Mest brukte soner

Nye i Sigurds krets

Alf V. S.
Arild N.

Sigurds bidrag

Kor mykje fortener politiet i løn?

Politiuniform

Politiets Fellesforbund har sett i verk aksjonar for høgare løn. Det blir varsla eit krav på 80 000 kroner i lønsauke i løpet av to år til ei gjennomsnittsinntekt på rundt 400 000 kroner. Fortener polititilsette ei slik løn, og er det ein forsvarleg auke i forhold til sjukepleiarar, lærarar, verftsarbeidarar, journalistar og andre grupper i samfunnet? Kva grupper fortener mest ved dette lønsoppgjeret?

Kva tykkjer du om Solhjell-dialekten?

Kunnskapsminister Bård Solhjell vitjar heimfylket Sogn og Fjordane denne veka. Han er ministeren som i følgje Erik Solheim “slår om seg med eit fordummande språk av knot”. Andre meiner knoting ikkje er noko negativt, men ei språkleg tilplassing til målføret der du bur. Kva tykkjer du om knotinga til naustedølen Solhjell: Er det ei naturleg utvikling eller medvitslaus bruk av språket?

Kven er ditt president-håp?

Den amerikanske valkampen pågår for fullt med nesten dødt løp mellom demokratane Barack Obama og Hillary Clinton. Norske media følgjer oppgjeret mellom dei to og republikanaren John McCain sitt løp mot Det kvite hus, vel vitande om at valet er viktig både for USA, Norge og resten av verda. Spørsmålet til vekas Firdating blir: Kven ville du ha røysta på av dei amerikanske presidentkandidatane?

Kvar er respekt og folkeskikk blitt av?

Dei siste månadene har ei rekkje politikarar i Sogn og Fjordane opplevd å bli trakasserte og sjikanerte via tekstmeldingar og anonyme telefonar. Butikkeigar Nenita Birkflet ved Asiatisk Mat i Førde blir utskjelt av kundar og kalla “hore”. Kva skjer? Har vi mista vanleg folkeskikk og respekten for andre menneske?

Skapar media vêrhysteri?

Eli og Terje Sandøy, storm

Dei siste åra har media begynte å bruke uttrykk som monsterregn, ekstremvêr, ekstremflod, gigantstorm og liknande ord om dei årlege haust- og vinterstormane.

Har naturkreftene blitt sterkare?

Eller skapar media hysteri rundt det som er normale svingingar i vêr og klima?

Sei di meining i Firdatinget nede på denne sida. Seks svar blir plukka ut til avisa laurdag 2. februar.

Minner om at du ikke må skrive meir enn 7-8 liner dersom du vil ha svaret ditt på trykk i avisa. Det er også eit krav at du står fram med fullt namn, og at profilbiletet ditt er av ein kvalitet som er eigna for trykk.

Sjå retningsliner i venstrekolonna.

Svarfrist torsdag 31. januar 2008 kl. 10.00

Annonse