Yngve Å. sine bidrag

Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo.

O-løp på Moskog

Onsdag 9. mai kl. 18.00, Moskog

Onsdag 9. mai er det nærløp i orientering på Skjervane. Merka frå krysset på Moskog. Fire løyper å velje mellom, med ulik lengde og vanskegrad. Opplegg for nybyrjarar. Flott terreng for orientering. Velkomen til alle.

Orientering i Movika

Lørdag 14. april kl. 12.00 til 15.00, Sunnfjord Museum, Movika

Snøen er byrja å forsvinne frå skogen. Då er det på tide å komme seg ut i naturen med sko på beina.

Laurdag 14. april gir Førde IL Orientering ei innføring i orienteringssporten i Movika på Sunnfjord Museum i tidsrommet kl 12.00-15.00. Det å kunne lese kart og bruke kompass er ein eigenskap mange vil ha nytte av. Når du i tillegg kan få med deg flotte naturopplevingar er orientering ein flott aktivitet å drive med.

Vi har laga til nokre enkle løyper som alle kan prøve seg på. Vi gir instruksjon, og vi deler ut instruksjons- og aktivitetshefte til dei som ønskjer det.

Etter ein tur i skogen på fine stiar i flott turterreng rundt museet koser vi oss med pølser på grillen og noko godt i koppen.

På samlinga vil vi også informere om orienteringstilbod som Førde idrettslag har. Her er noko for ein kvar smak.

Onsdagsløp: Kvar onsdag vert det løp rundt om kring Førde. Her vil ein kvar gong finne tre aktuelle løyper tilpassa kva nivå ein er på. Frå ei heilt enkel nybyrjarløype, til meir avanserte løyper for løparar som har vore med ei stund.

Råtass: Fire tysdagar i april og mai vil det vere eit eige opplegg spesielt mynta på barn i alderen 6–12 år.

Turorientering: Kart og postar som ein kan ta når det passar. Aktiviteten vert lagt opp rundt fleire kart og terreng i og rundt Førde. Godt høve til å bli kjent i kommunen, få fine naturopplevingar, åleine eller saman med familien.

Men først – ta turen til Movika laurdag 14. april.

Førde IL Orientering

Liggjetid og økonomisk samhandling

Kommunelege Jan Helge Dale i Flora seier til NRK Sogn og Fjordane at han fryktar Helse Førde skriv ut pasientar for tidleg for å skaffe seg inntekter. Dale blir oppskriftsmessig imøtegått av samhandlingssjefen i helseføretaket, Vidar Roseth, som sjølvsagt avviser at dei prøver å lure kommunane. Vi har ikkje grunnlag for å meine noko om innhaldet i påstandane frå Dale, men kommunelegen set likevel søkjelys på ei side ved samhandlingsreforma som kan skape mange konfliktar i åra framover, nemleg at pasientane blir brikker i puslespelet når budsjetta skal syast saman. For helseføretaka er det god butikk i å få ned liggjetida, og dermed velte det økonomiske ansvaret over på kommunane, som har ansvar for utskrivingsklare pasientar. Då er det også soleklart at det ein kan risikere at pasientar kan bli skrivne ut før dei er klare. Den risikoen ligg nemleg innbakt i systemet som no er innført.

Dermed er behandlingstida blitt ein openlys og lett målbar økonomisk faktor, som rasjonaliseringsekspertane heilt sikkert vil ha fokus på. Og når spesialisthelsetenesta har så openberre økonomiske fordelar av ei så kort liggjetid som mogleg, anten ved at sjukehusa slepp utgifter eller ved at dei kan sende rekninga vidare til heimkommunen når ein pasient blir liggjande over tida, kan ein ikkje utan vidare avfeie faren for at det i ein del tilfelle kan komme til å gå ut over pasienttryggleiken.

Om Dale har grunnlag for å tru at sjukehusa med vitande og vilje skriv ut pasientar for tidleg for å sikre seg inntekter, har vi på ingen måte føresetnad for å meine noko om. Men motivet frå sjukehusa si side for å gjere det, er utvilsamt til stades. Det er derfor naudsynt at både sjukehusa sjølve, kommunelegane og helsetilsynet har gode kontrollrutinar og evaluerer dei utskrivingspraksisane som dei ulike sjukehusa opererer med, etter

Venstre-strid om hasjlegalisering

Det fall i si tid Venstre-leiinga tungt for brystet at Unge Venstre gjekk inn for legalisering av hasj og marihuana. Dåverande partileiar Lars Sponheim la ballen frå ungdomspartiet kontant daud, og sentralleiinga i Venstre gjorde sitt beste for å tone ned vedtaket, som er i strid med den tverrpolitiske motstanden som det har vore i Norge mot legalisering av desse stoffa.

