Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo. Her bur eg!HOI! Har tatt litt tid gitt, men her kjem ein oppdatering til. Tida har gått så sjukt fort! No er det snart ein månad sidan eg kom til Beijing, og det har skjedd mykje – men samstundes ingenting spesielt. Vi har flytta inn i leilighet, begynt på skulen, vore på Ikea Beijing, hatt folk inn og ut av leiligheten for å fikse små og store ting, prøvd å gjere oss kjende i området, vert på klassetur til Shan Dong og oppi alt saman forsøkt å komme gjennom det berget med lekser, gloseprøver, prøver og innleveringar vi får frå lærarane på universitetet. Dette er eit stort tidssluk, men det er jo difor vi er her, så ein kan jo ikkje klage! Meir om det i eit seinare innlegg, har nemlig ikkje få ting å førebu til morgondagens timar. Leiligheten vår ligg i bukomplekset HuaQingJiaYuan i WuDaoKou, som ligg i HaiDian-distriktet rett nord for fjerde ringvei, vest i Beijing. I området ligg det tre store universitetet, blant anna mitt (Beijing University) som er rangert som det beste i Kina, samt QingHua University, nest best og Beijing Languages and Culture university (det beste på språk/kultur, spesielt for utlendingar som tek kinesisk). På grunn av at området WuDaoKou stort sett er bebudd av studentar er prisnivået relativt lågt samanlikna med andre området med høg konsentrasjon av utlendingar. For utlendingar er det mykje av. Heilt kontrast til førre gang eg budde i Kina, der vi var berre.. kanskje 10.. Eller noko sånt. Nettopp difor er det og mange vestlege restaurantar her, men mest av alt koreanske, for det er vilt mange koreanarar(ararar) som studerar her. Vi betalar 4500 yuan i måneden delt på to, så omlag 2000 kroner per person i måneden. I tilegg kjem gass og straum, men det er ikkje rare greiene. Dei har sånn ring-kontant ordning på dette, så når lyset går og vatnet blir kaldt, går vi til nærmaste bank og fyller på. Veldig ok. Leiligheten er liten, men absolutt av god standard og det tar 10 minutt å sykle til skulen, det er supermarked like ved samt et hav av restaurantar, og det er rett ved Subway stasjonen. Det er veldig praktisk!
Karoline har komt!No har Karoline (Hope Kannelønning), min gode venn og klassekamerat, ankomt Beijing! Vi skal dele leilighet i seks måneder, og det blir fint! No blogga eg litt mens ho innstallerar “snike-rundt-facebook-blokkeringa-programmet”. Takk til UIO! VPN <3 Leilighet er forresten i boks, kjem bilder snart! Hadde ikkje med meg kameraet mitt på visning, så Kari i klassen min tok nokre bilder for meg. Men internetten er for treig til å sende. Den kosta 4500 yuan i måneden, altså 2250 per person, og ligger midt i smørøyet! Tar 20 minutt å gå til skulen, 10 minutt å sykle, metroen er rett vedsida av gaten der vi bur, og det er allslags morsomme og spennande restauranta, butikka og marked rett uti gata der vi bur! Og en STARBUCKS! :D Vi får ikkje flytte inn før torsdag, litt dumt. Men vi får klare oss på hostell fram til då. I går regna det forresten noke heilt sjukt, regna fortsatt litt… Når eg gikk heim går var det vatn til over anklane. I morgon, søndag, skal vi på registrering på universitetet, og på mandag er det plasseringsprøve. Innimellom skal vi prøve å sjå VM-finalen, som går halv tre om natta… Kjipt. Har lagt ved et par bilder av korleis det ser ut når Karoline og Cathrine skal flytte til Kina og bur på lite hotellrom!
Tilbake i Kina!
