|
Fin vårdag i dag. Sol og 25 grader..i skuggen..:-) - tirsdag 11. oktober 2011 kl 12 via Facebook
Bra?
Flere oppdateringer
Ein kjekk og staut kar; fødd i Bergen, oppvaksen i Stongfjorden, bur i Florø og jobbar i Førde. Er no regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane. Har studert alt frå tømring til historie og sosialantropologi. Har jobba med alt frå sliping av tankskip til skriving av tusenvis av leiarartiklar i Firdaposten og Firda. Har opplevd alt frå fleire beskytingar i Nicaragua og Honduras, til fleire bespisingar med Haralden på Slottet. Kan dessutan rygge traktor med tilhengar, pløye jord, sage med motorsag, køyre buldosar og hjullastar, sette torskegarn, flekkje sild, synge, gå på vor- og nachspiel og mykje meir.. Likar også plommesylte svært godt…
Lokalsona for Firdaposten.no, og kommunane Flora og Bremanger. Her kan du sjølv sette dagsorden! Stongfjorden, den einaste fjorden i verda der du kan sjå frå fjordbotnen til havgapet. Sona der du sjølv set dagsorden – møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane.
Såg ein flott reportasje om Stongfjorden på Vestlandsrevyen. Imponerande arbeid som er lagt ned i dette tilflyttingsprosjektet, noko som tydelegvis blir lagt merke til langt ut forbi Eidsfjorden og Håkleiva. No står det vel berre att å få opp nokre bustader til dei nye som vil busetje seg i bygda?
Ser at Askvoll får vinmonopol i løpet av neste år. Sjølv om dette berre er eit lite skot på næringsstammen, er det likevel viktig og bra for kommunen. For det kjem nok ein dag då ein skal avgjere kvar det nye kommunesenteret i HAFS skal ligge, og då er det bra å ha eit stort mangfald av næringar og tenestetilbodet å vise til.
• SFE Produksjon har fått løyve til å byggje Grunnevatn kraftverk i Askvoll kommune. • www.firdaposten.no
mandag 24. oktober 2011 kl 21
i
Kårstad har hatt ei tøff
tid bak seg med store tap,
også menneskeleg
Eigarane av Kårstad Transport i Gaular greidde ikkje å berge familiebedrifta frå konkurs. Etter nokre strie år etter finanskrisa, vart dei økonomiske utfordringane for store. Onsdag måtte dei gå til skifteretten.
Kårstad Transport har vore eit veldrive, seriøst og rimeleg lønsamt føretak fram til 2008. På det meste hadde verksemda heile 85 tilsette, noko som er mykje i ein liten kommune som Gaular. Ved konkursen onsdag hadde selskapet 60 tilsette og kring 50 bilar av ulikt slag. Også det er betydeleg både i Gaular- og Sunnfjord-samanheng. Det er såleis ikkje eit kva som helst selskap som no har måtta kaste inn handkledet. Forutan familien sjølv og dei tilsette har både Gaular og fylket mist ein viktig og god aktør på transportsida.
Når vi les om denne historia i Firda ser vi dessutan tydeleg at her er det ikkje snakk om å gå til skifteretten med lette steg, for å kjapt kvitte seg med gjeld og andre økonomiske utfordringar. Nei, her kjem det klårt fram at eigarane har snudd kvar einaste stein mange gonger for å finne løysingar. Ikkje berre for seg sjølve men også for å skåne dei tilsette, kundar, investorar og nærmiljø. Det står det respekt av. Dette er ansvarsfulle folk som har vist omsorg og ansvar.
Kårstadfamilien har hatt ei tøff tid bak seg med stort tap også menneskeleg ved at etableraren av transportselskapet, Roar Kårstad, døydde nyleg. Dette forsterkar sjølvsagt kjensla av å ikkje strekkje til etter onsdagens hending. Men vi er visse på at den gode forretningsmoralen og kompetansen som Kårstad-karane har, vil gjere til at dei kjem styrkte ut av denne situasjonen.
For det er i dei svartaste stunder ein vil vere mest oppsette på å finne lys, og det trur vi dei vil finne. Vi trur dessutan at det finst eit lys som heller ikkje er avhenging av kynisme for å brenne. Sjølv om konkurransen og krava i denne bransjen er beinharde, trur vi også at det vil vere kvaliteten på produktet og lojaliteten til tilsette og kundar som vil vere avgjerande for å lukkast på sikt. Begge desse områda vil Kårstad kunne konkurrere på.
Trykt i Firda fredag 2. september 2011
fredag 2. september 2011 kl 11
i
Bra?
Framleis var tonen gemyttleg,
og det som blei sagt av partia
var informativt
Måndag hadde firda.no ei høgst uhøgtidleg meiningsmåling der vi spurde om valkampen ville avgjere kven som får «di stemme» ved valet. Av 941 røyster svara 86,6 prosent nei. Valkampen ville ikkje avgjere deira val. Eit like uhøgtidleg, men likevel retorisk spørsmål, er det då å spørje kva skal vi då med ein valkamp? Kvifor legg politikarane og partia så mykje pengar, prestisje og energi i noko som tilsynelatande ikkje betyr noko særleg for folk sine val?
Forutan å svare at dette ikkje er noko kvalifisert måling, er svaret at valkamp er noko som må drivast for at folk lettare skal kunne skaffe seg den informasjonen dei ønskjer om dei ulike partia sin politikk. Dette er altså ein del av den demokratiske prosessen, der også valkampen høyrer med.
Valkampen her i fylket opna mildt med partistands under Eikefjorddagane i helga, for så å starte opp for alvor i Førde måndag. Framleis var tonen mild og gemyttleg, og det som blei sagt av dei ulike partia var informativt og utan peik mot konkurrentane. Det er slik det bør vere i eit sivilisert land etter det vi alle kjenner på etter 22. juli-terroren i Oslo og på Utøya.
Men som fleire av politikarane på valkampopninga i Førde sa til Firda, vil nok tonen bli skjerpa også her i fylket etter kvart som vi nærmar oss valdagen 12. september. Det betyr ikkje at tonen blir umusikalsk og uverdig. For på same måten som at ingen er tent med ein servil og ynkjeleg valkamp, er vi heller ikkje tent med ein valkamp der politikarane går i strupen på kvarandre og snakkar meir om konkurrentane sin elendige poltitikk enn om sine eigne, fortreffelege saker.
For sjølv om nesten alle parti vil ha fleire folk i fylket, fleire og betre vegar, meir næringsutvikling osv, er det medisinen som skal til for å nå måla som gjerne utgjer skilnaden partia imellom. Det er denne skilnaden som skal komme fram i valkampen, og då kan det nok også hende at sjølv dei som seier at dei allereie har bestemt seg kan komme til å endre standpunkt.
Trykt i Firda onsdag 17. august 2011
onsdag 17. august 2011 kl 09
i
Bra?
| |