Oddny M. har ikke anbefalt noen soner ennå. Vi viser derfor de nyeste sonene Oddny M. har blitt medlem i.
Politisk stormannsgalskap?Fylkestinget vurderer å innføra ordning med fylkesregjering, nett som at Bergen har byregjering. Den styrande koalisjonen, dvs. Høgre, FRP og KrF, tinga i fjor ei utgreiing om innføring av parlamentarisme for Hordaland fylkeskommune. To byar i Noreg har innført parlamentarisme, dvs. ordning med byregjering. Det er Oslo og Bergen. Tre fylke har også parlamentarisme: Troms, Nordland og Hedmark. I alle fall sistnemnde fylke innførte ordninga etter at fylkeskommunane var fråtekne ansvaret for både sjukehus, rusomsorg og barnevern. Etter at oppgåver og ansvar var reduserte, auka talet på høgtløna fylkespolitikarar. Det er ein måte å sjå det på. Og fylkesordføraren i Hordaland fekk sett opp godtgjersla si med eit hundretusentals kroner og to. Formannskapsmodellen, som dei fleste norske kommunar og fylkeskommunar vert styrte etter, har sitt opphav i Formannskapslovene frå 1837. Den er altså ikkje nett ei nyvinning, men du verda kor berekraftig modellen har vist seg! I formannskapsmodellen er formannskapet øvste organ mellom kommunestyremøta,og partia representerte etter storleik. Ein konsensusmodell, eller semje-modell, vert formannskapsmodellen sagd å vera. Alle parti er med og påverkar saker gjennom deltaking i formannskapet, og alle medlemene sit i formannskapet på like fot. Med formannskapsmodellen vil ein også ha styrande koalisjonar eller fleirtalskoalisjonar som har funne saman i eit fleirtal, men opposisjonen er like fullt representert. I formannskapsmodellen er Rådmannen, og ja: med stor R, den som leier administrasjonen, dvs. er øvste administrative sjef for kommunen. Rådmannen har såleis stor makt. Det er tradisjon for at Rådmannen legg fram budsjettet – den viktigaste saka eit kommunestyre har oppe kvart år. Det ligg enorm makt i å førebu og leggja fram budsjett. Og det verkar pussig, reint demokratisk, at den største politiske debatten i ein kommune handlar om dei politiske partia vs. Rådmannen…… altså at det er Rådmannsdokumentet dei politiske partia slit og dreg i med kvar sin politiske farge. Opp gjennom åra har det valda både politisk hovudbry og demokratisk bekymring at administrasjonen v/Rådmannen legg premissane før vedtak i saker – og bestemmer gjennomføringa etterpå. Det kan bli lite folkestyre av slikt. Og folkestyret kan bli endå vanskelegare å få auga på om ikkje det er klåre fleirtalskoalisjonar i eit kommunestyre. Det er det jo slett ikkje alltid at det er. Då vert hestehandlane mange, og partipolitikken kan bli vanskeleg å få auga på. Slett ikkje alltid er det heller at ordføraren kjem frå det største partiet i ein fleirtalskoalisjon – nett som då Kjell Magne Bondevik var statsminister i Bondevik II-regjeringa, forresten. Somme kommunar har prøvd ut ordning med direkte ordførarval. Slik fekk Risør RV-ordførar, utan at ordføraren går inn i ein fleirtalskoalisjon…… “Ei ordning med parlamentarisme vil gje meir makt til poltikarane og mindre til byråkratane,” Det sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til BT her om dagen. For i ein parlamentarisk modell er administrasjone politiserte, dvs. leia av ein byråd eller fylkesråd, ein minister, så å seia. Og dei politiske skiljelinene vil koma klårare fram.Det kan så vera, i teorien. Men i den verkjelege verda vert byrådet så topp-tungt og så lukka at kommunestyret har langt vanskelegare for å få informasjon enn i formannskapsmodellen. Og korkje Bergen eller Oslo har