Isabelle r. B. R. sine bidrag

Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo.

Vår framtid, dykkar val?

Kjære politikarar ved hovudutvalet for opplæring!

Elevane på BUA (Vg2 ”Barne- og ungdomsarbeid”) ved Måløy vidaregåande skule har no lenge følgt med på saka som gjeld nedskjering av studietilbodet ”Påbygging til generell studiekompetanse”. No ynskjer vi å bli høyrt. Etter at vi har undersøkt nøye, legg vi fakta på bordet, om skuleplassar, søkjartal og lærlingplassar.

I dag er det sterkt fokus på at ein må få ned talet på ”drop out”- elevar i vidaregåande skule. Men korleis har de tenkt å hindre dette, når de legg ned klassar og det ikkje er nok lærlingplassar? I Sogn og Fjordane er det 15 elevar som søkjer lærlingplass som barne- og ungdomsarbeidar og 22 innan helsefag, men berre 8 av BUA og 17 av helsefagarbeidarane kan få lærlingplass. I denne situasjonen har fylket fjerna 60 elevplassar på Påbygg. Og med verken nok lærlingplassar eller skuleplassar kan ein risikere å stå utan nokon ting.

Når det ikkje er nok plassar, verken som lærling eller på skule, føler vi oss trakka på og lurte. Fylkeskommunen sender ut reklame som viser at ein ynskjer å få opp søkjartala til helsefag, og at elevane skal få den utdanninga dei ynskjer. I brosjyren ”Rom for alle, mål og strategi for vidaregåande skule i Sogn og Fjordane 2008 -2011” heiter det så fint at ein skal ”-leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane og lærlingane/lærekandidatane kan gjere medvitne verdival og val av utdanning og framtidig arbeid.-” Men dette verkar som tomme ord for oss.

Svært mange av oss har lagt opp til eit 3-årig løp på skulen, med to år på yrkesfag + eitt år på Påbygg, for å få den beste moglege kompetansen til å gå vidare i utdanninga vår. Men med det vedtaket de har gjort, hindrar de oss i å ta den utdanninga vi vil, og vi må eventuelt flytte ut av fylket. Sjølv om dei klassane som de har lagt ned, blir gjenoppretta, vil det framleis vere for få elevplassar til at alle kjem inn på 1.valet sitt, Påbygg. Difor treng vi fleire klassar!

Vi ber dykk vennligst om å ta omsyn til våre meiningar og sjå ting frå meir enn ei side av saka. Tenk dykk godt om før de tar ei avgjerd!

Vi vil ha fleire Påbygg klasser – vi vil ta våre eigne val!