Sigbjørn R. sine bidrag

Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo.

Slow food

Etter kvart har slow food blitt eit omgrep for mat laga frå botn av som har festa seg i det norske
språket, og det er ikkje lengjer berre ei artig frase, eller eit fenomen for hipstarar med sokalla ironisk
bart. Sjølv om slow food neppe kan seiast å ein gong ha ein brøkdel av omsettinga av storebroren
fast food, set dei små lokale nisjeprodusentane av mat likevel synlege spor etter seg.

I Sogn og Fjordane heng me med på trenden. Ikkje berre er produsentar som Undredal Stølsysteri
i Aurland og Alm Gard i Feios med på å opna ganane våre, dei byggjer òg opp ein verdifull lokal
identitet og stoltheit. Det å kunne eta og by på lokale produkt er i seg sjølv tilfredsstillande. Når
smaken i tillegg ligg fleire hakk over det masseproduserte, snakkar me om ein sikker vinnar.

På mange måtar kan nok den auka interessa for handtverksmat seiast å vera ein reaksjon på den
stadig aukande industrialiseringa av matproduksjonen, med påfølgjande prisjag og kvalitetsfall.
Den lokale industrikjempen Lerum kan vanskeleg kallast småskalaprodusent, men dei økonomiske
resultata etter omlegginga til auka fokus på kvalitetsvarer er likevel eit godt bilete på det heile.
Kanskje dette er starten på ein renessanse for handtverksmat og spesialbutikkar?

Eit døme på denne renessansen er òg kjendisstatusen til Morten Schakenda, som har gjort Lom kjend
for sin brødbakst. Sogn sitt svar på Lom finn me i Luster, der Lustrabui står i spissen for bakst baka
med kjærleik.

To av dei største mikrobryggeria i landet finn me òg innanfor fylkesgrensene. I Balestrand kan dei
lokka med frukt i flytande form, både med og utan prosentar, og til julematen kan me velja mellom
akevitt frå både Balestrand og Flåm. Kven skulle trudd det for nokon år sidan?

Ein ting er utvalet, noko anna er likevel tilgjenge og om folk faktisk kjøper varene. Mitt inntrykk
er, som eg allereie har røpa over, at dette er noko folket vil ha. Problemet er heller at det ikkje er
mogleg å oppdriva, og er fyrst varene i butikkane, er dei gøymde vekk. Ta til dømes dei helgene
det er Bondens marked i Bergen. Det er stundom så fullt av folk at det er håplaust å trengja inn
i folkemassen. Dette er bra, og bør vera ei oppmuntring, og ikkje minst eig godt argument, for
lokale kjøpmenn til å pressa butikkjeda til å opna for å ta inn lokal mat. Utan forhandlarar står
produsentane på bar bakke. Her må butikkane ta samfunnsansvar og vera ein salsarena for lokale
produsentar, samstundes som at dei må ta kundane sine interesser på alvor. Kva med ein krok for
lokal mat?

Med idealismen og naturlege reine føresettingar synast Sogn og Fjordane å byggja seg opp som ein
metropol innan produksjon av nisjeprodukt. Dette må me vidareutvikla, for her er det potensiale!
Me har allereie ei rekkje produsentar som må støttast opp på vegen framover. Vidare må merkevara
mat og drikke frå Sogn og Fjordane byggjast opp som eit kvalitetsstempel som går på tvers av
produsentane i fylket.

Breivik og media

Terrorrettssaka er vel i gang, og mange er nok allereie rimeleg lei. Sjølv for ein person som
meg, som er over gjennomsnittet interessert i dei juridiske spørsmåla, blir det stundom nok.
Men det skuldast andre aktørar enn dei som tilhøyrer den rettslege handsaminga.

Før eg tek til med mi utblåsing mot media som dekkjer denne saka, vil eg starta med litt
velfortent ros. Gjennom sitt press for å få kringkasta forklaringar med meir, har media vore
med på å sikra meir openheit. På denne måten blir ei historisk viktig sak betre opplyst hjå
ålmenta, samstundes som at kontrollen med retten sitt arbeid truleg aldri har vore sterkare.

Når det er sagt, så er det meir enn nok å ta media på i denne saka. Som vanleg
kjem journalistar og redaktørar dragande med dei sedvanlege frasene om pressa sitt
samfunnsansvar, plikt til å dekkja viktige samfunnssaker og rolle som fjerde statsmakt. Dette
er kjend svada, for som me veit gjer og sender media det dei får mest sjåarar på utan å gå alt
for langt over streken. Grunnen til at det er så lange nyheitssendingar fleire gongar dagleg er
at det er av dei mest sette programma på tv.

Eit klart bilete på dette er når det er direkteoverføring frå porten på Ila, der eit team ventar på
at fangetransporten skal koma. Det har eine og åleine underhaldande verdi. Når det er sagt, så
treng det ikkje vera noko gale i underhaldning, problemet er berre at alt skal kamuflerast og
aktverdiggjerast som nyhende. NRK Sogn og Fjordane si vinkling av PFU-saka er eit døme på
ei anna form for kamuflering, og ikkje minst desken sin høge hest.

Hadde media teke sitt sjølvuttala samfunnsansvar på alvor skulle det blitt drege i gang ein
debatt rundt juryordninga sin posisjon i norsk rett generelt, og utveljinga av lekfolk spesielt,
etter at Thomas Indrebø blei sett på sidelinja etter dag ein. I staden blei han brukt som ein
nyttig idiot for media der han skein i blitsen og følte seg som ei rockestjerne. Det heile blei
toppa av at det mest kritiske spørsmålet var om det var flautt å bli avsett.

Det kanskje største paradokset i dekkinga av denne saka er likevel mangelen på nøytralitet.
Det er ei kjend sak at mange journalistar skyr det å direkte flagga eigne meiningar, interesser
og engasjement som pesten. Dette er ganske så ironisk ettersom det er tilsvarande flagging av
andre sine meiningar dei lever av, får så vera. Men nøytralitet er for mange berre eit ytre skal
og ei innøvd standardfrase.

For nokre år sidan var eg i denne spalta inne på korleis dette skjer gjennom å flagga
personlege meiningar som avisa si meining. I denne saka har journalistane vore meir rett på
sak. Sjå til dømes NRK og andre mediekanalar som konsekvent omtala Breivik si forklaring
som ein ”tale”. I skrivande stund har eg har ikkje høyrd andre vitneprov og forklaringar bli
omtala på same måte – og bra er det. Tilsvarande var det tale om Breivik si ”sokalla orsaking”
til nokon av offera. Denne forma for lada språkbruk høyrer ikkje heime nokon plass i ei
dekking av ei straffesak, uansett kor klart skuldspørsmålet måtte vera.

Dei to døma over er på ingen måte dei einaste. At P4 ikkje vektar sine ord betre er ille
nok. Men når til og med NRK, som sin eksistens byggjer på at me skal ha ein kanal som
er kvalitetssikra og ikkje-kommersiell, er på same nivå er det utvilsamt på tide med intern
oppvask. For er det noko som er viktig i ei sak som denne, så er det å få ei grundig, skikkeleg
og nøytral handsaming og dekking. Viss ikkje vil det ikkje ta lang tid før konspiratorane
kokar saman noko som kan så tvil rundt dommen.

Ekstremistateistane

Sidan 2001 har me knapt kunne sett ei nyheitssending eller opna ei avis utan å høyra eller sjå
frasa ”ekstremistiske islamistar”. På same måte har me blitt kjend med ekstremistiske kristne
av fleire slag i mellom anna Nord-Irland. Med Breivik si tilknyting til Frimurarlosjen, er det i
grunn merkeleg at han ikkje har blitt knytt sterkare opp mot ekstremistisk kristendom.

Ei gruppe med ekstreme haldningar som ikkje får like mykje merksemd, er det eg vel å kalla
ekstremistateistane. Det kan nok seiast å vera med god grunn at me ikkje høyrer så mykje om
dei på same måte som andre ekstremistar, i og med me ikkje har sett terror og folkemord frå
denne gruppa på ei stund. Her har dei religiøse ekstremistane markert seg sterkare.

Likevel har dei markert seg med ei rekkje forslag og medieutspel dei seinare åra, og sjølv
om det ikkje er tale om utøva vald er vertfall tankane bak dei ekstreme nok og på nivå med
ein del konservative miljø. Ta til dømes dei som i studentavisa Studvest tok til orde for at
Universitetet i Bergen skulle gå vekk frå å nytta bedehus som eksamenslokale. Dette blei
mellom anna grunngjeve med at ”forsamlingene det gjelder tjener penger på leieforholdet”,
og at universitetet slik støtta opp om det religiøse arbeidet. Det er liten tvil om at koplinga var
søkt. Særleg med tanke på at talet alternative lokale nok er få, då gymsalar flest er laga for
fysisk aktivitet, ikkje stillesitting, ro og full konsentrasjon.