fleirtalsbyråd, no om dagen. Det betyr til dømes at budsjetta vert gjorde opp mellom byrådsparti og eitt eller fleire opposisjonsparti, ikkje i det opne rom, men i forhandlingar bak lukka dører og utanom bystyret og bystyrekomitear. Mindretalsregjering krev sjølvsagt kompromiss! Parlamentarismens verste svøpe i kommune og fylke er at den krev langt fleire heiltidspolitikarar og større administrasjon. Ei lokal regjering skal, i tillegg til seg sjølv, ha sine rådgjevarar. Og når kommunestyret/fylkestinget skal hamla opp med ei regjering som styrer all administrasjon, må det verta fleire heiltidspolitikarar og rådgjevarar/sekretærar på kommunestyresida. Dessutan må det som i Bergen heiter “Bystyrets kontor”, og som driftar bystyret og komitear administrativt, bemannast opp for å gå bystyret til hende. Då skal den demokratiske vinninga vera tydeleg. Og det er den ikkje. Alldeles ikkje i Bergen, der fleirtalet ikkje eingong vil ha eit berekraftig bydelsstyredemokrati for å supplera den topptunge byråds-ordninga. Og i dei tre fylkeskommunane med fylkesregjering? Vel, politisk stormannsgalskap er nemninga denne spaltisten finn mest dekkande. Og stormannsgalskap er stormannsgalskap, om enn aldri så politisk! Innlegget er ein del av BAs serie Oddny på onsdag Kitty ikkje for katten!Kattar er ikkje for katten. Det kan alle som har hatt katt, skriva under på. Med ein katt i huset, er det ikkje tobeinte som sjefar i heimen. Alle tobeinte, vil katten meina, er i grunnen til for å stå på pinne når det høver katten: når ein skal bli klødd bak øyra, når ein skal børstast for laus-pels, når ein skal sleppast ut, når ein skal sleppast inn, når ein skal ha mat, når ein vil ha annan slags mat, når det skal skiftast sand i kattedoen – når nyfanga mus eller fuglar skal beundrast. Sjølvsagt er det dei tobeinte sitt ansvar å føra eit visst medisinsk tilsyn, til dømes vita når det kattelege herskapet må ha sine ormekurar, eller bli ettersedde for flått. Bevares! Kattar er små dyr, men sterkt nærverande. Spaltisten er vaksen opp med katt. Sjølvsagt! Kvart småbruk må ha minst ein musefangar. Dessutan høyrer det med til gardsdrift å ha katt, vil eg meina. Etterkvart meiner eg også at det kan høyra med til byheimar å ha katt. I vår byheim var det eit sjølvoppnemnt “Pusevern” som ein dag kakka på døra og lurte på om vi ikkje kunne hysa ein halvt års gammal heimlaus katt. Kattar har rett på ein heim, meinte “Pusevernet.” Slik kom myndige Emma i vårt hus. Og då Emma var borte, var Pusevernet på døra att: Om vi kunne ha katten Kitty i fosterheim enn så lenge? For Kitty hadde ingen stad å vera, slik eg fortalde om i ei spalte her i sommar. Og dermed, sommaren for 10 år sidan, vart engstelege, litt unnselige Kitty med grå pels familiemedlem i lag med to vaksne og tre born. No har Kitty vandra til dei evige jaktmarker. Sjeldan kan dette uttrykket høva betre enn for kattar. Eg er viss på at i det Kitty-ske paradis, der kattar sjølvsagt kvar dag vaknar spretne, spreke og helsige, der føregår ei evig musejakt. Mesta som for vikingane i Valhall – dei som vakna opp kvar dag til nye slag og mektige måltid med kjøt og mjød kvar kveld. Eg er litt uviss på koss det vert ordna det med mysene – for i eit paradis skal sjølvsagt myser gå i tryggleik, ikkje i angst og beven for evig jaktande kattedyr. Men i paradis let slikt seg heilt sikkert ordna. I Kitty sitt paradis er det dessutan sikkert og visst ein møkakjellar. Ein god, gammaldags møkakjellar, prikk lik den heime på barndomsgarden min som Kitty har halde til i alle somrar