Jakob A. S. sine bidrag

Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo.

Takk for stemmene

Jølster SV takkar alle som røysta på oss i valet. Vi gjekk fram med éit mandat, og det er eit resultat vi er godt nøgde med. Vi vil og nytte høvet til å takke for slengarane kandidatane våre fekk frå velgjarar som røysta på andre parti. Valresultatet motiverer til ekstra innsats den neste perioden!

Bruk røysteretten

Nedanfor føl appellen eg heldt under demokratikvelden i Gjesthalla, 22.08:

Gode velgjarar
Etter snart fire år i kommunestyret er eg mange erfaringar rikare. Noko av det første eg erfarte var at sjølv om partia har ulike meiningar og prioriteringar, så blir vi ofte einige etter litt gje og ta, fordi vi har eit felles mål om å gjere vedtak som er til det beste for Jølster.

Eg vil derfor løfte blikket litt og snakke om nokre av verdiane som ligg til grunn for politikken vår.

Likeverd, mangfald og sosial utjamning er sentrale verdiar for SV. Desse verdiane er avgjerande for å inkludere alle i fellesskapen uavhengig av kva bakgrunn ein har.

Kva betyr så desse verdiane i praksis for arbeidet til SV sine kommunestyrerepresentantar her i Jølster dei neste fire åra?

Eg skal nemne eit par eksempel:

1. Vi skal satse vidare på dei gode skulane og barnehagane våre for å sikre alle barn og unge gode oppvekstvilkår. Det betyr mellom anna at vi må gjere noko med plassbehovet på skulane våre, og syte for at vi har nok barnehageplassar i nærområda der folk bur

2. Vi skal arbeide for eit større mangfald i type arbeidsplassar i Jølster. Vi vil legge til rette for staduavhengige arbeidsplassar, og då er breiband med god kapasitet i heile kommunen ein føresetnad. Vi vil bruke av næringsfonda til dette.

Noko av det første Jens Stoltenberg sa etter terrorangrepa 22. juli var “Mer demokrati, enda mer åpenhet”. Det er ei utfordring vi alle har eit ansvar for å ta tak i. For oss i SV betyr det at vi skal støtte aktivt opp om opne politiske prosessar i kommunen, og vi skal kjempe mot utviklinga vi ser der politiske avgjersler vert flytta inn i styrerom der retten til innsyn i sakspapir og møter er avgrensa.

Vi ønskjer og å involvere innbyggjarane meir. Det kan til dømes gjerast ved å arrangere opne møter i viktige saker. Vi vil og at Ungdomsrådet skal få uttale seg i fleire saker, og på den måten få større innverknad. Våre folkevalde skal og vere aktive i aktuelle debattar i sosiale nettsamfunn på Internett, slik som Origo. Desse nettsamfunna har ein låg terskel for deltaking, og er slik sett ein styrke for demokratiet.

I SV har vi eit hovudmål for vårt politiske arbeid – og det er at ulike menneske skal ha like sjansar til å lukkast. Det målet når vi best gjennom fellesskapsløysingar og gode kommunale velferdstenester.

Bruk røysteretten – godt val!

Bruk røysteretten

Nedanfor føl appellen eg heldt under demokratikvelden i Gjesthalla, 22.08:

Gode velgjarar
Etter snart fire år i kommunestyret er eg mange erfaringar rikare. Noko av det første eg erfarte var at sjølv om partia har ulike meiningar og prioriteringar, så blir vi ofte einige etter litt gje og ta, fordi vi har eit felles mål om å gjere vedtak som er til det beste for Jølster.

Eg vil derfor løfte blikket litt og snakke om nokre av verdiane som ligg til grunn for politikken vår.

Likeverd, mangfald og sosial utjamning er sentrale verdiar for SV. Desse verdiane er avgjerande for å inkludere alle i fellesskapen uavhengig av kva bakgrunn ein har.

Kva betyr så desse verdiane i praksis for arbeidet til SV sine kommunestyrerepresentantar her i Jølster dei neste fire åra?

Eg skal nemne eit par eksempel:

1. Vi skal satse vidare på dei gode skulane og barnehagane våre for å sikre alle barn og unge gode oppvekstvilkår. Det betyr mellom anna at vi må gjere noko med plassbehovet på skulane våre, og syte for at vi har nok barnehageplassar i nærområda der folk bur
2. Vi skal arbeide for eit større mangfald i type arbeidsplassar i Jølster. Vi vil legge til rette for staduavhengige arbeidsplassar, og då er breiband med god kapasitet i heile kommunen ein føresetnad. Vi vil bruke av næringsfonda til dette.