Det kanskje mest usmakelege døme eg kjem på i farta, står ungdomsorganisasjonen til
Humanetisk forbund bak – Humanistisk ungdom (HU). For meg handlar humanisme om
respekt for kvart einskild menneske sine val og verdiar. Respekten for menneska sine
religiøse val står likevel ikkje særleg sterkt.

Det som verkar til å vera høgtid for HU, om enn på ein litt annan måte enn for folk flest, er
jula. Det å dela ut sovemaske og øyreproppar i samband med skulegudstenester handlar ikkje
om humanisme, men totalt fråver av respekt for andre sitt livssyn. Det same må òg kunne
seiast om HU sine jakkemerke som seier noko slikt som ’ikkje preik på min skule, så skal
ikkje eg tenkje i di kyrkje’. Den intoleransen som HU i mange samanhengar representerar,
håpar eg verkeleg ikkje moderorganisasjonen er særleg stolt over.

For det kan stundom vera greitt å minna seg sjølv på at ein ikkje har taleplikt, sjølv om ein har
talefridom.

Er det éin ting ein verkeleg bør og må ha fått med seg dei frå historiebøker, skule,
nyheitsbilete med meir, så er det at respekt, kunnskap og forståing for andre livssyn er
nøkkelen til fredeleg sameksistens. Dette er det same utgangspunktet som for integrering. Me
som ikkje har flytta inn i ein ny kultur må òg integrera oss inn i andre sine kulturar. Ei viktig
brikke i dette puslespelet er kunnskap om ulike religionar og livssyn.

Ein som verkar til å vera usamd med meg i dette, er Espen Andersen. I januar tok han i
Aftenposten til orde i for at religionsfaget skulle fjernast i skulen. Det er klart at det er grense
for kva ein kan forventa når forfattaren titulerar seg fyrsteamanuensis, utan å presisera at det
det er på institutt for strategi og logistikk ved BI. Når han i tillegg til å vera tittelryttar innleiar
med å samanlikna religiøse skrifter med Harry Potter, så er lista satt, og baktankane klarlagde.

Men ser ein vekk frå dette, så kan tanken om å fjerna religionsfaget i beste fall kallast
historielaust når me kjenner til kva manglande kunnskap, forståing og aksept for (andre sine)

religionar har ført til, seinast sist sommar. Men min mistanke er som tidlegare antyda at
dette forslaget grunnar ut i ei forakt for religion, meir enn å vera eit konstruktivt innspel til
det faglege innhaldet i skulen. Kva er då skilnaden sett opp mot forakten me kan sjå mellom
religiøse grupperingar som me gjerne kallar ekstremistar?

Godt språk

Norsk språk har dei seinare åra blitt gjenstand for mykje merksemd, noko som ikkje berre
skuldast frimodige direktoratsforslag. Eg vil våge å påstå at me no kanskje er meir merksame
og medvitne på språk og dialektar enn nokon gong før. SMS-språket er i stor grad dialekt, og
når det blir flørta med tanken om å kutta sidemålsstilen får Mållaget 1.200 nye medlemmar.

Når det er sagt er det framleis mykje som er ”chill” hjå dei mest ”keege” av ”crowden”. Men
i Sogn merkar me ikkje så mykje til akkurat det. Skulle det likevel snika seg inn noko slik,
er det eit sunnheitsteikn å sjå at folk er raske med å latterleggjera dei som tykkjer det hadde
vore ”chill” med noko ”digg”.

Men trass i auka språkleg medvit, språkspalter i kvar avis og framveksten av språkkjendisar
som Sylfest Lomheim og Arne Torp, er det framleis mykje å setja fingeren på.

For du treng ikkje leita spesielt grundig før du finn graverande språkfeil rundt om i det
offentlege rom. Eg treng vel knapt nemna skiltet ”kjøyr ned” som i si tid blei Fjord1 sitt
kjennemerke, eller kva med den offentlege kampanjen ”Vær røyk fri”?

Hjå den vanlege mannen i gata har eg inntrykk av at ord som ”ovanfor” og ”overfor”, ”at”
og ”att” samt ”eit” og ”eitt” går i fri dressur. Siste skotet på stammen som eg har sett er
blandinga av ”uttrykk” og ”utrykk”. Ikkje så rart kanskje, når eg sist veke såg ein kar som
gjekk rundt med ein sekk frå ”Utdannings forbundet”.

Når eg ser slikt kjenner eg at tanken om eit organisert språkpoliti er freistande. Det har over
lengre tid blitt brukt gulrot i form av prisar for godt språk. Kanskje det er på tide at dei same
organisasjonane òg tek fram pisken? Det er vertfall nok å ta tak i, og truleg er den språklege
gapestokken og det å bli gjort merksam på den kommersielle effekten knytt til godt og riktig
språk det einaste som fungerar for mange bedrifter.

For reint marknadsføringsmessig kunne det nok vore ein idé for mange bedrifter å opna
opp auga for språk. Særleg me nynorskbrukarar er ikkje vanskelegare enn at me lyser opp
når me ser reklame på nynorsk, og sjølv har eg vurdert å gå over til å drikka skummamjølk
etter at den kom på nynorsk. Samstundes skal du ikkje sjå vekk frå at målfolket (om
mogleg) blir å sjå endå oftare i mellom hyllene på polet etter at skiltinga skal bli nynorsk
i nynorskkommunane. Hadde portvinen på nynorskpola i tillegg blitt til grindvin, hadde
suksessen vore komplett. Det ligg pengar i godt språk, og ikkje minst det å treffa målgruppa.

Eitt av dei kanskje mest komiske utslaga av ein manglande norskspråkleg identitet, er likevel
bruken av titlar i næringslivet. Eg merkar eg har store problem med å ta ein norsk arbeidstakar
som presenterar seg som ”minor customer manager”, ”key account manager”, ”credit
manager” og ”business unit director” seriøst. Ikkje berre knyt det seg i ryggraden når eg
høyrer slikt, spørsmålet om kva denne tittelen skal skjula er òg nærliggjande. Men skal me tru
myten, så fungerar dei pompøse titlane til å trekkja til seg arbeidstakarar. Det var visst fyrst
når den danske bedrifta lyste ut stillinga som heisførar under tittelen ”lift steward” det kom
søkjarar.

Blei det endå meir av det gode?

Sist helg var det eit halvt år sidan den mest dramatiske hendinga på norsk jord i moderne tid.
Samstundes var det òg eit halvt år sidan Jens Stoltenberg samla riket under slagordet endå
meir openheit, endå meir demokrati og endå meir humanitet. Eg hugsar sjølv eg gjorde han
sine ord om til mine når eg fekk kondolansar frå utlandet. Over heile verda blei Stoltenberg
sitt svar på det uverkelege lovprisa som det ultimate svaret på den grufulle hendinga.

Men kva er eigentleg status for vårt svar på terroren? Har det eigentleg blitt endå meir
demokrati, openheit og humanitet?

Slik eg ser det er det næraste me kjem meir openheit, viss me ser vekk frå Janne Kristiansen si
etterretningslekkasje, at avhøyra, rapportane og lydloggane frå 22/7 flyt rundt i media. Dette
kunne ha vore eit bilete på norsk glasnost, men i staden har det blitt bilete på kor vill vest
det blir i unntakstider. Media konkurrerar mot kvarandre om å ha dei heftigaste lekkasjane,
og bistandsadvokatar med ein kjendisadvokat i magen kjempar om å komma på framsidene.
Liten tvil om at desse to gruppene hjelper kvarandre fram til kvar sine mål, og at samarbeid
har vore nøkkelen til felles suksess.

Meir openheit og demokrati luktar det heller ikkje av flørtinga med tanken om å
forby anonyme nettfora. Kor gjennomførleg det er, utan å måtte ta i bruk kinesisk
kommunikasjonsteknologi, kan òg diskuterast. Det same kan seiast om dei som tok til orde
for å avgrensa bruken av Behring Breivik-bilete i media, samt andre tilfelle der den frie pressa
har blitt motarbeidd. Eller kva med forsvarsadvokatane som til tider har blitt nekta innsyn og
påstandane om at ein ministar skal ha freista å utøva press mot ein forsvarsadvokat? I tillegg
alt dette har ein sjølvsagt den famøse uttalen frå Per Sandberg om at han ”ikkje kan godta
rapporten slik den er nå”. Skilje mellomstatsmaktene har aldri vore mindre enn dei sekunda
det tok å seia akkurat det.

Ein har heile vegen sagt at den sikta skal bli handsama som alle andre. Samstundes har me
høyrt tidlegare justisministar Storberget ta til orde for å endra reglane for forvaring til òg å
omfatta det tilfellet der lauslating vil vera allment støytande. Dette meinte han ville kunne
nyttast overfor den sikta. Men kva med Grunnlova sitt vern mot lover med tilbakeverkande
kraft? Ei endring i dei prosessuelle reglane for straffgjennomføring som i praksis vil føra til
forlenga straff kan ikkje sjåast annleis på enn ei endring i det materielle straffebodet. Ein slik
tankegang som Storberget gav uttrykk for smakar ikkje av meir demokrati, og vertfall ikkje
rettsstat.