No er katta igjen sleppt ut av Venstresekken: Først gjekk Unge Venstre-leiar Sveinung
Rotevatn ut og kritiserte politi og behandlingsapparat for ei forelda haldning til hasjbruken. For partiet er det ei pinleg sak, men så lenge det berre galdt Unge Venstre, kunne ein leve med det. Verre blir det når også fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter går inn for å avkriminalisere hasj og marihuana. Det skakar sjølve grunnfjellet i medlemsmassen, der mange venstrefolk vil ha problem med å kjenne seg att om slike haldningar skulle bli offisiell Venstre-politikk.

Vi er også forundra over måten Krogsæter, som fylkespartileiar, lanserer slike kontroversielle tankar på. Ho står for ei klar kursendring frå ei linje som det hittil har vore brei politisk semje om i norsk politikk, og frå andre parti er reaksjonane sterke. Ikkje minst i KrF, som tradisjonelt er på linje med Venstre i mange verdispørsmål, blir utspelet frå Krogsæter sett på som uttrykk for ei skremmande haldning. KrF-fylkesleiar Trude Brosvik peikar også på inkonsekvensen i å tru at ei legalisering og dermed lettare tilgang til slike stoff, vil redusere bruken, slik Krogsæter prøver å innbille seg. At cannabis i enkelte tilfelle blir brukt som legemiddel, har heller ingen ting med saka å gjere.
Venstre er eit parti som opp gjennom si lange historie ofte har vore i konflikt med seg sjølv. Gjennom sine kontroversielle uttaler om legalisering av hasj, følgjer dermed fylkespartileiaren i det minste opp ein etablert tradisjon i partiet.

Nærløp orientering

Onsdag 22. september 2010 kl. 17.30, Djupedalsvatnet

Førde IL Orientering arrangerer årets siste nærløp onsdag kveld. Oppmøte Bringeland Hyttesenter kl 17.30. Merka frå avkøyrsla til flyplassen på Bringeland. Fine løyper for både nybyrjarar og meir røynde. Det er bomveg fram til møteplass, så samordn gjerne køyring. Velkomen!

Firda si vurdering av runde 9

 FJØRA-FLORØ tjuvstarta på torsdag kveld.

LAURDAG 13. JUNI:

 FØRDE–EID (H): Førde imponerte med sterk bortesiger mot Stryn, og verkar å nærme seg forma. Eid har overraska stort, og kan passere Førde med siger på Førde stadion. Men vi trur heimelaget ror dette inn.

 HØYANG–ÅRDAL (H): Årdal har sakte, men sikkert teke plassering i toppen, medan Høyang på si side svingar frå kamp til kamp. Men dette er eit oppgjer som tradisjonelt betyr mykje for Høyang. Dessutan er det Høyanger-dagar i helga!

 JØLSTER–VIK (H): Allereie no ser det ut til at dei to laga som kom frå 4. divisjon, vil slite i botnen i Firdaligaen. Så langt har begge hatt fleire heiderlege resultat, men med få poeng. Men denne gongen vert det Jølster-siger.

TORNADO MÅLØY–STRYN (U): Rundens toppkamp. TMFK slurva borte mot Kaupanger og fekk årets første tap. Difor har dei lyst til å vise at dei framleis er nest best i fylket (etter Sogndal). Stryn ergrar seg etter tapet mot Førde, og vil gjerne stadfesta at dei er best i Nordfjord.

MÅNDAG 15. JUNI:

SOGNDAL II–KAUPANGER (H): Lokaloppgjer i Sogndal som der Sogndal II er favoritt. Og som dei bør leve opp til.

Vurdert av: Stig Roger Eide, Firda

Eldresang på Helsetunet. Leia av dirigent Jorunn Bakke Nydal ( lilla skjorte med piano) 91 34 47 34.

Gudsteneste

Søndag 19. april 2009 kl. 17.00, Svelgen kapell

Svelgen kl. 17.00. Gudsteneste v/Myklebust. Offer: Sjømansmisjonen.

Gudsteneste

Søndag 19. april 2009 kl. 11.00, Rugsund kyrkje

Rugsund kl. 11.00. Gudsteneste v/Myklebust. Offer: Kirkens bymisjon.

Gudsteneste

Mandag 13. april 2009 kl. 11.00, Botnane grendahus

Botnane, kl. 11.00. Gudsteneste v/Myklebust.

Gudsteneste

Mandag 13. april 2009 kl. 11.00, Bremanger kyrkje

Bremanger kl. 11.00. Gudsteneste v/Lydersen.

Gudsteneste

Søndag 12. april 2009 kl. 11.00, Midtgulen kyrkje

Midtgulen kl. 11.00. Gudsteneste v/Myklebust. Offer: KN.