Noko av det første Jens Stoltenberg sa etter terrorangrepa 22. juli var “Mer demokrati, enda mer åpenhet”. Det er ei utfordring vi alle har eit ansvar for å ta tak i. For oss i SV betyr det at vi skal støtte aktivt opp om opne politiske prosessar i kommunen, og vi skal kjempe mot utviklinga vi ser der politiske avgjersler vert flytta inn i styrerom der retten til innsyn i sakspapir og møter er avgrensa.

Vi ønskjer og å involvere innbyggjarane meir. Det kan til dømes gjerast ved å arrangere opne møter i viktige saker. Vi vil og at Ungdomsrådet skal få uttale seg i fleire saker, og på den måten få større innverknad. Våre folkevalde skal og vere aktive i aktuelle debattar i sosiale nettsamfunn på Internett, slik som Origo. Desse nettsamfunna har ein låg terskel for deltaking og er slik sett ein styrke for demokratiet.

I SV har vi eit hovudmål for vårt politiske arbeid – og det er at ulike menneske skal ha like sjansar til å lukkast. Det målet når vi best gjennom fellesskapsløysingar og gode kommunale velferdstenester.

Bruk røysteretten – godt val!

Breiband som grunnlag for næringsutvikling og busetnad

Breiband med høg kapasitet er ein føresetnad for at næringsliv og innbyggarar skal ha lik tilgang til informasjon og digitale tenester uavhengig av kvar dei er lokalisert, og dette legg til rette for at arbeidsplassar kan skapast uavhengig av geografi.

I næringsstrategien til Jølster kommune kjem det fram at vi har få arbeidsplassar i høve til talet på arbeidstakarar i kommunen, og det fører til at mange pendlar til arbeid i andre kommunar. Eit av hovudmåla i næringsstrategien er å auka talet arbeidsplassar i kommunen. Skal vi nå dette målet meiner SV at det er nødvendig med eit større mangfald i type arbeidsplassar i kommunen, og ein føresetnad for det er breiband med høg kapasitet. Dette vert og trekt fram i Norges offentlige utredninger, NOU 2011: 3 Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet, der tilgang på høghastigheitsbreiband vert omtala som ein vesentleg føresetnad for lokalisering av staduavhengige kompetansearbeidsplassar, og det vert konkludert med at dette bør prioriterast høgt som politisk tiltak.

Breiband er med på å utvikle bygdene, og saman med eit variert tilbod av arbeidsplassar skapar dette attraktive bumiljø som aukar sannsynet for tilflytting. Breiband med høg kapasitet gjer det og mogleg med gode heimekontorløysingar, noko som gjer det lettare å verte buande sjølv om ein har arbeidsstad i ein annan kommune.

Fiberbreiband vert no bygd ut i dei sentrale delane av fylket. Jølster SV meiner at vi må halde følgje med utviklinga, og kommunen må vere aktiv og søke på dei offentlege støtteordningane som finst for slik utbygging. Vi må og vurdere å bruke av næringsfonda for å dekke den kommunale eigendelen i slike prosjekt. Kommunen kan og førebu framtidig fiberutbygging allereie no, ved å legge trekkerør når det vert gjort gravearbeid av andre grunnar, til dømes ved oppgradering av vegar og vass- og avløpsnettet.

Jølster SV vil arbeide for tiltak som betrar den digitale infrastrukturen dei kommande åra. Ei framtidsretta satsing på breiband vil legge til rette for nye arbeidsplassar, og skape attraktive bumiljø i heile kommunen.

Jakob Andre Sandal
1. kandidat, Jølster SV

Ein god arbeidsgjevar

Tilsette med skikkelege lønns- og arbeidsvilkår er avgjerande for å sikre gode omsorgstilbod og trygge oppvekstvilkår i kommunane. Gode vilkår for dei tilsette er viktig både for å rekruttere tilsette til barnehagar, skular og sjukeheimar, og for å sikre høg kvalitet på tenestene. Derfor skal SV vere pådrivar for ein god kommunal arbeidsgjevarpolitikk.

Frå høgresida kjem det stadig rapportar som hevdar at kommunane kan spare store summar på å privatisere og konkurranseutsette tenestene. Talmaterialet som ligg til grunn for rapportane har synt seg å vere mangelfullt, og tilhøva som vart avdekka ved dei Adecco-drivne sjukeheimane tidlegare i år, synte at arbeidsvilkår og tenestetilbod vart systematisk redusert for å auke profitten til den kommersielle eigaren. For SV er det ei hovudsak at fellesskapet sine midlar skal gå til velferd, ikkje privat utbytte. Vi er derfor mot privatisering og konkurranseutsetjing av kommunale tenester.