ho har vore med til Tøsse. Visste du ikkje at eit paradis må ha ein møkakjellar? Med lukter og insekt og biller, passe halvmørk til at eit kattedyr har full og heil kontroll over alt som kjem inn og ut – medan eit tobeint menneske berre ser to skinande kulerunde kattaugo når ein glytter inn…… Ein slik møkakjellar har heilt sikkert Kitty i sitt paradis! Mest heile livet var Kitty godt i stand, men ingen tjukk katt. Ne-hei! Ho åt sjølvsagt ikkje kva som helst, og mjaua kunne verta temmeleg standhaftige om ikkje det fall i smak, det som kom på fatet. Ho lika best kattemat med saus på. Og matlei vart ho innimellom. Då måtte familien ut på tokt for å finna nye smakar….. spesielt etter at pusen fekk eit tandert mage- og tarmsystem. Kitty hadde ein løyndom: om natta vart ho innimellom til ein elefant. Annleis kan det ikkje forklarast når vi innimellom høyrde tunge tramp i trappa, og alle utanom Kitty hadde lagt seg. Ragnar skvatt himmelhøgt ei svært sein kveldsstund då det gjekk tungt i loftstrappa – det høyrdest ut som om ein…….. elefant! var på veg opp. Så skrapa det bestemt på døra – og Kitty kom inn og skulle kløast. Elefanten var omgjord til Kitty att………. Det er mykje godt selskap i ein kattepus. Å høyra ein katt mala av velvere er reine sælebota og stressmeistringa for toføtte. Du kjem ikkje heim til tomt hus når du har ein katt! Det er slett ikkje sikkert katten kjem og møter deg, for når katten er åleine heime, inntar katten den varmaste senga med den mjukaste dyna – sjølvsagt! Men om morgonen, då kom Kitty. Med ein gong ho høyrde vi byrja å lea oss i retning badet, då steig ho ned trappa og gav seg til kjenne, med von om å kapra Ingrun si seng og bli morgon-klødd bak øyro. Før ho gav beskjed om det var for lite mat i skålene til å greia seg på anstendig vis gjennom dagen. Det måtte nemleg aldri vera tomt eller lite mat. Rikeleg skulle det vera i skålene, mesta som i eit spiskammers. I ti år fylgde Kitty oss i helg og vyrke, ein heil epoke i familielivet. I Kitty-epoken vaks borna frå ungar til ungdommar med Kitty som ein dagleg medlevar, ja, som ein familiemedlem å rekna. Kjærleik har ho fått, og kjærleik har ho gjeve att – ho var raus slik. Sjølvsagt er ho gravlagd i hagen, og til våren skal det veksa krokus attmed epletreet til minne om Kitty. Det kan vera du synest vi overdriv, og det kan til og med henda at du har rett, men då skal du berre vita, at for oss, for oss var Kitty slett ikkje for katten! LøyndarklubbenFrimurarane er sette under lupa. Dokumentaren på TV2 måndagskvelden sette eit kritisk søkjelys på ein løyndarklubb som har tradisjon for å ha sterke “samfunnsstøtter” som medlemer. Det kviler eit mystikkens slør over frimurarane. Løynlege rituale – ja løynleghald i det heile, er eit kjenneteikn ved Losjen. Og som namnet seier, er det nett det, ein losje. I dokumentaren på TV2 fortalde ein tidlegare frimurar om at han hadde sloppe unna ei fartsbot då det viste seg at politibetjenten sjølv var losjemedlem. Vel 19 000 menn er på landsbasis medlem av Frimurarlosjen, og frå gammalt av heng det høgt å få bli medlem i broder-lauget. Ja, for dette er broder-skap, og ikkje brorskap (kameratskap), slik Torbjørn Jagland ein gong drog skiljelina. I alle fall er det ein løynd, ugjennomtrengjeleg kameratskap – på tvers av landegrenser. BA refererte i går til frimurar Per Langhelle, direktør i tiftelsen Statsraad Lemkuhl, som seier at føremonen ved å vera med i Frimurarlosjen ikkje er å ordna seg gode, men å bli eit betre menneske. Vel, Frimurarlosjen minner ikkje nett om