Mest brukte soner

Nye i Cathrines krets

Stein O. B.
Janne S.
Arild N.redaktøren
Eivind N. H.Ein av tre reisepartnera på min første Kinatur
Ole G. K.Tidlegare UPUkollega og trur du ikkje vi hamna på lektorutdanning ilag..

De nyeste bildene til Cathrine

Cathrines bidrag

Her bur eg!

HOI! Har tatt litt tid gitt, men her kjem ein oppdatering til. Tida har gått så sjukt fort! No er det snart ein månad sidan eg kom til Beijing, og det har skjedd mykje – men samstundes ingenting spesielt. Vi har flytta inn i leilighet, begynt på skulen, vore på Ikea Beijing, hatt folk inn og ut av leiligheten for å fikse små og store ting, prøvd å gjere oss kjende i området, vert på klassetur til Shan Dong og oppi alt saman forsøkt å komme gjennom det berget med lekser, gloseprøver, prøver og innleveringar vi får frå lærarane på universitetet. Dette er eit stort tidssluk, men det er jo difor vi er her, så ein kan jo ikkje klage! Meir om det i eit seinare innlegg, har nemlig ikkje få ting å førebu til morgondagens timar.

Leiligheten vår ligg i bukomplekset HuaQingJiaYuan i WuDaoKou, som ligg i HaiDian-distriktet rett nord for fjerde ringvei, vest i Beijing. I området ligg det tre store universitetet, blant anna mitt (Beijing University) som er rangert som det beste i Kina, samt QingHua University, nest best og Beijing Languages and Culture university (det beste på språk/kultur, spesielt for utlendingar som tek kinesisk). På grunn av at området WuDaoKou stort sett er bebudd av studentar er prisnivået relativt lågt samanlikna med andre området med høg konsentrasjon av utlendingar. For utlendingar er det mykje av. Heilt kontrast til førre gang eg budde i Kina, der vi var berre.. kanskje 10.. Eller noko sånt. Nettopp difor er det og mange vestlege restaurantar her, men mest av alt koreanske, for det er vilt mange koreanarar(ararar) som studerar her.

Vi betalar 4500 yuan i måneden delt på to, så omlag 2000 kroner per person i måneden. I tilegg kjem gass og straum, men det er ikkje rare greiene. Dei har sånn ring-kontant ordning på dette, så når lyset går og vatnet blir kaldt, går vi til nærmaste bank og fyller på. Veldig ok. Leiligheten er liten, men absolutt av god standard og det tar 10 minutt å sykle til skulen, det er supermarked like ved samt et hav av restaurantar, og det er rett ved Subway stasjonen. Det er veldig praktisk!

Karoline har komt!

No har Karoline (Hope Kannelønning), min gode venn og klassekamerat, ankomt Beijing! Vi skal dele leilighet i seks måneder, og det blir fint! No blogga eg litt mens ho innstallerar “snike-rundt-facebook-blokkeringa-programmet”. Takk til UIO! VPN <3

Leilighet er forresten i boks, kjem bilder snart! Hadde ikkje med meg kameraet mitt på visning, så Kari i klassen min tok nokre bilder for meg. Men internetten er for treig til å sende. Den kosta 4500 yuan i måneden, altså 2250 per person, og ligger midt i smørøyet! Tar 20 minutt å gå til skulen, 10 minutt å sykle, metroen er rett vedsida av gaten der vi bur, og det er allslags morsomme og spennande restauranta, butikka og marked rett uti gata der vi bur! Og en STARBUCKS! :D Vi får ikkje flytte inn før torsdag, litt dumt. Men vi får klare oss på hostell fram til då.

I går regna det forresten noke heilt sjukt, regna fortsatt litt… Når eg gikk heim går var det vatn til over anklane.

I morgon, søndag, skal vi på registrering på universitetet, og på mandag er det plasseringsprøve. Innimellom skal vi prøve å sjå VM-finalen, som går halv tre om natta… Kjipt.

Har lagt ved et par bilder av korleis det ser ut når Karoline og Cathrine skal flytte til Kina og bur på lite hotellrom!

  • DSC 0014 — Facebookstillinga!
  • DSC 0011 — Bakgården på hostellet! Voldsomt idyllisk!
  • DSC 0015 — Blir litt bagasje, gitt.

Tilbake i Kina!

Då har eg nett satt med ned på hostellet som skal bli min heim dei neste dagane, før eg klarer å finne ei leilighet å bu i for seks månedar!