Noko av det mest fasinerande er likevel hemmeleghaldet av utfallet i dei byggtekniske
rapportane som gjeld tilstanden til bygningsmassen i regjeringskvartalet. Hemmeleghald
av detaljane kan nok ha ei sikkerheitsmessig forklaring, men utfallet har berre politisk
interesse. For dei aller fleste er det ikkje noko stor sak å få innsyn i, og for min del kan det
vera det same om ein restaurerar eller byggjer nytt. Men når sjølv utfallet av dei byggtekniske
rapportar blir haldne unna offentlegheita, kan ein knapt få noko betre bilete på at dei tre
lovnadane frå 22/7 ikkje har lukkast særleg godt.

Kommentatordiktaturet

Eit kvart mediehus med respekt for seg sjølv, har minst éin synsar som i kommentarfelt får
fritt leide til å uttala seg om laust og fast. For Sogn Avis sin del er mellom anna denne spalta
uttrykk for denne trenden. Saman med auka bruk av desse kommentatorane har dette, utan
samanlikning med underteikna, ført til ein ny type allvetande kjendisar. Av desse er den mest
framtredande av dei alle twitterdronninga Elin Ørjasæter, med Dagnytt 18-gjengangaren
Marie Simonsen som ei god nummer to.

Desse kommentatorane synsar om det meste og dei fleste, òg det dei ikkje har grunnlag
for å seia noko om. Det viktigaste er å ha gjort seg opp streke meiningar slik at ein kan bli
invitert til nok ein debatt slik at ein kan få levd ut kommentatordraumen til det fulle. Dette
medførar klyppekort hjå i Dagsnytt 18, TV-sendte folkemøte og nyhendesendingar. Dei seier
det folk vil høyra, men som redaksjonane ikkje har grunnlag for å seia sjølve, typisk kva Jens
Stoltenberg tenkte når han gjorde det eine og det andre.

Kombinert med redaksjonar på sparebluss har dette ført til at det forenkla og fordummande
har blitt eit gjennomgangstema i norsk media, då det er billegare og meir fengjande å henta
inn synsarar som kan fortelja om gull, enn å bruka tid og pengar på å grava seg fram til
gråstein.

Inntrykket mitt er likevel at dette kommentariatdiktaturet òg har smitta over på det
redaksjonelle. Grove forenklingar er eit gjennomganstema og eit tydeleg symptom. Og skilje
mellom kva som er populistisk synsing om korleis ting skal vera, og kva som er basert på
kunnskap er diverre ikkje alltid like klar. Mi erfaring er at mange ukritisk trur på alt…

Ta til dømes alle oppslaga om Oljefondet sine tap. Det står aldri noko om at aksjar og
verdipapir har blitt realisert, men tap er det visst nok. På denne måten blir eit sinne skapa,
og alle snakkar om den aktuelle artikkelen, medan det i røynda ikkje er noko å hissa seg opp
over. Men mediehuset er nøgd, dei har fått publisitet. Om det er fagleg riktig er ikkje så nøye,
så lengje det fengjer og inntektene strøymer inn.

Men det er ikkje berre bladfykane som spekulerar. Ta tid dømes Per Sandberg som
leika rettspsykiater og ikkje ville godta Bering Breivik-rapporten. Samstundes hang
kommentatorveldet seg på og sa dei var overraska, og at dei ikkje hadde sett ein slik
konklusjon komma. Men på kva grunnlag?

Det er freistande å seia at viss du ikkje har peiling, kan du like godt halda kjeft. Så bastant er
det likevel ikkje naudsynt å vera, for det er tilstrekkeleg å undersøkja med nokon som faktisk
har grunnlag for å uttala seg.

Ofte blir likevel òg det for vanskeleg. Då er det langt mellom festtalane om media si rolle som
vaktbikkje og folkeopplysar, og den verkelege verda. Behovet for ei femte statsmakt som kan
passa på media kan slik seiast å vera stor, for den populistiske og synsande journalistikken
festar grepet.

Ta til dømes Dagbladet sitt oppslag tidlegare i haust (når skattelistene blei offentleggjorde)
om at Breivik tente meir i fengselet enn på frifot. Oppslaget drog nok til seg ein del ekstra
tusen lesarar, og lite fekk dei vita om frådrag som ikkje er synlege på skattelistene og
terroristen sin reelle pengeflaum dei siste åra.

Dette har gjort at det gamle jungelordet om at du ikkje skal tru på alt som står på trykk om
mogleg har blitt endå meir sant.

Utdanning på moten

Tidlegare har eg teke for meg dei som droppar ut av vidaregåande skulegong. Men diverre er
det ikkje berre på dette trinnet tala syner stort fråfall. På høgskular og universitet er det om lag
40% som ikkje fullførar eit påbyrja studielaup. Ikkje berre er det kjedeleg for dei som ikkje
sit att med anna enn eit studielån, det er òg ei enorm sløsing av ressursar. På den eine sida
går bedriftene glipp av arbeidskraft, og staten glipp av skatteinntekter. På den andre sida går
det med pengar til undervisning som ikkje kastar av seg, noko som i andre rekkje går utover
ressursane som går til dei som faktisk fullførar løpet. Når ein ser kor lita grad det er av tett
oppfølging på ein del studium, er det ikkje rart dette er ei kjelde til frustrasjon.

Slik eg ser det kan det store fråfallet forklarast med tre hovudgrunnar. Den fyrste er at det er
ei forventing i samfunnet om at ein skal ta høgare utdanning.

Mitt inntrykk er at det ikkje er naturleg å skulle gå ut i arbeidslivet som 18-åring. For meg
var det aldri aktuelt å ta meg arbeid rett etter vidaregåande, men seier nokon at dei har gjort
nettopp det, kjem gjerne oppfølgingsspørsmålet om ein har teke eit friår kjapt. Ein skal liksom
ikkje vera arbeidstakar som ung vaksen. Dette gjer nok at mange utan akademisk anlegg og
interesse forgjeves set kursen mot skulebenken.

Vidare er det nok òg mange som følar at dei må oppleva det romantisert og sagnomsuste
studentlivet, noko som gjerne er viktigare enn det å faktisk studera noko. Dette ynskje om å
berre vera student materialiserar seg gjerne i årsstudium i noko ”moro” før ein tek til med det
ein faktisk kan bli noko av. Spørsmålet er berre kor lengje staten skal stå for finansieringa av
slike tilnærma friår.

Dette leiar meg over på grunn nummer to, som slik eg ser det er hovudgrunnen til fråfallet:
Det er for mange diffuse studium som studenten fyrst undervegs forstår ikkje førar nokon veg.

I og med at det no er så mange som tradisjonelt ikkje ville teke høgare utdanning, som i dag
likevel gjer det, har det oppstått eit behov for fleire studieretningar for å metta etterspurnaden.
Mange av dei nye studieretningane har mykje for seg, men andre vil eg gå så langt som å seia
berre er vas. Sist i rekka av denne kategorien høyrde eg om på radioen for ei lita stund sidan
- Universitetet i Tromsø vil hausten 2012 truleg tilby master i trolldomsprosessane i Nord-
Noreg.

Min påstand er at ein ikkje nødvendigvis alltid treng å gjera alle folk sine interesser og
hobbyar om til universitetsstudium. For eg forstår godt at den som er interessert i USA og
starta på det treårige USA-studie på UiB, og som etter nokre år tenkjer ”kva blir eg eigentleg
no?” finn seg noko anna å gjera. Tilsvarande med til dømes kjønnsstudiar på same universitet.
Hadde det vore meg hadde eg nok følt meg litt lurt der eg sat med hotline til lånekassa og ein
særs avgrensa arbeidsmarknad, trass lovord frå universitetet.

Det er klart at me treng spissa kunnskap om både USA og kjønn, men eg er meir i tvil om det
er riktig å kvart år ta inn mange studentar på smale studium, i staden for at ein heller byrjar
breitt og spesialiserar seg undervegs.

Den siste grunnen til det store fråfallet, er at det blir teke inn alt for mange studentar på smale
og /eller unyttige studium, slik som årsstudium i psykologi, fleirårige studie som kunst- og
teatervitskap, filosofi, diverse områdestudiar med meir. Særleg årsstudium i psykologi har for

mange blitt eit motestudium som fungerar som ei tenkjeboks for dei som ikkje veit kva dei
skal studera. For andre studium vil eg påstå at grensa mellom folkehøgskule og høgskule er
minimal.

Me må berre innsjå at det er grenser for kor mange skodespelarar me faktisk treng, og endå
tydlegare er det med teaterteoretikarar. Vidare kan ein spørja seg om me verkeleg treng gjera
vitskap av alt, og om det er undervisningssektoren som skal ta seg av dei som ikkje endå vil ut
i arbeid.

