|
Frode G.
grimelid.net: Fiskeridepartementet hindrar ny teknologi http://bit.ly/acIhJM - Hei, eg er ein raring i starten av 20-åra, og er heimehøyrande i Førde. Eg bur no i Bergen og studerer Geografi ved Universitetet, fakultet for samfunnsvitenskap. Interesserer meg for litt av kvart av samfunnsspørsmål, og tykkjer det er hyggelig å delta i debatten i heimfylket.
Frode G. har ikke anbefalt noen soner ennå. Vi viser derfor de nyeste sonene Frode G. har blitt medlem i.
wordpressHei, lurer på om det er laga noko/er moglegheit for å lage integrasjon med wordpress, der ein publiserer til origo frå wordpress. Er kanskje fy å spør om det (?) sidan konsepta er ganske like, men eg hadde i alle fall funne det nyttig å kunne legge ut innlegget mitt anten på origo, eller på min eigen nettstad, i staden for å måtte publisere to stadar samtidig. Glava til folket!Eg har nett flytta inn i ny leilighet på Nygårdshøyden i Bergen. Her er trivelege folk, sentral plassering, godt med plass; men forferdeleg kaldt/dyrt. Ein må velge mellom økonomisk ruin, eller frost i kroppen som ikkje vil tø før langt ut i juli. Den fine kalde vinteren vi har vore så heldige å få i år, viser ekstra godt trongen for å oppgradere ein del bygningar, kva isolasjon angår. Inntrykket mitt er at det er så ille mange stadar, at radikale grep bør takast for å gje glava til folket. Eit aspekt ved den dårlege isoleringa i store delar av bygningsmassen er sjølvsagt leigetakarane si helse og økonomi. Eit anna aspekt er energibruken. I den nye plan- og bygningslova finnast det reglar som skal sikre god isolering og energiutnytting i nye hus. Diverre har ein ikkje lov til å lage reglar med tilbakeverkande kraft, men ein kunne kanskje ha forventa at reglane for rehabilitering av gamle hus var strengare i høve isolering. Sjølv om ein ikkje med ny plan- og bygningslov kan pålegge hus- og bygårdseigarar å etterisolere energisluka sine, burde det definitivt settast i gang tiltak som oppmuntrar. Eg vil ha både gulrot og pisk: Gulrot bør vere enkelt, med gunstige støtteordningar for etterisolering. Pisken, som “slo” meg i dag, kan gå hand i hand med prosjektet som no driv å identifiserar hus sine varmetap med infraraude foto. Forslaget er rett og slett at utleigar, i hus med varmetap over ei fastsett grense, må dekke til dømes halve straumrekninga til leigetakar. Slik vil ein overføre kostnaden ved dårleg isolerte hus til den som står ansvarleg for energitapet, og har høve til å gjere noko med saka. Grunnen til at eg brukar utleigeforhold som døme er at det høge straumforbruket i dag ikkje får konsekvensar for utleigar. Gulrota/støtteordningane bør sjølvsagt og gjelde for sjølveigde hus, men her har huseigar allereie god nok pisk, nemleg å betale sine eigne straumrekningar. Frode Grimelid
Luftig om kraftleidningar og klimaAuke Lont i Statnett er særdeles luftig i sin argumentasjon for at “kraftleidningar er en del av klimaløsningen” (Firda – 02.01.10). Lont si overskrift er spanande, men innlegget føl ikkje opp. Eg etterlyser anna enn kostnadsargument for at ein må bygge luftspenn, samt ein diskusjon om kraftleidningar i det heile teke er naudsynt. Ikkje minst etterlyser eg Auke Lont sin argumentasjon for at kraftleidningane vil bidra til reduksjon i klimagassutslepp. Lont skriv at “valget står med andre ord mellom kabel og klima, ikke mellom kabel og luftspenn”, i eit generelt debattinnlegg om trongen for nye kraftlinjer, og nemner verken fylket eller 420-KV spesielt – men det er tydeleg at det er motsanden mot denne, som er mellom linjene. For meg er det vanskeleg å forstå korleis ei linje, der hovudargumentet er å kunne frakte elkraft nordover til Midt-Norge, har noko som helst med klimagevinstar i Europa, eller andre stadar, å gjere. Snarare tvert imot. Midt-Norge har hamna i ei kraftkrise på grunn av dårleg planlegging, der ein har lagt kraftkrevjande industri i eit område som vil krevje tilførsel av meir kraft enn det den kan produsere. I dag er det under bygging linjer frå mellom anna Sverige, samt at regionen har potensiale for lokalprodusert fornybar energi. Samla sett bør dette kunne dekke kraftunderskotet, men veksten i forbruket av elkraft må sjølvsagt stogge. På TV2 var det 6. januar eit innslag om rekordhøgt straumforbruk. Med smil frå øyre til øyre kunne reportaren fortelle at så mykje straum som i dag har vi aldri brukt før. Representanten frå Statnett kunne stolt sei at dette bærer nettet