Mest brukte soner

Sogndals bidrag

ungdomshelg- Verdspremiere Footloose

Fredag 14. oktober 2011 kl. 19.00, Sogndal Kulturhus

Albert Åberg

Lørdag 10. september 2011 kl. 18.00 til 18.45, Storsalen - Sogndal Kulturhus

Små og store kan på ny – eller for aller første gong – få eit møte med ein heilt vanleg dag i Albert Åbergs innhaldsrike liv. Dokketeateroppsettinga om Albert Åberg er endeleg tilbake, og denne våren skal han ut på ein ny turné. For “Albert” går alder av mote, gjere han vel?

Kulturspiren

Lørdag 10. september 2011 kl. 11.30 til 14.00, Sogndal Kulturhus

Aktivitetstilbod for born frå 5-12 år.
Her kan du vere med på aktivitetar som spikking, broderi, maling, teikning, perling ++.

Pink Floyd tribute

Torsdag 7. april 2011 kl. 21.00, Storsalen - Sogndal Kulturhus

Anderson Councils Syndicate(ACS) er eit Pink Floyd tributeband med base i Bergen. Bandet oppsto hausten 2008 og består av i alt 10 musikarar og koristar.

ACS fremfører materiale frå utgivelsar som The Wall, Dark Side Of The Moon, WishYouWereHere, etc. Bandet er kontinuerlig på søken etter Floyd-sounden og brukar velkjende Pink Floyd elementar og effektar i sine show.

Etter fleire konsertar i Bergens-området, bl.a. i Bergen Fengsel (Behind the Wall), er bandet no klar for ein miniturnè på vestlandet (Sogndal, Bergen, Haugesund) med konseptnavnet “West Side Of The Moon Tour 2011”. Dette blir starten på eit innholdsrikt år for bandet, som er invitert til London i mars i forbindelse med ein Syd Barrett-festival. Heile 3 ganger sidan oppstarten i 2008 har bandet gjesta Cambridge, byen som fostret bl.a. Syd Barrett, David Gilmourog Roger Waters. Den genuine interessen for Pink Floyd-historien og musikken dei skapte har gjort at bandet har fått gode relasjonar til flere av menneska som vokste opp med og var involvert i Pink Floyd -medlemmane seint på 60-tallet.

ACS har som visjon å formidle Pink Floyd sine mesterverk til både “kjennarar”, og ikkje minst til den yngre generasjonen. Musikken er udødeleg og vil forhåpentligvis få fleire tilhengarar takka vere formidlarar som ACS.

For ytterligere info, se ACS sin hjemmeside: www.happy-gilmour.com

Bloom

Onsdag 6. april 2011 kl. 20.00, Storsalen - Sogndal Kulturhus

Energisk og drivande danseframsyning med fem unge dansarar – laget av koreografene fra Oslo Danse Ensemble og So You Think You Can Dance på TV Norge.

“Duoen Subjazz slutter aldri å imponere! Dei har vist ein spanande utvikling og har ein sterk vilje til å utforske nye områder, med basis i jazzdansens røtter og verkemidler. Dei har pushet og utfordra jazzdansen og inspirert mange i dansefeltet. Framsyninga Bloom er deira fyrste heilaftens framsyning. Eg anbefaler den til alle som liker jazzdans og moderne dans.” Merete Lingjærde – leiar av Oslo Danse Ensemble og sjefdommer for Dansefeber.

Danserne i Bloom er mellom 19 og 25, og dei har ulik bakgrunn fra forskjellige stilarter som klassisk, jazzdans, moderne, hiphop og street. Saman skaper dei eit scenisk uttrykk som både blir energisk og emosjonelt til musikk av Nina Simone, Trentemøller, Murcof, Paul Oakenfold og Casey Stratton. Nypremiere på Dansens Hus/ Oslo 17. mars. Turnépremiere i Sandnes 23. mars.

Annonse