Ufrivilleg deltidsarbeid er ei utfordring i kommunane. SV vil at kommunalt tilsette som arbeider ufrivilleg deltid skal få tilbod om å arbeide heiltid. Deltidsarbeid er mest utbreidd i kvinnedominerte yrker, og tal frå Statistisk sentralbyrå syner at tre fjerdepartar av dei som arbeider ufrivilleg deltid er kvinner. Fleire over i heiltidstillingar vil vere eit viktig løft både for likestilling og likeløn.

Vår arbeidsgjevarpolitikk skal legge grunnlaget for ein kommune med eit arbeidsliv som inkluderer og sikrar at folk både kjem i arbeid og klarar å stå i jobb. SV er garantisten for at gode velferdsordningar vert oppretthaldne og forbetra.

Jakob Andre Sandal
1. kandidat, Jølster SV

Kommunevalprogram 2011 - 2015, Jølster SV

Nedanfor kan du lese valprogrammet for perioden 2011 – 2015. På nettsida vår, www.sv.no/jolster kan du sjå vallista og presentasjonar av toppkandidatane våre.

SV-KOMMUNEN SKAPER LIKE SJANSAR
SV arbeider for eit rettferdig samfunn, der makt og ressursar er jamt fordelte. Målet er at alle menneske skal ha same sjanse til å skape seg eit godt liv. Skal vi klare det, må vi skape trygge lokalsamfunn som legg til rette for at ulike menneske sine behov vert ivaretekne. SV-kommunen satsar på gode oppvekstvilkår og førebygging, kjempar mot fattigdom og sosiale forskjellar, og oppfyller innbyggarane sin rett til eit godt helse- og omsorgstilbod. SV-kommunen fremjar likeverd, inkludering og deltaking der omsynet til menneske og miljø kjem først. SV seier ja til offentleg velferd, og nei til kommersielle private løysingar.

DETTE VIL VI MED JØLSTER KOMMUNE
Dei fleste opplever at Jølster har store kvalitetar og er ein god kommune å bu i. Kort veg mellom veljarar og politikarar er og ein vinst som er vanskeleg å måle i kroner og øre. Vi har eit godt lokalt tenestetilbod, gode skular og barnehagar, og ei velfungerande helse og omsorgsteneste. SV er mot kommunesamanslåing med tvang.

SV vil arbeide for å utvikle kommunen, og ønskjer mellom anna å bruke IKT til å gjere fleire kommunale tenester tilgjenglege digitalt. Som ein del av utviklinga vil SV og satse på etterutdanning for tilsette i kommunen. Jølster er ein grøn kommune med eit vakkert kulturlandskap og mange veldrivne gardar. Det er gjort store investeringar i landbruket dei siste åra, og Jølster SV meiner det er viktig å leggje tilhøva til rette for ein variert bruksstruktur.

MILJØ
Klimakrisa er den største utfordringa i vår tid. Skal vi løyse klimaproblema, må vi ta riktige klimaval både internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Gode miljørutinar, med miljøvennleg drift og ein tydeleg miljøprofil ligg til grunn for SV sine prioriteringar.

Jølster SV vil:

  • verne om natur og kulturlandskap for framtida
  • vere ein pådrivar for at tiltaka i den kommunale klima- og energiplanen vert følgde opp. Vi vil særskilt prioritere tiltak som gir energieffektive løysingar i kommunale bygg. Jølster SV vil og arbeide for at det føreslegne miljøfondet vert realisert
  • arbeide for at kommunen vert med i ordninga Miljøfyrtårn
  • er skeptiske til planane om kraftutbygging i Jølstra
  • ha eit kollektivtilbod som er betre tilpassa lokale behov for pendlarar og ungdom, for eksempel fleire bussavgangar mellom Vassenden og Førde, og mellom Skei og Vassenden
  • arbeide for god tilrettelegging for mjuke trafikantar. Dette er særleg viktig ved utbygging av nye vegar og bustadfelt

NÆRING
SV vil trygge eksisterande arbeidsplassar og legge til rette for nye arbeidsplassar i kommunen. Arbeidet med ny kommuneplan må prioriterast.

Jølster SV vil:

  • legge til rette for næring og nyskaping utan at dette går ut over viktige naturverdiar
  • arbeide for ei framtidsretta opprusting av E39. Det må i
    samband med dette arbeidet byggast gang og sykkelveg Skei – Årdalen
  • legge til rette for at fråflytta gardsbruk skal verte busette ved å nytte buplikta som eit
    verkemiddel
  • arbeide for betre rammevilkår for landbruket, og støtte opp om utvikling av
    tilleggsnæringar
  • arbeide for at investeringsstøtta både til oppgradering av eksisterande bygg og oppføring
    av nye driftsbygningar i landbruket vert auka
  • bruke næringsfonda til hjelp for nystarta bedrifter
  • syte for at kommunen gjev bedrifter og etablerarar rettleiing og oppfølging
  • legge til rette for staduavhengige arbeidsplassar. I samband med dette er det viktig at breiband med god kapasitet vert bygd ut i heile kommunen
  • at kommunen utøvar aktivt eigarskap i interkommunale selskap. Vi vil ikkje redusere eigarskapen i Sunnfjord Energi
  • vere ein pådrivar for å sikre lokal eigarskap i småkraftverka i kommunen
  • vere ein pådrivar for at kommunen regulerer nye bustadfelt. Det må og leggast til rette for rimelege bustadar for førstegangsetablerarar
  • arbeide for at kommunen kan tilby regulert næringsareal