noka vanleg kvinnegruppe, for å seia det slik.Enn seia dei gamle kvinneforeiningane kring by og land.Underteikna meiner seg å kjenna rimeleg godt til kvinneleg organisering. Frimurarlosjen er utan tvil maktas losje – og maktas organisering. Difor er løynleghaldet så hinsides eit ope demokrati, slik vi gjerne vil, dei fleste av oss, at det norske samfunnet skal vera. “Guttklubben Grei” har vorte ei slags samle-nemning på ymse forsamlingar av menn med makt, t.d. makthavarsjikta innan næringslivet. Kor mange av dei som er medlemer i Frimurarlosjen, har vi nokre år kunna lesa i offentleggjorde medlemslister. M.a. la den seinare så kjende kristne avisa “Magazinet” for nokre år sidan ut medlemslistene for losjen. “Gutteklubben Grei” i ulike variantar er ikkje noka organisert forsamling eller ein eigen losje. Men dei uformelle banda kan vera like sterke som dei formelle. Og den norske “Gutteklubben Grei” i næringslivet er kjenneteikna ved at dei sit i kvarandre sine styre på kryss og tvers, at dei vert sparka frå eine til hitt firmaet på kryss og tvers og at dei ofte kjem frå same utdanningsmiljø. Dessutan motbeviser dei ordtaket om at det blæs kaldt på toppane – for i “Gutteklubben Grei” blæs dei helst frå topp til topp. Spaltisten har lese medlemslistene for Frimurarlosjen for Bergen. Det er både interessant og uinteressant lesnad, for å seia det slik. Nokon ungdomsorganisasjon er ikkje losjen, det er i alle fall sikkert. Dei som skal gjera seg til betre menneske gjennom deltaking i Frimurarlosjen, dei tykkjest rimeleg etablerte – på alle vis. Nokon ubefesta sjeler er dei ikkje……. Eller er kanskje rekrutteringa dårleg? Det hadde vore å vona at den yngre garde – “wannabe-maktelite” heldt kritisk avstand til dei lukka broderskap. Makteliten er meir enn sterk nok om ikkje den skal utviklast bak lukka dører attpå til. Den valde makta i Bergen glimrar stort sett ved sitt fråver i Frimurarlosjens medlemslister. Eg har funne FRPs gruppeleiar i bystyret, Tor Woldseth, som medlem, men ikkje ordføraren. Både varaordførar Trude Drevland og gruppeleiar Hilde Onarheim, begge Høgre, ville, om dei var menn, frå gammalt av vore naturlege kandidatar til losjen. Men eg trur faktisk at begge desse damene har eit så grunnleggjande og moderne demokratisk sinnelag at dei hadde valt å stå utanfor – uansett! Verre er det med sjølvaste fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker, som på mange vis er den mest prominente på lista. Det må høva dårleg for Statens mann i Hordafylket å vera medlem av ein løynleg maktlosje – om enn han er saman med ei rekkje politifolk og for den del advokatar og visstnok dommarar. Personar med verv og embete innan demokratiet burde halda seg langt unna denneslags, eg kan ikkje skjøna anna. Frimurarlosjen er ein anakronisme. Det er eit varsko om maktas løynde strukturar at han framleis finst. På sett og vis legitimerer Frimurarlosjen også andre lukka klubbar, det vere seg Kjegleklubbar eller Lions eller Odd Fellow. Dei er ikkje noko pluss for demokratiet, dei er berre: løynlege. prenta i den faste BA-spalta Oddny på onsdag Lærarar i blåstenDet blæs om læraren – og skulen. Naturleg nok. Skulen er truleg den viktigaste institusjonen vi har i heile samfunnet jamsides heimen. Det er skulen som har i føremålsparagrafen å gjera oss til “gagns menneske” – ikkje åleine, men likevel. Skulen har vore prøvestein for mang ein handlekraftig politikar i statsrådstolen. Ikkje minst Gudmund Hernes og Kristin Clemet. Så melder då også lærarorganisasjonane unisont om reform-trøyttleik. Det