”Politiet kom omsider også til staden”

For to veker sidan skjedde det altså igjen. Ei bilulukke med hardt skadde personar er alltid ei
tragedie, og det blir om mogleg endå verre når dei involverte berre er i starten av 20-åra.

Men i tillegg til den menneskelege tragedien, var denne ulukka òg eit skremmande bilete på
skilnadane mellom kva rettar ein har i by vs. bygd.

Kvelden før ulukka såg eg statsbudsjettdebatten på NRK1. Som medieutnemnd vinnar av
statsbudsjettet var sjølvsagt Arne Johannesen til staden, men han gav som vanleg uttrykk for
at han ikkje var nøgd. For sjølv om politiet hadde fått ei stor auke i sine bevillingar, peikte
han på at dette i all hovudsak kom det sentrale austlandsområdet til glede. For oss andre vil
framleis det å oppnå målet om to politimenn pr. 1000 innbyggjar måtte framstå som ein våt
draum.

Dette er på ingen måte rettferdig, og det som var så synd var at Johannesen ikkje fekk høve
til å seia noko om konsekvensane dette førar med seg. Diverre skulle det koma eit døme frå
verkelegheit i vårt eige distrikt berre eit døgn etter.

Sjølv fekk ikkje sova etter å ha høyrt om ulukka. Eg var regelrett forbanna på vegne av både
dei skadde, pårørande, hjelpemannskap og bygdefolk generelt. For til den tragiske ulukka ved
Tinghuset kom det frivillige hjelparar, og etterkvart ambulanse frå Sogndal, og helikopter frå
Førde og Florø. Det frivillige brannvernet hadde òg fått samla eigne troppar og var på plass.
Men kva skjedde med politiet?

I nettartikkelen på sognavis.no kom Terje Eggum med ein karakteristikk som både var
sylskarp, treffande, og som burde gje dei fleste noko å tenkja på: Politiet kom omsider også
til staden, vel ein time etter at ulukka hadde inntruffe. I denne setninga ligg det mykje mellom
linjene, og som eg var inne på i eit innhogg i mars trer dette berre inn i rekkja av tilfeller der
politiet kjem seint.

Når det er sagt har eg full forståing for at det ikkje kan vera personell på vakt i kvar ei bygd
døgnet rundt. Eg har difor ikkje noko problem med å innfinna meg med ei heil eller delvis
sentralisering. Men då må me òg få noko attende! Det er òg klart at det er helsepersonell og
brannvernet som har den aller viktigaste funksjonen ved slike ulukker. Likevel har politiet ei
sentral rolle, om enn ikkje direkte livreddande.

Det er eit faktum at det heller ikkje er stasjonert ambulansebilar eller legevakt i Leikanger,
men det tok likevel ikkje ein time å få medisinsk hjelp. Og det er eit paradoks at sjølv om
me tykkjer det er tilfredsstillande med hjelp innan 25-30 minutt, noko som med god grunn
ville skapt ramaskrik i storparten av områda som no får styrka sin beredskap, så klarar politiet
heller ikkje innanfor dette tidsrommet å vera på plass når det skjer alvorlege ulukker.

Livet og tryggleiken til oss som bur på bygda er like mykje verdt som for alle andre. Det kan
ingen argumentera mot. Likevel skjer det gong på gong at me ser det motsette i praksis. Dette
gjer at me ikkje er jamstilte med dei i meir sentrale strøk, og det store spørsmålet er kva som
skjer den dagen det skjer noko som er meir alvorleg enn ulukker med berre éin bil, ordinære
slåsskampar og mindre alvorlege innbrot.

Eit jag etter høgare utdanning

Talet studentar har eksplodert dei seinare åra, noko som på mange måtar har vore ei
velsigning med tanke på kompetanseheving i ei rekkje yrke. Med fleire pedagogar i
barnehagane, og vernepleiarar og andre som arbeidar med psykisk utviklingshemma, er det
liten tvil om at kvaliteten på tenestene har gått opp.

Denne utdanningseksplosjonen har likevel òg ført med seg ein viss galskap. For sjølv om
samfunnet forandrar seg, er det framleis ikkje slik at ein er ukvalifisert utan høgare utdanning.
I praksis ser me likevel at det i mange stillingar er eit krav om utdanning som ikkje står i stil
med arbeidsoppgåvene. På den måten blir mange stengt ute frå arbeidslivet, eller pressa over i
ei utdanning som ikkje er naudsynt.

Eit godt døme på dette er det offentlege, der det i storparten av stillingane er ein uskriven
regel at ein må ha minimum tre år høgare utdanning for å få ei fast stilling. Dette sjølv om
det ikkje alltid er noko rasjonell grunngjeving for nettopp dette kravet som har kome parallelt
med at ”alle” skal ta høgare utdanning.

Det som er interessant er å sjå denne utviklinga opp mot det aukande talet ungdommar som
droppar ut av vidaregåande utdanning. Mange av desse blir sitjande att utanfor arbeidslivet, då
dei ikkje kan slå i bordet med diplomar av ulikt slag. Men dei kan likevel vera dugande!

Den grunngjevinga som oftast blir trekt fram når det skal forklarast kvifor yrkesskuleelevane
droppar ut, er at yrkesfaga har blitt for teoritunge. Spørsmålet er då kva som skjedde på vegen
frå ei tradisjonell yrkesutdanning og fram til dagens teoritynga utdanning.

Eg vil våga å påstå at grunnen til at yrkesfaga har blitt så teoritunge, er nettopp jaget etter
høgare utdanning. Dei som sit med slips ser behovet for teoretiske kunnskapar for å få
allmenn studiekompetanse. Tanken er difor å letta overgangen til allmenn påbygging, slik at
dei yrkesskuleelevane som ynskjer det kan gå vidare på høgare utdanning.

Viss min teori stemmer er det i og for seg fint tenkt av dei med slips, men kvifor kan det ikkje
vera godt nok å vera ein vanleg fagarbeidar? Det er ikkje slik at behovet for mekanikarar
forsvinn, berre fordi ein får fleire maskiningeniørar, og ein treng framleis den tradisjonelle
snekkaren, sjølv om det går an å bli byggingeniør.

Særleg tydeleg blir dette når ein ser korleis lærlingbedriftene reagerar. Mange gir uttrykk for
at dei som går ut i lære ikkje har gode nok basiskunnskapar. Teorien tek med andre ord for
mykje av tida som skal gå med til læring, og dette går utover det dei faktisk utdannar seg til.
Når ein ser dette burde det ligga i dagen at ein då heller må prioritera det store fleirtalet som
har lyst på fagbrev, og ikkje dei som vil gå vidare.

Ein må snart innsjå at storparten av dei som vel yrkesfagleg utdanning gjer det nettopp for å
sleppa teorifaga. Dei har gått gjennom ti år med teori i grunnskulen, og ynskjer noko praktisk.
Når ein då nyttar mykje av skuletida i eit klasserom der ein analyserar lyrikk, i staden for
å vera på verkstaden, er det ikkje så rart at ein let att skulesekken for godt før ein er ferdig.
Kanskje ein burde vurdert å gje skilta med ”Lær ditt yrke” ein renessanse for å gje dei som
lagar læreplanar ei påminning om kva som må vera det viktigaste i ei yrkesfagleg utdanning.

Smørbrødliste til valkampen

Etter stortingsvalet i 2009 nytta eg spalteplass på å oppsummera valkampen, og då særleg kor lite spanande den hadde vore. Eg må innrømma at eg ikkje har den heilt store trua på at det kjem til å bli så fantastisk framføre dette valet heller. All erfaring tilseier at lokalvalkamp ikkje fengjer like mykje som eit stortingsval, og Indre Sogn er vel generelt heller ikkje den delen av Noreg som brukar å bringa valkampen til nye høgder.

I år tenkjer eg likevel å vera meir konstruktiv enn i 2009, og eg ynskjer å gje partia ei smørbrødliste over det veljarar eigentleg er interessert i. Alle parti har det same generelle vissvasset med store ord og visjonar i programma sine. Det gir likevel lite for ein person som ikkje frå før veit kva parti han skal røysta på at partia ”ynskjer å leggja til rette for X”, ”auka satsing på” og ”byggja opp under trygge oppvekstvilkår”. Samstundes håpar eg denne smørbrødlista kan fungera som ei hugseliste for dei som får den lokaldemokratiske anden over seg, og tek turen til ein passiv valkampstand for å grilla dei lokale partipampane mellom all vaffelsteikinga.

