er likes, tomlar eller kommentarar i dette innlegget – eller flotte tweets på twitter, blogginnlegg på verdsveven, underskriftskampanje, bildeinnsamling på instagram under #operasjonjulegåve. Og, ikkje minst nok folk som melder seg på Operasjon julegave.

Med andre ord, eg kan klare å ombestemme meg… om de verkeleg insisterer. Det er jo trist å gi seg etter 5 år.

HER MELDER DU DEGOPERASJON JULEGAVE.

Og om du ikkje veit kva vi snakkar om, om du ikkje skjønner konseptet Operasjon Julegave, så er det kort fortalt Secret Santa på norsk, eit slags kjedebrev, berre at det er ein pakke, som du opnar opp på julafta. Du anar ikkje frå kven. Men du har gjort alt du kan for å finne ei god gåve til den personen du har fått utdelt. Langt fortalt blir noko slikt:

ps. eg har ny stilling no. Eg jobbar i Herdis Moldøen Råd og vink.

Alt eg veit om Abraham

OK. I går gjorde eg research. Pappa tok meg med på teater. Ei glimrande forestilling. Abrahams barn. Ein mann, ein stol, ein koffert, ein gigantskjerm, ei flaske vatn og ein gigantskjerm. Det Norske Teatret.

Det eg hugsar av “fakta” frå forestillinga, fritt etter hukommelsen:

  • Abraham er opphavet til dei tre religionane; jødedommen, kristendomen og islam. Han gifta seg med halvsøstra si Sara, og ei slavekvinne han fekk av faraoen i Egypt saman med mellom anna mange esel fordi faraoen vart så begeistra for Sara og fekk låne henne. Abraham fekk lov av Sara til å gifte seg med slavedama og dei fekk ein son. Seinare kom ein engel og sa at også Sara skulle få ein gut. Ho berre knisa og lo, og kunne slett ikkje tru noko slikt. Ho var jo 90 år. Men det gjekk som engelen sa. Ho fekk også ein gut. Desse to gutane vaks opp kvar for seg (etter at Sara sørga for at slavedamo vart sendt ut i ørkenen). Og begge vart opphavet til to ulike greiner, kan det vere to religionar? Nei, dette hugsar eg ikkje.
  • I Jerusalem ligg Klagemuren. Vi kallar den klagemuren fordi vi trur jødane klagar når dei står framfor den og ber. Jødane kallar den for Vestveggen. Muslimane kallar den noko anna (eg ikkje hugsar). For alle religionane er det ein heilag stad.
  • Er du så heldig at du har kontaktar som kan få deg innanfor muren og inn i den heilage gravs kyrkje, kan du sjå steintavla kor Abraham skulle ofre den eine sonen sin (eg hugsar ikkje kven). Til all lukke og hell, så vart han forhindra…av ein ny engel…som sendebod frå gud? Den heilage kyrkja vart så bygd oppå denne heilage staden.
  • Dersom du går ned i kjellaren på staden, kjem du til eit dunkelt rom, med ei slags stein seng. Golvet der er dekt med marmor. Og der var det Muhammed møtte, ja, var det Abraham?, i si openbaring og dei bad saman på golvet der. Derfor er også Jerusalem ein heilag stad for muslimane.
  • Det finst, eller fantes, ein sjarmerande teppeselgjar i Jerusalem som inviterer på knallsterk kaffi og som kan preike og fortelje om Abrahams liv og lære i fleire timar, og utan at han nokon gong snakker om teppene sine, ender du opp med å kjøpe eit teppe.
  • Islam vedkjenner både Tanakhen og Bibelen som heilage skrifter, men dette er ikkje gjensidig. Koranen består av surer som begynner med dei lengste surene først, og endar opp med korte surer heilt bakerst. Det er flotte, poetiske bilder, og slett ikkje kronologisk satt opp slik vi (eller det vil seie dokke) kjenner det frå bibelen.
  • Kaba er den heilage steinen som vart reist til minne om Abraham, og det var her i Mekka Muhammed klarte å overbevise folk om at det finst berre ein gud. Han rei inn i byen, sirkulerte rundt Kaba, med hjarte mot steinen og ropte Allah Akbar, og horder av menneske gjentok det han sa. Han knuste alle steintavlene på Kaba, bortsett frå den om Maria.

Eg kjem til kort
Desverre, må eg vel kanskje seie, var det meste heilt ukjendt for meg. Eg har vel aldri lært om dette i skulen. Kanskje er det mi skuld, ettersom eg og venninna mi ganske så lenge song julesongar der vi sensurerte ord som Jesus og Gud, og eg trudde det var veldig viktig at eg ikkje skulle lære slikt. Eller kanskje det er manglande pedagogisk opplegg frå lærar som vart påtvungen livsynsundervisning (og tenkte at det einaste som dugde for oss var høgtopplesning av Sofies Verden, kanskje verdas kjedeligste bok. Om ikkje i seg sjølv, så vitterleg kvar einaste livssynstime). Uansett. Om ein skal vere eit danna menneske i dag, og ha respekt for andre, bør ein kanskje vite litt meir om kva historie folket rundt oss ber på.

Og eg er lei meg for at eg ikkje klarar å hugse meir fakta frå forestillinga. At eg ikkje har fått med meg meir religionslære i barndomen – og at det har vore så viktig for meg å være ikkje-religiøs. Det kan jo hende at det har noko med at eg har vanskeleg for å ta legender seriøst. Men likevel. Det finst folk som trur og tilber dette. Då bør ein vite meir om dette.

Eg skal skjerpe meg.

btw: Forestillinga er glimrande. Veldig imponerande. Svein Tindberg står på scena i to timar, heilt åleine og fortel så godt, så inderleg og levande. Forestillinga fekk Heddaprisen for årets beste teaterframsyning i 2012, og den er verdt å få med seg. Ein blir eit klokare menneske.

Yey! Bildet mitt vann fotokonkurransen til Frida Ånnevik

Lytt på denne songen…


Og sjå på bildet mitt…..

Dette bildet, som illustrerer Frida Ånneviks HJERTET HANS, ein av fjorårets finaste songar, og året før. Dette bildet vann to konsertbillettar på konserten ho skal ha på torsdag.

Je! @herdis er vinner av to billetter til konsert på torsdag! Med bilde av/om/med(?) #hjertethans Hurra! Tusen takk for alle bidrag til #vinnfridabilletter ! #villeord

Eg er glad.

Og veldig glad i fotokonkurransar som er så enkle at du berre treng å #skriveinneinhashtag, og vips så har du levert bidraget ditt til konkurransen. Sist gang eg vann ein fotokonkurranse, var då eg illustrerte Kolbein Falkeid sitt dikt Morgen. Det er spesielt fint at bildene mine kan illustrera kunstuttrykk. Ikkje minst når det er kunstnaren sjølv eller ein jury som plukker ut vinnar. Veldig stas.

Annonse