glatt. Det seier tre ting, det første er at reporteren gjekk glipp av ein sjanse til å gjere god kritisk journalistikk, det andre er at linjenettet fint klarer å ta unna rekordforbruk, og meir kapasitet er det. Det tredje og mest alvorlege er at vi har ein varme-infrastruktur som krevjer store mengdar el-kraft når det blir så kaldt som det har vore den siste tida. Her er det store ressursar å spare på andre varmekjelder, samt meir energieffektive hus. I staden for å legge til rette for auka forbruk, bør ein gjere alt ein kan for at denne rekorden vert ståande, då bør og trongen for nye kraftlinjer bli vesentleg mindre. Det bør vere viktigare at nettleige-pengane går til det dei er meint til, å ruste opp eksisterande nett for å redusere engergitap under transport. No er eg ikkje så dum at ikkje forstår at 420KV er mein å skulle frakte ut overskott, og legge til rette for ny og fornybar el-produksjon. Men om vi skal koble dette til klima, som Lont vil, er forbruket meir enn stort nok i Norge per i dag. Overskottsenergi bør med andre ord ikkje sendast til Midt-Norge slik at dei kan halde fram med å auke forbruket sitt. Fokuset bør vere korleis ein kan klare å frakte denne sørover til kontinentet utan for mykje tap på vegen, for å erstatte kol, olje og gass. Når Midt-Norge har komme så langt at dei kan sende ut eige overskott, kan det vere aktuelt med ein kabel, som innan då bør vere teknisk mogeleg. Før det ser eg ikkje trongen for 420KV mellom Ørskog og Fardal. Når det gjeld energioverskotet i fylket vårt, og potensialte for meir fornybar energi er det klart det er frustrerande å ikkje ha eit nett å sende denne ut på. Ein bør difor tenke ordentleg over korleis ein skal få transportert denne til områder den kan erstatte fossilt brensel. Sjøkabling er eit alternativ, og det skjer mykje spanande til havs i dag, både i høve vindmøller til havs, samt planar om ei elektrifisering av platformar på norsk sokkel. I samband med dette bør det vere mogeleg å få til løysingar til det beste for både forbrukarar, produsentar, klima og lokalbefolkning. Eg trur denne løysinga er sjøkabel, sjølv om den vil vere dyrare enn linjer på land. Eg håpar Auke Lont og Statnett er vennlege nok til å svare og legge fram reelle argument for at 420KV til Midt-Norge vil vere ein del av klimaløysinga. Det ville vore mykje meir realt enn å spele på folk sitt dårlege samvit i høve klima, med slikt generelt vås som var på trykk 2. januar. Eg vil og vere takknemleg om Statnett kunne poste sitt forsvar på origo.no, då eg for tida ikkje har tilgang til papiravisa. Frode Grimelid
Bio- drivstoff eller varme?Biodieselsaka er blitt sjølve symobolet på ein farlig trend. Parti i alle fargar og storleikar kasta seg over regjeringa, som for ein gangs skuld hadde gjort noko positivt. Å avgiftslegge biodiesel er både rett og rimeleg. Diverre vart presset så stort at ein no framskundar aukinga av prosenten biodiesel som er påkravd innblanda. Det er ei potensiell miljømessig og etisk katastrofe. Dagens miljøpopulisme fører til populære vedtak, som gjerne er kontraproduktive. Det som kunne monna, er diverre ikkje like populært. Det skuffar at alle parti er så rungande einige i at vi skal bruke mat til å drive bilane våre. Til og med Høybråten, som gjekk høgt på bana i fjor, og meinte at mat skulle etast – ikkje brennast, tykkjer no det er ei skandale at regjeringa har “brote” klimaforliket ved å avgiftslegge biodiesel. Det er mange problem ved det å bruke matplantar til å drive bilar, og det er høgst diskutabelt om det i det heile er mogeleg å gjere berekraftig. Om alle land skulle gjort som Norge, og krevje 5% innblanda biodiesel, vil det krevje enorme landareal å dyrke nok plantar. Det vert etter mitt syn heilt feil bruk av ressursar. Nyryddinga og den intensive dyrkinga det vil krevje, kan faktisk føre til negativ CO2-balanse, i forhold til bruk av konvensjonelt drivstoff. Og det er i allefall ikkje noko godt alternativ til elektrifisering av bilparken. Bruken av landareal som kunne dyrka mat for menneske, er med og driv opp prisen på mat, aukar presset på urydda land, og er i bestefall omlag like “miljøvennleg” som å køyre på fossilt drivstoff. Det seiast frå politikartunger at ein skal ha strenge reglar for kvar biomasse til biodiesel skal kunne kome frå, men det er ikkje godt nok. Det endrar ikkje det faktum at det vil bli eit nytt press på nydyrking av land, og der ein ikkje får dyrke oljeplantar, ja