1) Kommunesamanslåing er alltid ei heit potet i distriktsnoreg, og vår region er på ingen måte noko unntak. Dette såg me sist i vår då Jarle Aarvoll flørta med nabokommunane sine. Her må partia vera meir presis enn at ein er positiv eller negativ til ei konsekvensutgreiing. Vertfall der ein allereie har ei relativt ny utgreiing i skuffa frå før. Eit alternativ er å slå fast om spørsmålet uansett skal ut avrøysting. Veljarane vil ha valuta for pengane, eller politikk for røysa, om du vil.
2) Det temaet som har fått mest merksemd i den nasjonale valkampen så langt er kommunale avgifter og eigedomsskatt. Det er ingen grunn til at dette ikkje skal kunne vera eit tema òg utanfor dei store byane. Køyr debatt!
3) Fleire av kommunane i Indre Sogn har næringsområde og -lokale som står ledig, og alle ynskjer seg fleire arbeidsplassar. Kva konkret skal gjerast for at næringslivet skal bløma?
4) Med fleire arbeidsplassar, kjem òg eit behov for hus som arbeidstakarane kan busetja seg i. Korleis skal etterspurnaden etter tak over hovudet dekkjast, og kva med dei som fyrst ynskjer å leiga?
5) Når ein har fått fleire innbyggjarar, kjem det fort ungar. Det er framleis kommunar i Sogn der familiar slit med å få barnehageplass. Korleis vil ditt parti løysa dette problemet?
6) Folk blir eldre, og gamlingane blir fleire. Veljarane vil vita kva som skal gjerast for å sikra at motefrasa ’ein verdig alderdom’ blir ein realitet. Skal sjukeheimane byggjast ut, eller skal det satsast førebyggjande slik at fleire kan bu heime?
7) Alt kostar pengar. Lovar ein noko, må det kuttast ein annan plass, eller så må det hentast inn ekstraordinære inntekter (sjå her punkt nummer 2!). Ver konkret om det ubehaglege. Det er ingen som er så dum at ein trur at det ikkje må kuttast viss det skal brukast meir pengar på noko anna.
8) Lag eit framtidsscenario: Korleis vil kommunen endra seg dei fire neste åra med ditt parti i leiinga. Veit du ikkje svaret på dette spørsmålet, eller er svaret status quo, bør du vurdera å finna deg ein annan hobby.

Lukke til med valkampen!

Hjelp til å unngå luksusfella

For mange er definisjonen av eit mareritt å sitja i stresslessen som blei kjøpt på avbetaling medan ein høyrer det ringjer på døra. Ein røyser seg frå stolen, og går forbi flatskjermen som er eigd av Mastercard. Når døra blir opna står ein skalla, litt over snittet veltrent mann i dress med ei markert panne og rogalandsdialekt som spør kvifor ein brukar pengar ein ikkje har, og har lete vera å betala rekningane sine.

Luksusfellen på TV3, med Hallgeir Kvadsheim i spissen, har for mange blitt ein vekkar med tanke på måten ein ikkje skal disponera pengane sine, og ikkje minst dei pengane ein ikkje har. Dårlegare reklame enn nettopp dette programmet kan Cresco, yA bank, Mastercard, GE Money bank og andre leverandørar av forbrukslån neppe få.

Likevel førar forbrukslån dagleg til personlege og familiære økonomiske tragediar. Dei økonomiske problema blir for tunge å bera, og går ut over både arbeid, familie og livskvalitet. Samstundes er det ikkje noko som tilseier at dette kjem til å endra seg med det fyrste. Det er talet kredittmerknadar hjå den norske befolkninga, og det faktum at marknaden for forbrukslån har femdobla seg dei siste ti åra eit tydeleg teikn på. På same måte som andre tilbod i samfunnet som kan misbrukast, må det òg her gjerast ein innsats for å endra haldningar.

Eit bra utgangspunkt vil her vera skulen. Sjølv hugsar eg attende til terping av debet og kredit, ferdigmodellar og anna som knytte seg til bedriftsøkonomi. Personleg økonomi var derimot nærast fråverande i undervisninga, sjølv om det er liten tvil om kvar skoen trykkjer hardast. Slik eg har forstått det har dette på ingen måte endra seg, trass nye læreplanar.

Samstundes har det i fleire år vore undersøkingar knytt til folk si forståing av personleg økonomi, og resultatet er som regel nedslåande. Seinast for nokre veker sidan kom resultatet frå ei spørjegransking som synte at berre halvparten av ”unge” visst kva rente er. Eg stiller meg kritisk til dette talet, men poenget er uansett at urovekkjande mange ikkje veit kva det vil seia at lånet har ei effektiv rente pålydande 18% i året. Då er det kanskje ikkje så rart at ordet gjeldsoffer har blitt ein del av vårt daglege vokabular?

Den manglande kunnskapen om disponering av eigen økonomi er skremmande, og burde senda tydlege signal til dei som lagar læreplanar, læringsmål og anna som formar undervisninga. Konsekvensane av misleghald av lån må synleggjerast, det same må dei økonomiske kostnadane som knyter seg til forbrukslån, og ikkje minst kunsten å disponera månadlege utbetalingar slik at det strekk lengre enn berre den fyrste veka. Dette kan verka banalt, men behovet for spreiing av slik kunnskap er utvilsamt stort. Konsekvensane av mangel på slik kunnskap får utslag både personleg og samfunnsøkonomisk.

Sjå stort på det

For over hundre år sidan blei Bergensbana bygd. Med ein kostnad tilsvarande eit statsbudsjett
utgjorde det utvilsamt ei stor investering, sjølv om statsbudsjettet på den tida ikkje kan
samanliknast med dagens. Det blei likevel sett på som forsvarleg, då det innebar ein
revolusjon for transporten mellom aust og vest gjennom at reisetida blei markert kortare. Det
er likevel slåande at reisetida på same strekninga ikkje ein gong er i nærleiken av å ha blitt
revolusjonert tilsvarande dei siste hundre åra.

Og nettopp dette er eit godt bilete på det som vel må kunne kallast ei politisk
beslutningsvegring. Der politikarane i 1911 såg moglegheiter for å hengja med i utviklinga og
å gjera transport mellom aust og vest enklare og raskare, har me har på ingen måte sett noko
tilsvarande i nyare tid.

For når var det sist gigantutbyggingar i Noreg, om ein ser vekk frå i Nordsjøen? Bergensbana
var og er til stor nytte for mange, sjølv om det samanlikna med fly tek lang tid. Stikkordet
til stor nytt kan ikkje seiast om det som ofte blir trekt fram som den siste tida sine store
utbyggingar. Både operaen og holmenkollbakken er utvilsamt flotte bygg som har vore
med på å rusta opp ei skrantande oslofasade. Men om me ser på kor mange som faktisk har
nytte av dei to bygga må det vel kunne seiast at det ikkje er i same klassa som til dømes
Bergensbana. Det er jo slåande at spørsmålet alltid er ”har du vore på operaen?” og ikkje ”har
du vore i operaen?”.

Sjølv om eg saknar store og nyttige investertingar, har det likevel i Bergen blitt bygd trikk –
eller bybane som det heiter på fint. Ei enorm investering, men utbygginga er heller halvhjerta.
Bana har ikkje eigne bilfrie traséar, og det er alt for kort mellom kvart stopp. Dette gjer at dei
som endeleg har kome seg om bord etter å ha stått i lange køar til billettautomaten, opplev ei
bane som går sakte. I tillegg er toga stappfulle i rushen, og perrongane for korte til at det kan
køyrast med to togsett samstundes.

Forklaringa på denne hatløysinga er sjølvsagt økonomi, kompromiss og manglande evne til å
skjera gjennom. Og nettopp desse tre faktorane er truleg grunnen til at me heller aldri får eit
hurtigtognett i Noreg. Tog mellom dei største byane i landet i 300 km/t vil bli både dyrt og
revolusjonerande – nett som Bergensbana var i 1911. Som det einaste reelle alternativet til
fly, er det avgjerande å få på plass hurtigtog mellom dei største norske byane viss me skal nå
målet om mindre flytransport. Det vil òg kunne avlasta vegane for tungtransport.

Skulle det mot formodning bli noko utbygging, fryktar eg likevel at den blir prega av bygging
litt her og litt der, og slik ingen samanheng. Grunnen til dette er dei lokale høvdingane som
truleg vil krevja stopp i kvar ei bygd. Denne bybaneproblematikken vil gjer at det blir for
mange stopp, og at toget blir treigt. Det skal likevel godt gjerast å slå bybana med sine seks
stasjonar på dei fyrste to kilometerane frå sentrum i retning Nestun.

Ikkje rasisme...

Valkampen er uoffisielt i gong. Dette såg me når Stoltenberg ville kapra storbyrøyster gjennom å deportera småkriminelle asylsøkjarar i Oslo og Bergen til distrikta, for seinare å bortforklara dette som ei misforståing, trass i at pressemeldinga og talen var meir enn krystallklar. For kriminalitet, narkotika og utlendingar er bra valkampmateriale, det har Stoltenberg forstått, og aller best er det i kombinasjon, noko Per Sandberg har forstått. Eg blei slik ikkje overraska når eg kom over Sandberg sine ti punkt for korleis fengsla skal reformerast. For som nestleiaren i FrP seier: ”Det er ingen som blir skremt av norske fengsler”.