Eg budde i Kina frå 2007 til 2008, då arbeidde eg som engelsklærar for døve, blinde og funksjonshemma samt universitetsstudentar. Etter to år med statsvitenskap, astiatiske studier og kinesisk på Universitetet i Oslo er eg no tilbake! Denne gangen skal eg gå på Beijing University, det beste i Kina, fram til 20. desember.

Først skal eg ha intensivkurs frå 11. juli til 20. august. Deretter to veker ferie (deilig!). Så begynner skulen for fullt 7. september. Eg både gledar og gruar meg.. Eg syns eg har jobba hardt føregåande semester, men dei som har vore på dette programmet før meg seier at det var reine ferien i forhold til ka vi no skal til med.. Iallefall har eg store forhåpninga til min språklige utvikling, gleda meg veldig til å bli god i dette tilnærma umulige språket!

Turen var smooth sailing, har ikkje sove en millimeter og kjenner at rommet gynga litt her eg sitte. Hotellrommet mitt var ikkje klart enda, så eg blei satt til å vente til det blei ledig. Så eg prøvde meg på facebook, men det var berre å gje opp før eg får snakka med noken som bur permanent her som veit korleis man kan snike seg rundt “The Great Firewall of China”.

I alle fall kjem eg til å halde fram med denne bloggen, som eg brukte sist eg budde i Kina. Rett og slett for å rapportere litt utenriksstoff til dykk heime i Sogn og Fjordane! Øver på å bli utenrikskorrespondant! Eg kjem tilbake med meir!

Cathrine Ekehaug
Beijing

Sommaren

Forrest i Norge

Eg kom heim frå Kina 31. mai, 2008. Det kulaste og mest spennande og innhaldsrike året eg har opplevd var over, og eg var MILDT SAGT trist. Vi hadde gleda oss til å sjå familie og vennar igjen, og til å ete god, norsk mat – men gleda av å kunne ete brødskive med brunost igjen la seg fort og saknet til Austen meldte seg RIMELIG tidlig. Det sit fortsatt GODT i meg, og tankane om å returnere til Midtens Rike er der kvar dag. Men som ettersom eg har lyst å ta ein utdannelse, var det på tide å “klyppe seg og komme i arbeid”. Eg må tilbake til studentilværelsen.

Det var mykje om og men og fram og tilbake om kvar eg skulle studere. Etter to år i Bergen var eg enormt glad i byen og hadde et nettverk der og forhalde meg til, men eg hadde igrunn ikkje lyst tilbake. Eg ville ha noko nytt, igjen. Valet fall derfor på Oslo. Stort og fullstendig ukjent, og veldig tiltalande.

Etter å ha drive med informasjonsarbeid for fredskorpset store delar av juni, var det igjen klart for min faste sommarjobb dei siste tre året: i kiosken ombord på fartøya til Fjord1 Fylkesbaatane. Ein hard, morsom og variert sommarjobb, med eit fantastisk, herlig og supert arbeidsmiljø med kjempekjekke kollega og interessante passasjerar. Mesteparten av sommaren jobba eg på ruta Bergen-Flåm-Bergen, der det for det meste er turistar frå fjern ogn nær. Ein og anna kinesar innimellom var ekstra spanande, ettersom eg då fekk praktiskert nokre usikre gloser og dei klappa og smilte og var glade. I tillegg så kom ein av mine beste vennar i Kina, Kong Chao, på besøk til Noreg i løpet av sommaren, og han vart dratt med både hit og dit. Han hadde eit fint opphald, og eg hadde han på besøk heime på gården ein nydelig dag i slutten av juli. Det var kjempekjekt å ha han på besøk!

I august var det altså på tide å flytte, og ettersom eg var oppteken mesteparten av sommaren var det ikkje mykje tid til å finne seg ein stad eg kunne bu. Ei veninne av meg, Kaja Hjorthol frå Florø, budde allereie på Blindern Studenterhjem og foreslo at eg flytta inn dit. Påfølgande februar skulle nemleg bebuarane på dette Studenterhjemmet arrangere UKA på Blindern, og som pensjonerte ungdomspolitikarar i fylket har Kaja og eg arrangert ein ting eller to saman før og utfyller kverandre glitrande. Så, sånn blei det. I august tok eg med meg to svarte søppelsekkar med klede og to pappøskjer med ting og var klar for eit nytt liv i Oslo!

Bildeserie med 8 bilder — bla ved å trykke på pilene
Annonse