KULTUR
For SV er det ein nær samanheng mellom kultur og livskvalitet. Vi vil gjere kunst og kultur lett tilgjengeleg for alle, og bygge vidare på dei sterke kulturtradisjonane i Jølster.

Jølster SV vil:

  • ruste opp og vidareutvikle Astruptunet og Eikaasgalleriet
  • legge til rette for at husværet på Eikaasgalleriet kan leigast ut til utøvande kunstnarar
  • at Jølster framleis skal vere ein sterk kulturkommune, og at kommunen kan spele på lag med private aktørar innan kulturskaping. For å ivareta dette må kommunen få på plass igjen stillinga som kultursjef
  • ha eit betre samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum. Vi vil arbeide for sterkare lokal medverknad når det gjeld musea i Jølster
  • oppretthalde bibliotek og kulturskuletilbod i kommunen
  • oppretthalde støtta til det viktige arbeidet som vert gjort av frivillige organisasjonar
  • legge til rette for at Den norske kyrkja og andre trussamfunn får vilkår slik at medlemmane og andre får verdige og gode tilbod
  • at kommunen skal vere ein aktiv brukar av den kulturelle spaserstokken
  • styrke nynorsken, og arbeide aktivt for å hindre at sidemålsopplæringa vert fjerna

EIT TRYGT OG LÆRERIKT OPPVEKSTMILJØ
Ein kommune som er god å vekse opp i for barn og unge, er ein god kommune for alle.

Jølster SV vil:

  • at barnehagane skal gje eit fullverdig pedagogisk tilbod i eit godt fysisk arbeidsmiljø, og
    sikre god kvalitet ved aktiv rekruttering av pedagogisk personale. Det må leggast til rette for
    at ei eller fleire avdelingar legg vekt på natur og friluftsliv
  • halde oppe barnehagetilbodet i grendene
  • arbeide for ei mellombels løysing for å skaffe fleire barnehageplassar på Skei inntil
    utbygginga av Skei barnehage vert sett i verk
  • gje skulane midlar slik at dei kan følgje lova og gje tilpassa undervisning til den
    einskilde elev i tråd med Kunnskapsløftet
  • arbeide for at skulen kan gje alle born grunnleggjande kompetanse, både fagleg og
    sosialt. SV vil ha ein skuledag med god variasjon mellom teoretisk og praktisk læring, i tråd med eit heilskapleg kunnskapssyn
  • at SFO skal integrerast godt med skuletilbodet, og samarbeide tett med kulturskulen og andre fritidstilbod
  • ha symjehallen open heile skuleåret
  • prioritere opprusting av gymsalane på Skei og Vassenden
  • at ungdomsrådet skal få uttale seg i fleire saker og få større innverknad
  • at kommunen skal tilby lærlingplassar innan ulike fagområde
  • arbeide for eit variert fritidstilbod, der både organiserte og uorganiserte kan finne seg til rette

HELSE/ SOSIAL
Samanhandlingsreforma skal sikre at eldre og kronisk sjuke får eit betre helsetilbod der dei bur. SV vil arbeide for at kommunen er godt førebudd når samhandlingsreforma trer i kraft, og er opne for ulike løysingar for å få dette til.

Jølster SV vil:

  • arbeide for at dei som treng hjelp skal få eit tilbod mest mogeleg tilpassa den einskilde
    sine behov og ønske. I tillegg til å ha gode institusjonar vil vi styrke opa omsorg og
    opprette natteneste i heimesjukepleien
  • satse sterkare på førebyggjande helsearbeid. Her er tenestene for psykisk helse, fysioterapi, barnevern og helsestasjonen med “ungdommens helsestasjon” viktige aktørar
  • syte for at bustadsosial handlingsplan vert gjennomført
  • at kommunen sjølv skal drive helsetenestene, og seier nei til privatisering og konkurranseutsetting
  • at ingen kommunalt tilsette skal arbeide ufrivillig deltid, og vil redusere bruken av midlertidige stillingar
    og vikarar til eit minimum
  • arbeide for å få bygd fleire omsorgsbustadar/ sjukeheimsplassar i samsvar med trongen for slike
  • vidareføre drifta av Jølster frivilligsentral