Ingunn O. sine bidrag

Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo.

Julekonsert

Tirsdag 7. desember 2010, Stongfjorden bedehuskapell

Tysdag 7. desember klokka 19.30 er du velkommen til konsert – og songkveld i Stongfjorden kapell. Det vert musikk og song av Sabina, Fjorddur, KorImpro, Anais Morera og Askvoll Musikklag. Andakt ved Stein Hugo Fykse. Vi syng mange av dei kjære julesongane, så kom og ver med på ein hyggeleg førjulskveld.

Konsert- og songkveld

Tirsdag 8. desember 2009 kl. 20.00, Stongfjorden bedehuskapell

Program:
*Den dyktige organisten vår, Sabina Baylarbayova spelar til oss
*Kor Impro
*Mannskoret Fjorddur
*Erna Rivedal, Sabina og Sissel Anita Itland
*Andakt ved Edith Gjørøy
*Allsongar

Velkommen

Fylkesmeisterskap i gjetarhund

Søndag 15. november 2009 kl. 10.00, Skjerlid / 6983 kvammen

Det vert arrangert fylkesmeisterskap for gjetarhundar i Skorvemarka i Kvammen søndag.
Køyr av ved kryss like utanfor Skorvetunnelen. Det vil bli sett opp skilt.
Det blir sal av mat og kaffi under arrangementet.

Even Andre er norgesmeister

For tida er mange sambygdingar i Oppdal for å vere med på NM i leirdueskyting.
Even Andre vart onsdag kveld best i sin klasse, yngre junior, og blei norgesmeister.
På firda.no ligg også saka ute. Teksten under er kopiert derifrå.

Even Andre Grytten gjekk til topps i NM i Leirdueskyting på Oppdal i klassen for yngre junior.
– Det var kjekt å vinne. Eg visste ikkje undervegs at eg kunne vinne, og det var sikkert like greitt, seier Grytten.
42 av 50
Leirduestien har fem postar ute i terrenget. På kvar post skyt skyttaren ti skot.
– Vi var to som skaut 42, men eg vann på serie. Det vil seie at eg skaut 10 av 10 på siste standplass, medan han skaut 9 av ti, forklarar Grytten.
3 av 22
Tre av dei 22 deltakarane i klassen yngre junior kjem frå Flokenes og skyt for Askvoll / Holmedal jakt og fiskelag.
– Martin Leknes og Børge Leknes var også med. Martin skaut 40 og Børge 34, seier Even Andre Grytten.
Godt nøgd
– Eg er sjølvsagt veldig god nøgd med resultatet. Når dei eldre juniorane (16-19 år) er rekna med var det til saman 87 med. Av dei hadde eg 7. beste resultat, seier Grytten.
Han fekk ein stor rosemåla bolle og ein gåvesjekk på 250 kroner i premie.

Jonsokfeiring på Stavestranda

Også i fjæra på Stavestranda var det jonsokfeiring tysdag kveld. Eit fantstisk vêr der dei fleste av oss kledde av jakka for varmen, men tok den på igjen når knotten oppdaga oss.

Gratulerer Gjelsvik skule

Gratulerer til Gjelsvik skule som i dag vann Tinestafetten i Askvoll – både laget frå barneskulen og frå ungdomsskulen vann!!!
Kjempeflott innsats framfor ei velfortent langhelg.

Svanar er ikkje noko uvanleg syn i Sagavatnet(?). Eg ofte tenkt på at eg skulle stoppe for å ta bilete når eg køyrer forbi. No har eg gjort det..

Engebøfeltet

Dersom Engebøfeltet blir utbygt, kan det få mykje å seie for utviklinga også på vår side av fjorden. Konsekvensane vil bli om lag dei same her som i Vevring, i høve utviklingsmoglegheiter, men også miljøkonsekvensar.
Dersom det blir ei utbygging, og vi tenkjer på utvikling for vår side av fjorden, trur eg det er veldig viktig å vere tidleg ute. Til dømes med å få kommunen til å tilretteleggje fleire tomter, ha planar for korleis vi skal lokke folk til å busetje seg på denne sida av fjorden, og andre viktige spørsmål. Det er sikkert mange som har tenkt på dette for lenge sidan, og det er fint om vi kan dele litt tankar og idear med kvarandre. Kva kan vi som bygd gjere for å vere førbudde? Eit viktig spørsmål til oss sjølve er kva vi ønskjer..
Reguleringsplan med konsekvensutredning for utvinning av Rutil i Engebøfjellet vart offentleggjort for eit par veker sidan. Heile utgreiinga kan du lese ved å gå inn på Førdefjorden vel si heimeside, fordefjorden.no.

Kino

Onsdag 18. mars 2009 kl. 20.00, Flokenes grendahus

Kino

Onsdag 18. mars 2009 kl. 18.00, Flokenes grendahus

Velkommen til Førdefjord-sona

No har også Førdefjorden fått si sone på origo. Har du saker som vi bør snakke om, bilete vi og andre bør sjå, ei god historie, eller anna du vil dele med andre er dette staden for dette.
Om nokon har oversikt over arrangement i Førdefjorden, alt frå fotballtreningar til basarar, seniordans, kinoar eller anna er dette ein fin plass å få dette med.
Send gjerne invitasjonar til alle du kan tenke deg vil ha interesse av denne sona. Jo fleire som er med, jo kjekkare er det.

Denne vinteren har vi hatt både snø og is også her ute på kysten. Slik fekk ungane prøvd seg på den gode gamle kunsten med å lage englar i snøen. Foto: Ingunn Osland

Solnedgang i yrande regn. Sommaren 2008. Biletet er teke frå Nervik byggefelt. Foto: Ingunn Osland

Førdefjorden er ein av dei få plassane som kan bruke klisjeen frå fjord til fjell med rette. Her frå fyret ved Flokeneset. Foto: Øyvind Selvik