Det fyrste punktet er at satsen for dagpengar for norske fangar skal halverast. I dag varierar dagpengane i norske fengsel frå 57 til 72 kroner, og dette skal dekkja hygieneartiklar, tobakk, gåver til eventuelle born og liknande. Det er med andre ord ikkje spesielt lukrativt med tanke på prisnivået i Noreg.

Det andre punktet går på å kutta dagpengar heilt for utanlandske fangar, men som Sandberg understreka på Ukeslutt i mai: dette er ikkje rasisme…

Vidare blir det foreslått at fangar berre skal kunne studera på kveldstid. Eit mål med norsk kriminalomsorg er nettopp å gjera kriminelle klare for eit ikkje-kriminelt liv etter soning. Ein fange sitt initiativ til å ta utdanning må premierast, ikkje vanskeleggjerast.

Etter opninga av Halden Fengsel lagde Sandberg stor ståhei rundt at cellene hadde flatskjerm og flislagde bad. Om denne kritikken spør eg: Når såg du sist ”tjukkskjerm” i ein butikk, og kven er det som i dag lagar eit bad utan å flisleggja det? Når ein skal byggja noko nytt, kan ein ikkje bruka gamle og dårlegare byggeteknikkar og gamalt materiale. Dessutan er det fridomstapet som skal vera straffa, ikkje sjølve det å bu i fengselsfasilitetane.

Denne støyen har òg fått gjenklang i den sokalla fengselsreforma, der det blir stilt krav om at utanlandske fangar skal ha lågare fengselsstandard enn norske. Men som sagt, dette er ikkje rasisme…

Vidare blir det stilt krav om at utlendingar med innreiseforbod som gjer kriminelle handlingar, skal få dobbel straff. Her er det freistande å sitera George Orwell: alle dyr er like, men nokre er meir like enn andre. Lova skal med andre ord vera lik for (nesten) alle, men det er ikkje rasisme…

Det nest siste punktet på Sandberg si liste går ut på at det skal vurderast om namna på overgrepsdømde pedofile skal offentleggjerast. Gapestokken skal med andre ord vurderast gjeninnført. Men ville det ikkje vore betre for alle partar å heller dømma desse til eit behandlingsopplegg med livslang oppfølging? Ein blir ikkje mindre pedofil av å vera til spott og spe.

Som krona på verket blir lista avslutta med at alle sosiale ytingar til utlendingar i norske fengsel skal kuttast. Med andre ord må situasjonen vera akutt for at utanlandske fangar skal få legehjelp, tannlegehjelp, fysioterapi og likande. Og som sagt, dette er sjølvsagt ikkje rasisme…

Lenge leve jantelova

Det er politisk ukorrekt å seia det, men eg klarar ikkje å halda meg. Det er rett og slett på høg tid at nokon tek bladet frå munnen, og i og med det ikkje er andre som gjer det, må eg ta ansvar. Heilt sidan Aksel Sandemose i 1933 publiserte boka En flyktning krysser sitt spor, har grunntankane i jantelova blitt undertrykt. Rett nok var ikkje jantelova kodifisert før undertrykkinga for alvor tok til, men den må vel kunne seiast å byggja på både fast praksis og sedvane, då visstnok særleg utvikla i bygde-Noreg.

Til jul i åttandeklasse hugsar eg at alle elevane fekk utlevert anti-jantelova. Den finnast i fleire utgåver, alle med det til felles at dei skal vera ein parodi av den originale. Allereie her står me overfor fleire brot på den ekte jantelova, mellom anna §8 ”[d]u skal ikke le av oss”.

Og kva er vel meir irriterande enn alt skrytet ein blir lessa ned med dagleg? I praktboka Herifrå trekk Kathrine Sæle fram det ho kalla for tindeskrytig som noko som er særeige for, og særleg utbreidd i, Sogn og Fjordane. Dei seinare åra har særleg birkenpreik teke seg opp på skryteskalaen, i tillegg til det tradisjonelle meir eller mindre personlege og uinteressante snakket om eigne prestasjonar, verv og jobbtilbod. Nyrike personar figurerar i media for å visa fram den nye klokka si til 200.000 kr, og pappagutar kjøper den dyraste champagnen på byen berre for å tømma den i vasken. På den måten skal dei visa omverda kor mykje pengar dei har.

For slik sjølvskryt er det berre éin effektiv medisin – jantelova. Jo større plass personar tek, og jo meir dei utelukkande snakkar om seg og sitt og set seg sjølv i sentrum for alt, jo større er behovet for at dei har ein janteborgar rundt seg. Men når det kjem til denne typen sjølvsentrerte personar, som jo tideskrytarane med fleire jo er, må eg vedgå at til og med eg bryt med jantelova. Desse personane ler eg nemleg både høgt og brutalt av, stikk i strid med §8 sitt forbod mot å le av ”oss”.

Hovudgrunnen til det store behovet for oss, jantelova sine voktarar, er at Noreg har blitt eit sjølvoppteke ego-samfunn. Kva får dei som ”vaskar” champagne og snakkar uoppfordra om løn til å tru at eg er interessert i alt dette skrytet som særleg kjem gjennom bloggar, twitter, profilmeldingar på facebook og ikkje minst mengda av julebrev? Nei, aldri før har det vore viktigare å jekka folk ned med litt velplassert skepsis, heimla i jantelova sjølvsagt.

Det seier sitt om behovet for jantementalitet når skuleelevar kjem i helikopter til skuleballet for å heva seg over dei som ”berre” kjem i limousin. Då er det liten tvil om at ein treng nokon som slår i bordet med §4 – ”[d]u skal ikke innbille deg du er bedre enn oss”. Og med litt §7 – ”[d]u skal ikke tro du er mere enn oss” – tenkjer eg det snart blir orden på sakene.

Men utakk er som vanleg verdas løn, og som jantelova sin voktar får ein berre eit stempel som trangsynt, gamaldags og bygdedyr. Men stundom er ikkje livet som bygdedyr så aller verst.

Dei problematiske direktiva

Fyrstkommande måndag kunne blitt ein av dei viktigaste dagane på lengje når det kjem til spørsmålet om Noreg si tilknyting til EU. Det er då Stortinget skal ta stilling til det mykje omtala datalagringsdirektivet, men etter at Erna Solberg har vifta med partipisken sin, ser det ut til at det truleg ikkje blir noko veto. Rimeleg flautt både for dei som blir piska og dei som tidlegare har gjort narr av den mykje meir kjende pisken til AP.

Som kjend har det endå ikkje blitt lagt ned noko veto, eller reservasjon som det heiter på fint, mot direktiv frå den kanten. Skal det likevel mot formodning bli eit veto mot datalagringsdirektivet vil kunne vera det som får vetoballen til å rulla. Blir det ikkje noko veto, har løpet for eit historisk veto likevel ikkje gått. For tru meg, det er meir der det kjem frå. Det kommande året vil Stortinget måtte ta stilling til ei rekkje direktiv som vil kunne snu opp ned på grunnleggjande verdiar og rettar som me i dag har og ser på som sjølvsagte.

Eitt av desse er Postdirektivet, som er vil gje oss både eit dårlegare og dyrare postilbod i distrikta. Og skal me tru posten sine tillitsvalde må her alt anna enn det sentrale austlandsområdet rekast som distrikt, medrekna Bergen, Stavanger og Trondheim. Ein forventa konsekvens av direktivet er differensierte prisar alt etter kvar du sender brevet ditt frå og til, samt færre dagar med postomlevering.

Eit anna direktiv Stortinget skal ta stilling til er Bankinnskotsdirektivet. Slik der er i dag vil innskot i ein bank opp til to millionar kroner vera sikra ved ein konkurs. Ein bankkonkurs vil slik ikkje ha noko å bety for den jamne sparar. Med Bankinnskotsdirektivet set EU ei øvre garantigrense på 800.000 kr, med andre ord meir enn ei halvering av dagens garanti. Slik vil risikoen med sparing auka, vår tryggleik som bankkundar bli svekka.

Det tredje direktivet eg vil trekkja fram er Forbrukardirektivet. Dette har som mål å gjera lovgjevinga i EU og EØS likare, noko som i praksis vil bety eit svekka forbrukarvern i høve til kva me har i dag. Dette vil mellom anna føra til kortare reklamasjonsfristar ved feil eller manglar ved gjenstandar enn kva me har i dag.

