Start turen i Toppelvsvingen ved Skjeggedalsvegen. God sti., Odda, Hordaland
På toppen av røyrgata i Tyssedal
Lilletopp er ein del av det store kraftanlegget Tysso I som AS Tyssefaldene bygde mellom 1906 og 1918. Vatnet kom frå Skjeggedal gjennom to tunnellar som munna ut i fordelingsbassenget før det slapp gjennom lukene i lukehuset og inn i dei fem røyrene i røyrgata. For å ha dei store vannmassane under kontroll, bygde dei også store ventilar eller stengeluker og for å drifta anlegget var det nødvendig med taubane, trallebane, smie og transformatorstasjon. Enda til båt og eit naust i miniatyr-storleik finns her og ein bustad for damvaktaren. Anlegget er fullt restaurert av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Museet tilbyr guida besøk med tunnellvandring, konsertar i fordelingsbassenget i fjellet og opplegg for grupper. Anlegget har mange spor etter rallar- og anleggsliv og avansert handvers- og ingeniørkunnskap frå hundre år tilbake.
Fjellområdet der Lilletopp ligg heiter Oksla. Området har fått namn etter naturformasjonen oksla eller skuldra som stikk fram i fjellsida. Området byr på spesielle naturopplevingar med blankskurte berg, spesiell vegetasjon og ei strålande utsikt over heile Sørfjorden og deler av Folgefonna.
Dette har skjedd på Lilletopp | ||
Kart | ||