Mest brukte soner

Nye i Jan Atles krets

User_128x128Øyvind N.
Svein A. H.
Bernt O. B.
Bente K.
Espen S.
Herdis M.

Jan Atles bidrag

Slepp alle gode krefter til

Den 29. mars går NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse av stabelen i Førde. Gjennom årets tema, Alle gode krefter, vil vi sette søkjelys på utfordringar og mulegheiter her i fylket, og vi ser på den krafta som ligge i eit offentlege og private samarbeid.

Næringslivet i Sogn og Fjordane opererer ikkje i eit vakuum, men er ein viktig del av eit større bilde. Vi har ein eksportretta økonomi, og næringslivet vårt konkurrerer i høgste grad på den internasjonale marknaden.
Det gir oss store mulegheiter, men desto større utfordringar når det finansielle og politiske landskapet ute i Europa endrar seg. Og når det blir så til dei grader turbulent som vi har sett dei siste månadene, gjer det oss svært sårbare.
Politisk og finansiell stabilitet og forutsigbarheit er viktige rammevilkår for næringslivet vårt. Labilitet reduserer interessa for satsing, og kan hindre sjansane for nye investeringar. Kva konsekvensar vil det få?
Både store og små verksemder her i Sogn og Fjordane er fletta inn i dette internasjonale handels- og relasjonsnettverket, og blir følgjeleg påverka i større eller mindre grad av dei urolege tidene. Mange av verksemdene våre er dessutan hjørnesteinsbedrifter som lokalsamfunna er hundre prosent avhengige av for å eksistere. Og det som skjer ute påverkar verdiskapinga heime, både direkte og indirekte. Til dømes vil staten sitt pålegg til bankane om å strame inn kredittpolicyen få konsekvensar både for næringslivet og privatpersonar. Dermed blir også velferdsutviklinga påverka. Kva konsekvensar vil det få?
Til årets konferanse har NHO fått med seg fleire gode samarbeidspartnarar som alle har engasjement for og innflytelse på dei utfordringane og mulegheitene vi har her i fylket. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Innovasjon Norge, NAV, Fylkesmannen, Helse Førde og Sparebanken Vest er partnarar som alle er opptekne av å skape vekst og utvikling i fylket vårt, også når det stormar som verst på den internasjonale arenaen. Vi har tru på at saman står vi sterkt, og når alle gode krefter både innan privat og offentleg sektor dreg i same enden av tauet, så vil vi lettare kunne dra opp den ilen som bremsar båten.
Vi har lagt opp til at dei tema det skal setjast søkjelys på skal vere matnyttige for alle konferansedeltakarane, uansett om dei tilhøyrer offentleg eller privat sektor. Stikkord er konkurransekraft, berekraft, gode løysingar, og sist men ikkje minst samspel for berekraftig vekst. Desse tema vil konferansier Geir Helljesen bore i under heile konferansen.
Sjølv om Norge grunna oljeøkonomien står i ei særstilling i eit Europa som mykje godt er prega av økonomisk kollaps og politisk uorden, er vi trass alt ein del av kontinentet og heilt avhengig av den europeiske marknaden for å få inntekter, betale lønningar og oppretthalde velferda vår. I eksportfylket Sogn og Fjordane er ein vesentleg del av næringsgrunnlaget tufta nettopp på sal av varer og tenester til kundar innanfor EU-grinda.
Mykje av grunnen til den krisa vi ser nede i Europa kan grunnast i at dei offentlege utgiftene ikkje har hatt den berekrafta som trengst. Her har landa sør for oss ei stor ryddeoppgåve. Men også vi må etter kvart reformere og endre våre ordningar og innretningar. Vi må styre samfunnet sine ressursar slik at dei blir berekraftige også i framtida. Her må det offentlege og private spele aktivt på lag, slik at ein til dømes kan utnytte dei komparative fordelane optimalt. På konferansen vil vi mellom anna illustrere og debattere dette med døme frå private aktørar som sel gode og effektive tenester til det offentlege.
Det gode samarbeidet inneber at ein saman leitar etter og er villige til å ta i bruk dei beste løysingane for å skape ei god samfunnsutvikling for alle. Og her er sjølvsagt ikkje økonomi ein uviktig variabel verken for auka velferd eller næringsmessig vekst. Difor set vi under konferansen også søkjelyset på ny teknologi og innovasjon som reiskapar for å sikre ein solid velferdsstat også i framtida.
I tillegg ser vi stadig større grad av urbanisering, og mobilitet av folk og verksemder over kommune- og fylkesgrensene. Mange ser på slike grenser som ulogiske og lite hensiktsmessige i høve til effektive transportsystem og anna infrastruktur. Mange ser også på dei mange kommunegrensene som hinder for rasjonell og god arealutnytting. Då er vi samstundes midt inne i eit ordskifte om kommunestrukturar, som både engasjerer og irriterer mange. Desse problemstillingane er faktisk så sentrale både for dei private og offentlege organisasjonane i Sogn og Fjordane, at vi under konferansen også vil debattere utfordringane knytt til kommunestruktur.
Vi håpar på stort engasjement, stort frammøte og ønskjer velkommen til ein spennande konferansedag i Førde 29. mars. Påmelding på nettsida til NHO Sogn og Fjordane: www.nho.no/sfj

Jan Atle Stang,
Regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Utfordringar i ein oljesmurd økonomi