Det direktivet som truleg vil skapa mest åtgaum er likevel Tv-direktivet. Når Noreg inngjekk EØS-avtala var det viktig å sikra at forbodet mot alkoholreklame framleis blei oppretthalde, og ein fekk difor unntak frå å jamstilla alkoholannonsørar med andre som ynskjer reklame. Med dette direktivet vil Noreg ikkje lengjer kunne hindra alkoholreklame på tv-kanalar som sender frå eit EU- eller EØS-land, men kringkastar til Noreg. På den måten vil me utan eit veto mot dette EU-direktivet kunne venta oss reklame for øl, vin og sprit på tv-kanalar som TV3 i framtida. Sjeldan har det vel passa betre å trekkja fram EU sitt overordna mål om fri flyt…

Det er på tide at politikarane tek skeia i eigne hender, difor må veto for vern av grunnleggjande verdiar komma snarast råd – helst på måndag.

Verkelegheita i Sogn

For nokre veker sidan kunne me lesa i Sogn Avis noko som på ingen måte er uvanleg her i
strøket. Nok ein gong kunne det slåast fast at ”Politiet kom fram for seint”.

Frå før har me høyrt om alt frå butikkinnbrot til bilulukker der politiet kjem etter både
bydefolk og journalistar. Denne gongen var det eit slagsmål mellom åtte, ni, ti personar midt
i Sogndal sentrum, politiet ikkje rakk fram til. Fortvila tilskodarar hadde ringt naudsentralen,
men til tilsynelatande inga nytte. Det heile enda med at privatpersonar, som naturleg nok
ikkje innehar korkje politiet si faglege kompetanse eller trening, måtte gå inn og skilja dei
stridande. Heldigvis klarte dei det utan sjølv å bli lemlesta. Når politiet til slutt kom til staden,
25 minutt etter, var det heile over utan deira hjelp.

Det må vera fortvilande å vera politi i Sogn når det ikkje ein gong på onsdagar kan vera
folk på anna enn tilkallingsvakt etter klokka har passert 01.00. For dei som ikkje trakkar
ned uteplassane i Sogndal kan det jo informerast om at onsdag er ein vanleg ”utedag”, og at
skjenkinga stoggar 01.00. Når kongen av baren er på veg heim og skal visa at han òg meistrar
kunsten å slåss har altså politiet lagt seg.

Men som sagt er ikkje det eineståande at politiet er på det som blir kalla for bakvakt. For meg
fekk denne historia meg til å tenkja på den gongen eg som russ arrangerte kick off for heile
fylket på Fosshaugane. Mykje kunne potensielt gå på tverke, og etter at Firda på si framside
omtala det heile som ein organisert fyllefest, var eg livredd for at noko skulle gå gale. Når eg
tidleg på laurdagskvelden såg personar som køyrde bil inne på det tett befolka og lett berusa
arrangementsområdet reagerte eg straks. Etter å ha forhøyrt meg med andre, ringde eg 112 for
å høyra om ikkje politiet snart kom for å vera synlege slik dei jo hadde lova. Svaret var då at
det ikkje var folk på vakt, og viss det ikkje sto om liv og helse kom det ikkje nokon før om ei
stund. Kva som var liv og helse var vanskeleg for meg å definera, og på spørsmål om når det
kom operativt personell på jobb fekk eg arrogant som svar at det hadde ikkje eg noko med.

Ein like tåpeleg kommentar blei òg tilskodarane til slåsskampen utsett for når dei utolmodig
ringde 112 for å purra på politiet. Då fekk dei som svar at politiet ikkje kom raskare at det
blei ringt ein gong til. Ei reell frykt for kva konsekvensen av politiet sitt fråvær kunne bli,
blei altså oppfatta som unødvendig mas av operatøren hjå politiet sin naudsentral. Kanskje
var det same person som var på jobb denne kvelden som då eg ringde? At det er uttrykk for
manglande evne til å setja seg inn i andre sin situasjon er vertfall sikkert.

At lensmann Jan Tore Thue ikkje kan gjera anna enn å slå fast at dette er verkelegheita i Indre
Sogn er i og for seg greitt nok – han har eit budsjett han må følgja. Spørsmålet er likevel om
dette er noko me kan og bør finna oss i. Me som bur i Sogn og andre utkantar har rett til å føla
seg like tygge som alle andre.

Men det kan me altså ikkje gjera i praksis. Slik det er no verkar politiet på vår kan av landet
til å vera avhengige av godt gamaldags borgarvern. Men neste gong er det ikkje sikkert at
det er karismatiske jenter på plass til å skilja kamphanane i Sogndalsfjøra. Neste gong får dei
seg gjerne ein på tryne sjølv. Dette er ikkje berre eit framtidsscenario. Dette er, til liks med at
politiet legg seg klokka 01.00 natt til torsdag, verkelegheita i Sogn! Kven blir den fyrste til å
fronta konsekvensane i saker der det ikkje har gått bra offentleg?

Partiet Sentrum – eit tankeeksperiment

Det politiske bilete i Noreg er i endring. Det beste provet på dette er at Høgre,
Framstegspartiet og Arbeidarpartiet åleine nesten utgjer det politiske Noreg. Attende står
Senterpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti og er til saman mindre
enn det minste av dei tre store. Sperregrensa har rett og slett blitt desse partia sin sparring-
partner.

Det verkar på meg som at grunnen til at desse fire partia tapar terreng i høve til dei tre store,
er folket sitt ynskje om klåre regjeringsalternativ. Det er jo nettopp difor Høgre og FrP har
gått fram som ein rakett det siste året, og truleg grunnen til at dei til saman ikkje fekk fleirtal
ved sist val. I tillegg er dei er store nok i seg sjølve til å få innverknad i ei regjering, og saman
med at utgjer eit klart regjeringsalternativ er det gull verdt.

Når me ser korleis småpartia blir skvisa når dei regjerar saman med ein storebror, er det klart
at dette er ein situasjon dei som ikkje røystar på storebror ikkje vil ha. Me skal nok heller
ikkje undervurdera veljaren sin evne til å kvi seg med å røysa på eit lite parti, då det set han
i bås som ein minoritet. Veljarane trekkjer av desse grunnane naturleg til dei store blokkene
– AP, H og FrP. Framveksten av dei tre store kan vera starten på sentrum sin død i norsk
politikk.

Det er difor interessant å sjå kor stor likskap det er mellom dei tre sentrumspartia her i landet
– KrF, V og SP. Dei er alle små, og har blitt offer for dei store partia si skvising når dei
har vore/er i regjering. Sjølv om dei alle har sine politiske spesialitetar og finurlegheiter,
er skilnaden dei i mellom likevel ikkje særleg stor. Dei har alle eit individfokus, og er
pragmatiske. Særleg AP si tredeling i ein radikal, moderat og konservativ fløy er provet på
at det går an å bli ei stor blokk sjølv om ein har ulike interesser internt. Og skilnaden mellom
desse tre partia er ikkje særleg mykje større enn kva som eksisterar i AP. Alt ligg med andre
ord til rette for stiftinga av partiet Sentrum!

Vegen er likevel lang, og truleg alt for lang til at det nokon gong blir ein realitet at SP, V
og KrF sjølve tek initiativ til å setja seg ned for å diskutera ei slik samanslåing. Samstundes
vil dette tvinga seg fram på eitt eller anna tidspunkt, viss utviklinga går som no. På ein god
valdag (for dei tre store), forsvinn alle dei tre sentrumspartia under sperregrensa, og dei sit
att med mange arbeidsledige utjamningsmandat og andre. Truleg vil ei slik tragedie likevel
kunne vera starten på noko større, bokstavleg tala. Det vil kunne vera starten på partiet
Sentrum. Noko må jo dei arbeidsledige politikarane då hengja fingrane sine i, og naud lærar
som kjend naken kvinne å spinna.

Auk pensjonsalderen

Det er ikkje ofte eg har forventingar til korkje Kongen eller statsministaren sin nyttårstale. Kongen sin gadd eg dette året ikkje å sjå, og Stoltenberg sin såg eg, men utan særleg stort håp om noko matnytting.

Sjokket var difor stort når eg merkja at det bygga seg opp til noko av interesse, noko eg hadde brukt kveldar i juleferien til å snakka om – pensjon.
Stoltenberg synte til at når folketrygda blei innført i 1967 var pensjonsalderen 70 år, og gjennomsnittleg levealder 74. Han slo òg fast at ”som samfunn må vi forandre holdningene til alder i takt med at vi lever lenger og er friskere enn før”.

Sett saman med at han påpeika at tilhøve i dag er at ein kan pensjonera seg som 62-åring, medan gjennomsnittleg levealder er 81 år sat eg og trippa i sofaen. Ville min store kjepphest om høgare pensjonsalder endeleg koma?

Men nei, det gjorde det ikkje. Stoltenberg hadde ikkje ballar til å koma med noko slikt, for me veit jo alle kva det ville gjort med valkampbudsjettet framføre kommunevalet til hausten – LO ville slått seg vrang. I Italia blir slikt kalla korrupsjon og mafia, i Noreg heiter det valkampstønad.

Men kvar ligg logikken i å ikkje auka pensjonsalderen når me blir friskare, lever lengre og er kortare ute i arbeid grunna større krav til utdanning?