der får ein heller dyrke andre ting. Og skulle ein lukkast i å verne sårbare tropeskogar, er det andre områder som vert dyrka, eller matjord som vert margenalisert. Det er freistande å sei at biodiesel er uttrykk for vårt behov for å rettferdiggjere “business as usual”, men viser gatekjøkkeneksos viser at vi bryr oss? Nei, det tykkjer eg det vert pinleg dekadent å påstå. Det einaste argumentet mot avgift, som er i nærleiken av godt, er at dei jobbar med å utvikle ein ny generasjon biodrivstoff som kan nyttegjere seg av skogen som gror ned kysten vår. Grunnen til at dette likevel ikkje er eit godt argument, er at det er vekkasta tid og pengar. Vi har allereie i dag ein måte å nyttegjere oss av biologisk restmatereiale som boss og uønska skog; nemleg varmeproduksjon. Å bruke ekstra energi på å gjere om ein slik ressurs til veskeform, for å drive motorar som har låg effektivitet, vert heilt bakvendt. Men ikkje minst viser det at vi har eit heilt utruleg einsidig fokus på bilen. Ja, bilen er ein viktig utsleppsfaktor òg i Norge, men vi skal hugse på at vi har eit stort energi-forbruk til oppvarming i dette kalde landet. Prioriteringa bør vere ganske enkel, bruk ressursane der dei har størst utnyttingspotensiale! Bioenergi bør varme heimane våre – el bør drive framkomstmidla våre, i allefall kvardagsbilen – og mat bør drive menneske. Å komme dragande med retorikk som at ein må ha stabile rammevilkår for industrien, vert for enkelt. Klart ein skal ha stabile rammevilkår, men ein kan ikkje oppretthalde så grove feil av den grunn. Om det er bedrifter regjeringa burde bistå, er det mellom anna Bionordic i Jostedalen, som slit med å selge dei reintbrennande pelletsomnane sine. Debatten rundt biodiesel viser ein gledeleg og ein ikkje fullt så gledeleg ting. Det er bra at folk er opptekne av å kunne forflytte seg miljøvennleg. Men det er ikkje bra om løysinga vert den første og mest lettvinte ein kan finne. Biodiesel kan ikkje få bli ei sovepute. Transportmessig er det viktigaste vi kan gjere å redusere den private biltrafikken i sentrale strøk! Det andre er å fornye bilparken i retning el-bilar, og dessutan skaffe nok fornybar el-kraft til å drive dei. Ein måte å frigjere energi, er å varme hus med biomasse. Frode Grimelid
Ja, til ein levande Førdefjord!Ikkje overraskande sa Norges Naturvernforbund i dag JA til ein rein og levande Førdefjord, og nei til planane om rutilutvinning i Engebøfjellet [nrk.no]. Norges Naturvernforbund føyer seg i rekka av organisasjonar, parti, fagfolk og bedrifter som har teke standpunkt mot utuvinninga. Men kvifor er det eigentleg ein slik massiv motstand mot prosjektet? Nordic Mining har jo lova arbeidsplassar og auka inntekter til kommunane. Årsaken er ganske enkel. Det vil verken bli gull eller grøne skogar av Engebøprosjektar. Tvert om, det kan få fatale konsekvensar for ein av dei reinaste og mest artsrike fjordane vi har. Støy, ramponert natur, og eit dårleg rykte kan få fatale konsekvensar for turisme. Støy og støv kan få fatale konsekvensar for fiskeoppdrett, og ikkje minst villaksen, i den verna laksefjorden og elvane rundt. Og når kjem det ut at vi pumpar kreftframkallande middel og pulverisert fjell ut i fjorden fisken kjem frå, kan det få alvorleg konsekvensar for salet av norsk fisk generelt, ikkje berre frå Førdefjorden. Summen av alt dette er ikkje berre at ein øydelegg fjorden, men med den livsgrunnlaget for mange fleire arbeidsplassar og inntektskjelder, enn Engebøprosjektet nokon gong vil kunne generere. Mange trekk på skuldrane over turisme, sjølv om det er ein industri i framgang og potensiell pengamaskin for regionen. Til turismeskeptikarane bør fiskeindustrien gå rett heim. Det finnast mykje oppdrett i fjorden, og saman med fôrproduksjon og slakteri i Flora er dette arbeidsplassar som må vernast frå gruvedrift. Vi har dessutan eit ansvar for å ta vare på villasken og fjorden i seg sjølv. Konklusjonen er ganske enkel. Engebøprosjektet er eit tapsprosjekt for regionen, men eit glimrande prosjekt for eigarane i Oslo. Nordic Mining har dessutan tradisjon for å kjøpe rettar til mineralførekomstar, og selge vidare til utanlandske selskap. Engebøprosjektet vil kanskje fylle mange blanke dollars inn i amerikanske lommebøker. Vi sit at med ein gråbleik og kvelt Førdefjord. JA, til ein levande Førdefjord! Sjå også Bygdeaksjonen sine heimesider Og gjerne min eigen nettstad grimelid.net Annonse | ||||||||||||||||||||