Mest brukte soner

Nye i Frank Willys krets

User_128x128Erlend H. H.
Pål J. E. M.
Hans-Jacob S.
Erling S.
Gudny O. L. H.
Harald B. R.

Frank Willys bidrag

Heksejakt på røykarar

Tysdag vedtok Helse- og sosialutvalet i Flora kommune eit røykeforbod utanfor inngangspartiet på byens samfunnshus. Grunngjevinga frå hovedutvalsleiar Jakob Nødseth (H), er at alle skal kunne nytte bygget. Berre ikkje røykarane!

Nødseth hevdar at dette er eit ledd i universell utforming som skal sikre at alle skal nytte bygget, uansett om dei er rørslehemma eller har andre sjukdomar. Og der er eg heilt einig med Nødseth, alle skal kunne nytte bygget, også røykarar.

Eg har stor forståing for Sissel Stavøstrand frå LHL, som sjølv har ein lungesjukdom som gjer at ho kvir seg for å gå gjennom “ei røyksky av røykjarar for å komme seg inn i offentleg bygg”. Eg har og forståing for argumentet om at born og unge skal sleppe å verte utsett for tobakksrøyk.

Men eg har absolutt inga forståing for politikarar som påtek seg ein formynderrolle og skal innføre forbod mot alt dei ikkje likar. Og kva er det eigentleg Nødseth og dei andre politikarane i Helse- og sosialutvalet trur? At det står 20 røykarar utanfor samfunnshuset og bles røyk på alle som går forbi? Trur helsepolitikarane at røykarar er nokre uhøflege, fæle folk som ikkje klarer å ta omsyn til andre?

Slik er det sjølvsagt ikkje. Og hvis det er nokre slike uhøflege røykjarar, utan respekt for andre, trur då desse politikarane at dei vil bry seg om røyking forbudt skiltet? Dette handlar om respekt og folkeskikk, og dei som ikkje har det, dei har det ikkje uansett om dei røykjer eller ikkje, og uansett om det er røyking forbudt eller ikkje.

Det må verte slutt på politkarar som trur dei er formyndarar for vaksne folk, og berre kan innføre forbod mot alt dei ikkje likar. Det må og verte slutt på heksejakta på røykarane som faktisk er heilt vanlege folk som og betalar skatt. Dei som røykjer veit svært godt at det ikkje er bra for verken seg sjølv eller omgjevnadene. Dei treng ikkje Nødseth og dei andre politikarane i Flora til å fortelje seg det.

Kanskje kunne ein begynt med å flytte askebegera vekk ifrå inngangen. Då trur eg mykje ville vore gjort!

Og i tilfelle nokon skulle komme på å seie noko sånt som “Det er jo røyken som vert forbudt, ikkje røykarane”, så vil eg minne om at ein sigarett utan ein røykar som røyker den er heilt ufarleg!

Arbeidarpartiet bondefangar Liv Signe

No er sirkuset og dragkampen omkring landbruksoppgjeret i gong igjen.

AP sine representantar, sentralt og lokalt, har i alle år forfekta at dei ville oppretthalde småskalalandbruk. Når ein i bygdene ser kva som har skjedd vil ein fort oppdage at det AP hevdar utad ikkje på nokon måte stemmer. Slik det har vore siste åra den raud/grøne regjeringa har styrt har på ingen måte landbruket sine krav vorte innfridd. Bondelag og SP har då sete igjen med smular, og må registrere at dei overhode ikkje har nådd fram med sine krav.

SP har riktig nok skåla i sjampanje for at det utad skulle sjå ut som at bøndene har fått eit godt oppgjer.

Vi i FrP registrerar at det i samband med den landbruksmelding som er no framlagt har det vorte sett i gong eit grasrotopprør mot innretninga i framtidas landbruk. Ser ein på innretninga det framlagte landbruksoppgjeret frå staten, vert dei som driv stordrift favorisert. Det er ikkje vi i FrP usamde i, men skal det få ein effekt må kvoterestriksjonar og konsesjonsordninga avviklast.

Min påstand er at AP vil ha den norske bonden som slave i sitt eige system. Vi i FrP har tru på at den norske bonden vil og kan vere ein sjølvstendig næringsdrivande dersom vilkåra vert lagt til rette. Vi meiner at kvotereguleringar, konsesjonskrav og bu- og driveplikt må fjernast, og at landbruksbyråkratiet må sterkt reduserast. Det omsetningsnivået landbruket sjølve hevdar er nødvendig for at den enkelte bonde skal få omsett sine varer, er etter mi meining drive etter eit kommunistisk system, og er fullstendig utgått på dato. Skal bonden få betalt for sine varer til ein pris som forbrukaren er nøgd med, må monopolsituasjonen opphevast.

Vi registrerar i dag at dei som leverar til dei få private verksemdene som foredlar landbruksprodukt er svært nøgde med dei oppgjer dei får, og forbrukarane likar dei prisane på produkta som ligg i butikkane.

Sjølv om eg politisk er heilt usamd med sittande landbruksminister syner eg litt synd i han, som til dei grader er vorte overkøyrd av sine kollegar i AP. Landbruksmeldinga og landbruksoppgjeret syner med all tydelegheit SP sin manglande innflytelse i regjeringa. SP sin stortingsrepr. i Finanskomiteen, Per Olaf Lundteigen, var sterkt misnøgd med landbruksmeldinga og kom med eigne forslag, som dei raud/grøne (inkl. SP) røysta i mot.

Det vert no spanande å sjå om Lundteigen røysta for landbruksoppgjeret når dette kjem til behandling i Stortinget seinare i vår, eller om han fortsatt vil opponere mot eige parti.

Lars-Svein Drabløs
Sogn og Fjordane FrP

Høyring på Stortingslista for Sogn og Fjordane FrP

Kristine Lie sitt innlegg om Christina Flåten på FrPs Landsmøte

Vestlendingen og det raudgrøne trollet

Annonse