er alvorleg. Reform-trøyttleiken i skulen i dag må takast på alvor. Utvikling er ikkje det same som omvelting. I dei store omveltingane har det vore mykje godt vit blant lærarar og skulefolk elles som ikkje har vore etterspurt av “reformatorane.” Det verste ein kan gjera mot engasjerte fagfolk er å ikkje spørja etter meiningane deira, ikkje lytta til dei og overkøyra dei. Det har vore sagt at skulen er i krise. Det er å ta i, og illustrerer vel heller kor lettvint vi her oppe på Oljeberget nyttar den slags omgrep no om dagen. Men at skulen har sitt å ta tak i, derom stridest ikkje dei lærde. For det har skulen. Læraren er krumtappen i skulen. Alle har vi meiningar om læraren, ofte sterke meiningar. Fordi læraren er viktig i eitkvart menneskes liv og læring i grunnleggjande år. Norsk lærarutdanning er for tida under lupa etter å ha vorte dømd “nord og ned” av NOKUT (Najonalt organ for kvalitet i utdanningen). 5-årig lærarutdanning vert vurdert, turnus-år er foreslått, allmennlæraren, sjølvaste læraren i generasjonar, er kanskje på veg ut. I alle fall når ein kjem over småtrinnet. Heile Noreg står overfor eit generasjonsskifte blant lærarane. I vidaregåande skule er meir enn halvparten av lærarane over 50 år. I grunnskulen i Bergen er gjennomsnittsalderen blant lærarane høg, sjølv samanlikna med landsbasis. Det gjer at Bergen har høg-kompetente og røynde lærarkrefter, men at mange kjem til å gå av med pensjon dei neste 5-10 åra, når etterkrigsgenerasjonen når pensjonsalderen. Internasjonalt sluttar 30-50% av lærarane i skulen dei fyrste 3-5 åra etter utdanning. Det har vi ikkje råd til når “pensjonskulla” rullar ut or skulen. Sjølv om det å skifta jobb i våre dagar er “tidstypisk” og ikkje berre knytt til læraryrket. Universitetslektor Marit Ulvik ved Universitetet i Bergen har sett på kva som kan gjerast for å få dei unge lærarane til å bli i skulen. Ein viktig grunn til at lærarar sluttar i yrket er krevjande arbeidsvilkår og mangel på gode støtteordningar for nye lærarar, seier Marit Ulvik (m.a. i kronikken “Hvorfor vil ikke lærerne jobbe i skolen?”) Det er også ein vanleg kritikk at lærarutdanninga ikkje er relevant og difor ikkje førebur godt nok for yrket. Somme sluttar avdi dei aldri hadde tenkt å bli lærarar, men ville bruka lærarutdanninga som utgangspunkt for andre karrierar og jobbar. Atter andre sluttar grunna endra arbeidsoppgåver og mindre sjølvstende i yrket. Vi veit at lærarorganisasjonane sjølve har vore svært opptekne av det dei kallar byråkratiseringa av yrket: at stadig meir tid går med til rapportering og “papirarbeid” og at mindre tid vert att til fagleg utvikling, fordjuping og det ordinære lærar-arbeidet. Å gjera noko for fyrste gong er krevjande. Det har vist seg at den fyrste jobben ein ny lærar får, og praksiserfaringane under utdanninga, betyr mest for korleis læraren knyter seg til yrket, seier Marit Ulvik. Ho seier også at dei fyrste undervisningserfaringane er den einskild-faktoren som ser ut til å påverka fråfallet frå yrket mest. Det viser seg diverre at nye lærarar ofte får særleg krevjande oppgåver – og somme gonger jobben dei andre ikkje vil ha. Det seier seg sjølv at slikt kan gå på motivasjon, sjølvtillit og arbeidsglede laus! Kva kan så gjerast? Det eine er å sikra ei god og praksisnær utdanning som samsvarer med utfordringane i yrkeskvardagen. Det andre, foreslår Ulvik, er å innføra betre overgangsordningar frå utdanning til yrke. Ein nyutdanna lærar bør få redusert arbeidsbelastning, rett og slett mindre undervisning – og