Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo. Sæla - the movieTil Marie: håper du får sett den her ifrå Afrika :p Kom over den på nettet i dag. P.S. Husk lyd. • Fakkeltog i dag 25. juli kl 18.00 fra Førdehuset • fjordaglimt.no
Tjuedobling i tap av inngrepsfri naturFrå informasjonsheftet til Statnett: “Eit nytt traséalternativ på strekninga Moskog-Endestadvatnet vil vere 8-9 km lengre enn det konsesjonsgitte traséalternativet på den same strekninga, og vil føre til om lag ei tjuedobling i tap av inngrepsfri natur sett i høve til det konsesjonsgitte alternativet på strekninga” Eg lar det berre stå utan vidare kommentar. Jag monsteret ut av NaustedalenEg håpar inderleg at kommunestyret ikkje drite seg ut i ei sak nummer to denne månaden. Monsterlinja SKAL IKKJE gå nedover heile naustedalen! Det er hårreisande at dette alternativet i det heile kom oppatt på dagsorden. Nyttårsfeiring i LondonI romjula tok eg og Marie oss ein tur til London. Her er ein liten video frå fyrverkeriet på nyttårsfeiringa :) Lyden er relativt dårleg, men kan vere greit å ha den på :) Ei aldri so lita oppdatering...No er det alvorleg lenge sidan eg har skreve eller lagt ut noke her på sona mi… Men det har vore mykje å henge fingrane i, så det har ikkje vore mykje tid :p Sidan sist har eg avslutta studiane og vorte dataingeniør, flytta tilbake til Førde og dermed sagt bye-bye til Bergen, vore på ein aldri so liten ferietur her i landet (kjem nok nokre bilete seinare), begynt på ny jobb i Firda Media og flytta inn i leilegheit med Marie. Tida framover blir forhåpentlegvis rolegare, så kan hende eg tar meg tida til å vere innpå her litt oftare :) BacheloroppgåveNo for tida går det mest i å jobbe med Bacheloroppgåva ved Høgskolen i Bergen, så vert nok ikkje lagt ut så mykje bilete framøve mot sommaren. Det er spennande å vere komen så langt i utdanninga, og eg gler meg svært mykje til sommaren når eg er ferdig :) BergensvinterMåtte berre ta med nokre bilete tekne for eit par veker sidan her i Bergen. På det tidspunktet var det faktisk meir vinter her enn heime i Naustdal, så det var ganske spesielt! :p Eg syntes det var koseleg med litt vinterstemning her inne (noke vi har hatt i nesten heile vinter), men virka som det var mange som var ueinig med meg :p Eg må innrømme at eg vart litt lei av å høyre på bilar som berre stod og spann i gatene heile døgeret. Er det noke dei innfødte sliter litt med, så er det å løyse ein bil som har snø under dekka :p | |||||||||||