Olje- og gassverksemda blir stadig meir dominerande i norsk økonomi. Det gir store regionale skilnader i arbeidsmarknaden.
NHO sin ferske økonomiske kvartalsrapport, Økonomisk overblikk 1/2012, viser at tosporsøkonomien festar seg. Olje- og gassverksemda blir stadig meir dominerande i norsk økonomi. Investeringane her utgjorde i fjor 140 milliardar kroner – sju gonger meir enn investeringane i industri og bergverk i fastlandsøkonomien.
NHO sin sjeføkonom Tor Steig meiner at det no er klare teikn på at oljeklynga fortrenger anna norsk konkurranseutsett næringsverksemd gjennom særnorsk, sterk kostnadsvekst og tilspissa kamp om den kvalifiserte arbeidskrafta.
Manglande tilgang
Det er nok heilt korrekt. Vi ser nemleg at andre konkurranseutsette næringar står framfor svake marknader, rekordsterk kronekurs og høgt kost¬nadsnivå og investerer difor stadig mindre. Manglande tilgang på kvalifisert arbeidskraft blir også peika på som eit ikkje uvesentleg hinder for nye investeringar.
Dei over 2500 NHO-bedriftene frå heile landet som har svara i undersøkinga melder om framleis moderate forventningar for marknadsutviklinga i 2012 og 2013. NHO sine vurderingar peikar i retning av ein forsiktig vekst i fastlandsøkono¬mien på to prosent i år og 2,5 – 3 neste år. Dette er mykje likt dei forventningar som kom fram i Næringsbarometeret i Sogn og Fjordane; forsiktig optimisme.
Store regionale skilnader
NHO sin marknadsindikator viser dessutan større regional spreiing i økonomisk utvikling enn nokon gong. Rogaland ligg suverent på topp med Oslo og Akershus som nummer to. Rogaland og Oslo, med 20 prosent av befolkninga til saman, hadde 60 prosent av dei nye jobbane i 2011, i følgje arbeidskraftsundersøkinga frå SSB.
Fylke med stort innslag av bedrift¬er i skuggen av oljeklynga ser ut til å stagnere. I Sogn og Fjordane er det ei generell oppfatning av at vi har vi fått for lite ut av den oljerikdomen som ligg rett utanfor stovedøra vår. Skal vi komme oss ut av skuggen må vi jobbe hardt for å få vår del av dei planlagde investeringane i Nordsjøen i 2012, som er rekna til 185 milliardar kroner. Vi må samstundes jobbe endå hardare for å få tilgang på kvalifisert arbeidskraft innan fleire sektorar. Og då snakkar eg om så vel fagarbeidarar som ingeniørar og andre med utdanning på høgskule- og universitetsnivå.
Arbeidskraft
Veksten i befolkninga i arbeidsdyktig alder ser ut til å ha stabilisert seg på kring 1,7 prosent eller 60 000 per år i landet. Dette er uvanleg høgt i norsk samanheng og skuldast høg innvandring. Sysselsettingsveksten har kome i gang i Norge, men den er framleis så låg at sysselsette som del av befolkninga fell. Dette gir eit veksande latent overskot på arbeidskraft i norsk økonomi.
Timelønskostnadene auka dessutan med 3,7 prosentpoeng sterkare i Norge enn i konkurrentlanda i 2011, i følgje det tekni¬ske beregningsutvalet for inntektsoppgjera. Nesten to prosentpoeng av den 3,7 prosent svekka konkurran¬sekrafta i 2011 skuldast sterkare kronekurs. Dei gjen¬nomsnittlege timelønskostnadene i industrien blei dermed 55 prosent høgare enn hos handelspartnarane våre i 2011.
Tor Steig meiner at dei høge timelønskostnadene skaper store omstilling¬sutfordringar i kampen om svake eksportmarknader, og i heimemarknadskonkurransen i høve til importerte varer og tenester. Spørsmålet blir kor lenge vi kan leve med eit slikt kostnadsnivå, dersom vi ønskjer å selje varene våre så vel utanfor som innanfor landets grenser?
Framleis låg rente
I høve til euro har krona heldt fram med å styrke seg i løpet av dei to første månadene i år. Og situasjonen i Europa tilseier ei låg rente, lenge.
Sterk krone og høg oljepris gir nemleg avgrensa handlingsrom for renteauke i tida framover. Saman med svært sterke vekstimpulsar frå oljeinvesteringane inneber dette at oljepengebruken over statsbudsjettet må avgrensast uavhengig av diskusjonen om kor stor avkastning det er rimeleg å forvente av oljefondet.
Av Jan Atle Stang
Regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

NHOs årskonferanse 2012

Torsdag 29. mars kl. 10.00 til 16.30, Rica Sunnfjord Hotell

Næringslivet i Sogn og Fjordane konkurrerer i ein internasjonal marknad. Det gjeld så vel store som små verksemder, og innan nesten alle bransjar. Vekst og konkurransekraft i næringslivet krev ein god og offentleg sektor. Samspel og dynamikk i privat og offentleg sektor held oppe den norske modellen. Spørsmål som blir drøfta på konferansen er t.d.:

  • Vil samfunnet tene på meir offentleg og privat samarbeid?
  • Er vi for gammeldagse når det gjeld ny teknologi?
  • Blir små, fattige kommunar til ein stor og fattig når dei slår seg saman?

Svært god PR

Såg ein flott reportasje om Stongfjorden på Vestlandsrevyen. Imponerande arbeid som er lagt ned i dette tilflyttingsprosjektet, noko som tydelegvis blir lagt merke til langt ut forbi Eidsfjorden og Håkleiva. No står det vel berre att å få opp nokre bustader til dei nye som vil busetje seg i bygda?

Vinmonopol i Askvoll

Ser at Askvoll får vinmonopol i løpet av neste år. Sjølv om dette berre er eit lite skot på næringsstammen, er det likevel viktig og bra for kommunen. For det kjem nok ein dag då ein skal avgjere kvar det nye kommunesenteret i HAFS skal ligge, og då er det bra å ha eit stort mangfald av næringar og tenestetilbodet å vise til.

Annonse