Gudsteneste

Søndag 12. april 2009 kl. 16.00, Ålfoten kyrkje

Ålfoten kl. 16.00 Familiegudsteneste v/Erdal. Bok til 4-åringane. Offer: Sokneråda si dåpsopplæringsnemnd.

Gudsteneste

Søndag 12. april 2009 kl. 11.00, Davik kyrkje

Davik, kl. 11.00 Gudsteneste v/Erdal

Gudsteneste

Søndag 12. april 2009 kl. 16.30, Berle kyrkje

Berle, kl. 16.30 Gudsteneste v/Lydersen

Gudsteneste

Søndag 12. april 2009 kl. 11.00, Frøya kyrkje, Kalvåg

Frøya, kl. 11.00 Gudsteneste v/Lydersen.

Florarevyen

Lørdag 14. mars 2009 kl. 19.30, Flora samfunnshus

Florarevyen feirar sitt 10 års jubileum med forestilling i Flora Samfunnshus laurdag 14. mars kl 19.30. Forestillinga “En inner-10`er – midt i Florøsjela” har fått glimrande kritikkar, m.a terningkast 6 i Firdaposten! Laurdagsframsyninga er utselt.

Florarevyen

Fredag 13. mars 2009 kl. 19.30, Flora samfunnshus

Florarevyen feirar sitt 10 års jubileum med forestillingar i Flora Samfunnshus fredag 13. mars kl 19.30 og laurdag 14. mars kl 19.30. Forestillinga “En inner-10`er – midt i Florøsjela” har fått glimrande kritikkar, m.a terningkast 6 i Firdaposten! Laurdagsforestillinga er utselt, men det er framleis råd å få billettar til fredagen. Gå ikkje glipp av ein kanonrevy! Billettar får du på Tenestekontoret i Florø, 57756000 eller på www.florasamfunnshus.no

Florarevyen

Torsdag 12. mars 2009 kl. 20.30, Flora samfunnshus

Florarevyen feirar sitt 10 års jubileum med sine tre siste forestillingar i Flora Samfunnshus torsdag 12. mars kl 20.30, fredag 13. mars kl 19.30 og laurdag 14. mars kl 19.30. Forestillinga “En inner-10`er – midt i Florøsjela” har fått glimrande kritikkar, m.a terningkast 6 i Firdaposten! Laurdagsforestillinga er utselt, men det er framleis råd å få billettar til torsdag og fredag. Gå ikkje glipp av ein kanonrevy! Billettar får du på Tenestekontoret i Florø, 57756000 eller på www.florasamfunnshus.no

Slik registrerer du arrangement

Har du eit arrangement, møte eller konsert som du ønskjer på trykk
– registrer arrangementet på http://firda.origo.no

Firda hentar fram informasjon frå denne nettsida som vi set på trykk i papirutgåva.

Slik går du fram:

1. Klikk på «Det skjer kalender» når du har gått inn på firda.origo.no i nettlesaren.
2. Logg inn.
3. Om du ikkje er medlem i Origo frå før, kan du registrere deg. Bruk ditt eige namn og mobilnummer, og ikkje namnet på organisasjonen du ev. representerer.
4. Når du har logga inn, klikkar du på «Opprett arrangement».
5. Skriv inn starttidspunktet (dato og klokkeslett) for arrangementet og fyll ut tittel og ei skildring av arrangementet.
6. Skriv inn stad. Det er frå før lagt inn ei rekkje arrangementstader i databasen, men om du ikkje får til å søkje fram den aktuelle staden, kan du sjølv opprette den (det som då er viktig er å plassere arrangementsstaden så nøyaktig som det let seg gjere på Google-kartet).
7. Du må også gjerne leggje til dine eigne illustrasjonsbilete ved å klikke på fana «Bilete» ved sida av fana «Tid og skildring».
8. Pass på at bidraget ditt er synleg for «Alle». Avslutt med å trykke på «Opprett arrangement» eller be om «Førehandsvis».
9. No skal det du har skrive inn, vere synleg i fylkeskalenderen på Fjordaglimt, og vert etter kvart synleg på firda.no. Når tilskipingsdatoen nærmar seg blir bidraget ditt lista opp i avisa Firda.

NB! Det er redaksjonen som avgjer om bidraget ditt vert trykt i avisa,
kor tid det kjem på trykk og kor mange opplysningar som vert teke med.
For å sikre deg at informasjon når ut til bestemte tidspunkt, må du ta kontakt
med annonseavdelinga i Firda, epost annonse@firda.no

Treng du hjelp for å få dette til – ta gjerne kontakt på tlf. 57 83 33 00.

Klikk her for å registrere arrangementet