The Lancet publiserte nyleg ein artikkel som slår fast at forventa levealder for born fødd etter 2000 er 100 år. Det seier seg sjølv at dette ikkje let seg kombinera med pensjonsalder på 62 år. Det er jo eit interessant reknestykke: Marcus er fødd i 2000, og er ferdig på vidaregåande når han er 19 år, og ferdig med verneplikta som 20-åring. Så tek han til på ein master, noko som gjer at han fyrst er ute i arbeidslivet som 25-åring. Når han pensjonerar seg som 62-åring, har han vore i arbeid i 37 år. Når han døyr som 100-åring har han vore pensjonist i 38 år – altså eitt år lengre enn han har vore i arbeid!
Det ligg i korta at dette ikkje går an, og resultatet er at Marcus endar opp med å ikkje få pensjon i det heile, fordi det knapt er skatteinntekter nok til å dekkja basale offentlege utgifter. Pensjonsalderen må difor justerast kraftig opp, og avtalefest pensjon bør avviklast. Utan ei slik endring kjem heile velferdsstaten til å ryka, og då bør valkampstønaden på eit par titals millionar vera verdt å ofra.

For 62-åringar flest er i stand til å fortsetja i arbeid, og innehar ein stor fagleg kunnskap som er gull verdt. Dette gjeld òg arbeidstakarar over 67 år. Dei som måtte vera utslitne før ny pensjonsalderen er nådd, vil sjølvsagt kunne gå over på heil eller delvis uførepensjon, slik som i dag.

Det er på tide å tenkja med lommeboka, ikkje med hjarta. Dagens pensjonspolitikk er korkje rasjonell eller berekraftig.

Send sylvrevar og andre på kurs!

Når morfar fekk førarkortet hadde han to timar hjå køyreskulen før han hadde oppkøyring. I og
med at han aldri hadde køyrd bil anna enn dei to timane, gjekk det naturleg nok ikkje feilfritt. Dette
var noko sensoren òg gav uttrykk for. Han sa: Du kan ikkje køyra bil, men, du skal få førarkortet
likevel. Eg er sikker på at om du berre tek deg litt tid, og praktiserar mykje på eigenhand, så skal du
bli ein god sjåfør.

Mykje har heldigvis forandra seg sidan den gongen, og når eg tok lappen i 2006 haldt eg på å stryka
fordi eg var for aktpågjevande og varsam i det eg skulle køyra inn på Fjærlandsvegen etter ei snue
innom ein grusveg i Sogndalsdalen.

Men òg trafikkbilete har forandra seg dramatisk, det same har behovet for kunnskap om korleis
ein skal te seg i trafikken. I media har legar uttala seg at dei følar deira velsigning av eldre sjåførar
ofte kan vera ein falsk tryggleik, då ein medisinsk oppegåande person likevel kan vera livsfarleg i
trafikken. Berre noko så enkelt som skilting kan vera ei stor utfordring. Det er mange skilt som ein
umogleg kan vita kva betyr, med mindre ein har blitt fortald det. Og nye skilt kjem både titt og ofte.

Kloke hovud har difor teke til orde for obligatoriske repetisjonskurs for pensjonistar. Dette er bra,
men møter sjølvsagt motbør frå pensjonistane. Sylvrevane, med Vidar Lønn Arnesen i spissen, har
uttrykt sin skepsis, og har hevda dette er diskriminerande.

…Og sjølvsagt er dette diskriminerande! 40-åringane er ikkje eit hakk betre! Ein kan ha så mykje
erfaring ein berre vil, men har ein ikkje det riktige grunnlaget går det gale. Gode vanar slipast vekk,
og dårlege vanar innarbeidast med langvarig praksis. Eit enkelt bilete er den manglande eller alt
for seine bruken av blinklys. Alle veit formålet, men vanen med å droppa det heilt, eller å ta med
seg blinklyset i det ein tek svingen er godt innarbeida. Det burde difor vore jamt med obligatoriske
oppfriskingskurs med kyndig personell som kunne påpeika slike feil frå ein fekk lappen, og fram
til ein ikkje lenger er i stand til å køyra. Med til dømes ein dobbeltime køyring og teori kvart femte
år ville innarbeida uvanar lett kunne blitt plukka vekk, det same med misforståingar og manglande
kunnskap om regelendringar.

Det er heller ikkje tvil om at dette må vera obligatorisk. Ingen er så farlege i trafikken som dei som
trur dei kan alt, og dei kan du vera bombesikker på at ikkje melder seg på noko slikt kurs. Det er til
dømes ikkje nokon som er meir skråsikre på eigne køyreeigenskapar enn rånaren på 19, og ein ser
jo korleis det går… Det er ikkje utan grunn at gutar mellom 18 og 24 må betala dramatisk høgare
premie for bilforsikring enn andre. Og er det noko som er sikkert så er det at dette vertfall ikkje er
diskriminerande, men snarare fullt fortent.

Desse karane kan nok innerst inne teorien, men på ingen måte praksisen. Problemet oppstår
når ein ikkje har sjølvinnsikt nok til å forstå sine eigne grenser. Dette problemet snur seg når
dei praktiske kunnskapane er på topp. Då forsvinn teorien og dei gode vanane, og mangelen på
oppdatert kunnskap oppstår. Det er ikkje like farleg som det som råkar 19-åringen, men er med på
å skapa dårleg flyt, farlege situasjonar og irritasjon hjå andre trafikantar. Det igjen skapar farlege
situasjonar.

Så, har du lappen og er usikker på kva du no skal bruka pengane dine på når bommen endeleg er
vekke? Mitt heitaste tips ein dobbeltime hjå køyrelæraren.

Fenomenet Nordfjord

Eg er nok ikkje den einaste som har lete meg undra og fascinera av det eg kallar fenomenet Nordfjord. Det er like ruralt som resten av fylket, like dårlege vegar og like vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Likevel er det Noreg si vogge innan nyskapande næringsliv.

Greitt nok, her i Indre Sogn har me både høgskule, aluminium og saft, men det er bokstaveleg tala noko old fashion i høve til kva dei driv med i Nordfjord. Kven hadde for ti år sidan trudd at den største norske motesuksessen internasjonalt – Moods of Norway – skulle koma frå Stryn? Truleg ingen. Eller kva med Aloha Hemp og Ricco Vero? Alle desse har vore med på å gjera Nordfjord kjend for anna enn trauste nordfjordingar, og har nok til og med vore med på å endra det stempelet. Når såg me sist noko i tilsvarande i Indre Sogn? Aurlandsskoen?

Men det er klart det nok ligg meir pengar i både Lerum og Hydro, enn i motebedriftene i Nordfjord. Og det er klart at både HSF og Vestlandsforsking er faglege bautaar i Indre Sogn, så ein skal naturleg nok ikkje slutta med det gode og gamle. Nordfjord er likevel provet på at det finst alternativ som kan eksistera i tillegg til det allereie etablerte og sikre. Og det kan nok vera verdt å referera visdomsorda eg høyrde frå ein lokal bonde: Sjølv om både faren og bestefaren har drive med eple betyr ikkje det at du sjølv bør driva med det same.

Eg er kraftig imponert over dei mange nye verksemdene innan maritim høgteknologi som har kome på kysten. Berre i Måløy har det dei seinare åra bygd seg opp fagmiljø innan både vindkraft og offshore. I tillegg kjem bedrifter innan design, video og anna. Det er rett og slett imponerande. Og eg spør igjen, når såg me sist noko liknande her i Indre Sogn? Me har nokon små gründerar her og der, men langt ifrå av same omfang som me ser i til dømes Måløy.

Denne driven i Nordfjord gjer at eg ikkje er så bekymra for kva som skjer i Stryn no etter at bussproduksjonen blir lagd ned og 100 arbeidsplassar forsvinn. Dette ordnar nordfjordingane garantert opp i. Før me veit ordet av det, har det nok dukka opp ei ny industribedrift med både fleire arbeidsplassar og betre likviditet.

Men det er ikkje berre næringslivet som imponerar meg. Òg kulturelt er dei på hogget i Nordfjord. Eid har blitt eit kulturelt sentrum for rock om sommaren, og opera resten av året, og snart er nok fotballoperaen på veg til Bjørvika. Liten tvil om at dei òg i Nordfjord spelar i eliteserien neste år, og nok har vore der eit par år allereie, om enn ikkje i fotball.

Det mest spanande som skjer i Nordfjord akkurat no er kanskje likevel måten det skal bli skapa ei ny framtid i Lefdal-gruva i Eid. Innovative sjeler i LocalHost har fått med seg nasjonale og internasjonale gigantar, og det ser ut som at gruva i Eid no skal bli ein internasjonal metropol innan datalaging. Det som er interessant er korleis dette har skjedd før gruva er tom for olivin. Ein klarar å ri to hestar samstundes, og det er ikkje verst berre det!