kvalifisert oppfølging, om eg skjønar Marit Ulvik rett. Den nyutdanna treng tid til utvikling og samarbeid. Ja, sjølvsagt! Kanskje er det nett her at kjernen til å utvikla den gode læraren ligg? Eg hugsar sjølv korleis eg som nyutdanna sosionom vart motteken ved Landås sosialkontor i 1983: eg fekk tildelt overkomelege og tilpassa oppgåver, enkle frå fyrsten og meir innfløkte etter kvart. Det var ei opplæring til å bli fagleg trygg av, og som eg framleis hugsar tilbake på med glede. Læraren står i blåsten i kvardagen. Ein trygg lærar står støtt, og dei ny-utdanna er dei som skal bli dei røynde. Men då må dei bli i yrket – det treng skulen – og det treng den oppveksande slekt. Kven skal ta ansvar i Sandviken?Bergen er fattigare. Gjennom to brannar i Sandviken har byen mist særprega og uerstattelege sjøbodar. Dei to brannane var like tragiske, men hadde svært ulike utgangspunkt. I Skutevikenhadde ein nokolunde ansvarleg eigar teke vare på bygningane, men diverre ikkje prioritert å brannsikra. På Måkeskjæret har elendige eigarar gjort minst mogeleg for at boden ikke skulle brenna ned eller ramla saman. Vi får håpa at denne ugjeringa vert straffa. Alle som har vore i Sandviken, veit at det kan koma nye brannar og at fleire sjøbodar står til nedfalls. Vi som bypolitikarar har eit ansvar for at kulturminne ikkje brenn eller rotnar opp. Det ansvaret kan vi ikkje springa ifrå, sjølv om eigarane er private. Kva kan vi gjera? SV har spurt byrådet om det ikkje bør vurderast å ekspropiera dei mest utsette sjøbodane. Dette har byrådsleiar Monica Mæland avvist som «typisk sosialisme» (BT14.09.I sitt svar til oss i bystyresalen måndag fortalde ho oss at det ikkje spelar noka rolle kven som eig bodane i Sandviken. Eitt av argumenta hennar var at dei verna og UNESCO-lista gårdene på Bryggen eine og åleine er i privat eige. Bryggen er ikkje ått av kommunen eller nokon annan offentleg instans. Men om lag halvparten av Bryggen er ått av ei ikkje-kommersiell stifting støtta av det offentlege pluss private velgjerarar. Stiftinga har eigen handverkarstab med spesialkompetanse på bevaring og tradisjonshandverk. Dette er ein heilt annan privat eigar enn dei vi har sett og ser i ljoset av flammane i Sandviken. Og Stiftinga Bryggen skriv jo også i BT (17. 09) at deira «viktigste redskap så langt har vært eierskap». Eit godt grep for å ta vare på Sandviken vil vera å syta for at ein slik kompetent og ideell eigar får ein dominerande posisjon. Sjøbodane i Sandviken treng nokon som bryr seg om og har greie på gamle hus. Det kan finnast fleire måtar å gjera eit slikt grep på, og det kan finnast blandingar av desse igjen : 1)Stiftinga Bryggen kan få meir offentlege og private pengar og kjøpa opp bodar i Sandviken 2) Bergen kommune og Sandviken kulturhistoriske forening (med støtte frå Staten) kan etablera ei ny stifting etter modell av Bryggen. 3) Eigarne i Sandviken kan friviljug gå saman om eit selskap eller ei stifting med kompteanse på bevaring. For å ta politisk ansvar og grep i Sandviken , nektar vi i SV å utelukka kommunal ekspropriasjon og kommunalt eiegarskap som eit verkemiddel. Er det sosialisme i byrådets augo, så gjerne for oss! Men, for å vera heilt tydeleg: Det er ikkje noko mål for SV at kommunen eig flest mogeleg sjøbodar. Det ingen av oss kan springa frå, sosialistar eller ikkje, er at vi som bypolitikarar i Bergen har eit ansvar for å gjera noko som verkar når kulturminne i byen vår brenn og rotnar opp. Kva er byrådet sitt svar? Annonse | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||