Mest brukte soner

Nye i Sveins krets

Hallvard F.
Rajantha S.
Vidar G.
Gaute D. B.
Anita J.
Arild N.

Sveins bidrag

Årsmøte Jølster samfunnshus

Tirsdag 27. mars kl. 19.30, Jølster samfunnshus

Årsmøte med vanlege årsmøtesaker; årsmelding, rekneskap og val. Støttemedlemsskap og nye vedtekter blir også eit debattema. Vedtekter skal opp på ekstraordinært årsmøte hausten 2012. Så her er sjansen til å påverke utforminga der det handlar om overgang frå L/L til lov om samvirkeføretak.

Og slik såg var kveldsstemninga sett frå Skei måndag kveld. Til venstre ser vi Orkja, midt på biletet Klaua i Sandalen, t.h Bjørsetfjellet, alle som mørke og tyste tilskodarar til “dramaet” på Jølstravatnet bada i raudt kveldslys. Foto: Svein Heggheim

Påskekonsert med Olav Stedje

Torsdag 21. april 2011 kl. 16.00, Jølster samfunnshus Skei

Skjærtorsdag, 21. april, inntek Olav Stedje scena i Jølster samfunnshus på Skei.

Dermed er det duka for ei musikalsk oppleving av dei sjeldne, og oppfordringa går til alle: Nytt sjansen til å oppleve den kjende trubaduren frå Sogndal live – i samfunnshuset.

Men Stedje er langt frå aleine på scena i samfunnshuset denne ettermiddagen: Søstrene Christina og Johanna Knudson har i høgste grad markert seg på den lokal musikkhimmelen. Denne torsdagen stiller søstrene både som solistar og i duett.

Leikande musikalitet blir det også når Dag Håheim og Kjetil Andreas Nydal tek med kvar sin gitar og gir sine musikalske bidrag til jølstringane. Og vi har ikkje gløymt dansarane frå Skei danseverkstad som viser litt av det dei kan denne ettermiddagen.

Dermed bør alt liggje til rette for ein påskekonsert av dei sjeldne, som ein perfekt avslutning på skituren, eller som ei fin avrunding av ein god middag. Desserten frå de servert i samfunnshuset klokka 1600.

Og vi har ikkje gløymt at det til ein kvar god dessert høyrer kaffi og kaker. Denne gongen trekt, baka og servert av medlemmer frå Skei kvinne- og familielag. Arrangør er styret i Jølster samfunnshus.

Pressefoto: Helge Jørgensen, Fotomarked AS

Torsdag 17. mars 2011 kl. 20.00 til 22.00, Jølster samfunnshus, Skei

Vanlege årsmøtesaker: årsmelding, rekneskap, val. I tillegg orienteringssaker frå styret, mellom anna søknad om samfunnshusmidlar og planar for opprusting av samfunnshuset

Annonse