Då har eg nett satt med ned på hostellet som skal bli min heim dei neste dagane, før eg klarer å finne ei leilighet å bu i for seks månedar! Eg budde i Kina frå 2007 til 2008, då arbeidde eg som engelsklærar for døve, blinde og funksjonshemma samt universitetsstudentar. Etter to år med statsvitenskap, astiatiske studier og kinesisk på Universitetet i Oslo er eg no tilbake! Denne gangen skal eg gå på Beijing University, det beste i Kina, fram til 20. desember. Først skal eg ha intensivkurs frå 11. juli til 20. august. Deretter to veker ferie (deilig!). Så begynner skulen for fullt 7. september. Eg både gledar og gruar meg.. Eg syns eg har jobba hardt føregåande semester, men dei som har vore på dette programmet før meg seier at det var reine ferien i forhold til ka vi no skal til med.. Iallefall har eg store forhåpninga til min språklige utvikling, gleda meg veldig til å bli god i dette tilnærma umulige språket! Turen var smooth sailing, har ikkje sove en millimeter og kjenner at rommet gynga litt her eg sitte. Hotellrommet mitt var ikkje klart enda, så eg blei satt til å vente til det blei ledig. Så eg prøvde meg på facebook, men det var berre å gje opp før eg får snakka med noken som bur permanent her som veit korleis man kan snike seg rundt “The Great Firewall of China”. I alle fall kjem eg til å halde fram med denne bloggen, som eg brukte sist eg budde i Kina. Rett og slett for å rapportere litt utenriksstoff til dykk heime i Sogn og Fjordane! Øver på å bli utenrikskorrespondant! Eg kjem tilbake med meir! Cathrine Ekehaug SommarenEg kom heim frå Kina 31. mai, 2008. Det kulaste og mest spennande og innhaldsrike året eg har opplevd var over, og eg var MILDT SAGT trist. Vi hadde gleda oss til å sjå familie og vennar igjen, og til å ete god, norsk mat – men gleda av å kunne ete brødskive med brunost igjen la seg fort og saknet til Austen meldte seg RIMELIG tidlig. Det sit fortsatt GODT i meg, og tankane om å returnere til Midtens Rike er der kvar dag. Men som ettersom eg har lyst å ta ein utdannelse, var det på tide å “klyppe seg og komme i arbeid”. Eg må tilbake til studentilværelsen. Det var mykje om og men og fram og tilbake om kvar eg skulle studere. Etter to år i Bergen var eg enormt glad i byen og hadde et nettverk der og forhalde meg til, men eg hadde igrunn ikkje lyst tilbake. Eg ville ha noko nytt, igjen. Valet fall derfor på Oslo. Stort og fullstendig ukjent, og veldig tiltalande. Etter å ha drive med informasjonsarbeid for fredskorpset store delar av juni, var det igjen klart for min faste sommarjobb dei siste tre året: i kiosken ombord på fartøya til Fjord1 Fylkesbaatane. Ein hard, morsom og variert sommarjobb, med eit fantastisk, herlig og supert arbeidsmiljø med kjempekjekke kollega og interessante passasjerar. Mesteparten av sommaren jobba eg på ruta Bergen-Flåm-Bergen, der det for det meste er turistar frå fjern ogn nær. Ein og anna kinesar innimellom var ekstra spanande, ettersom eg då fekk praktiskert nokre usikre gloser og dei klappa og smilte og var glade. I tillegg så kom ein av mine beste vennar i Kina, Kong Chao, på besøk til Noreg i løpet av sommaren, og han vart dratt med både hit og dit. Han hadde eit fint opphald, og eg hadde han på besøk heime på gården ein nydelig dag i slutten av juli. Det var kjempekjekt å ha han på besøk! I august var det altså på tide å flytte, og ettersom eg var oppteken mesteparten av sommaren var det ikkje mykje tid til å finne seg ein stad eg kunne bu. Ei veninne av meg, Kaja Hjorthol frå Florø, budde allereie på Blindern Studenterhjem og foreslo at eg flytta inn dit. Påfølgande februar skulle nemleg bebuarane på dette Studenterhjemmet arrangere UKA på Blindern, og som pensjonerte ungdomspolitikarar i fylket har Kaja og eg arrangert ein ting eller to saman før og utfyller kverandre glitrande. Så, sånn blei det. I august tok eg med meg to svarte søppelsekkar med klede og to pappøskjer med ting og var klar for eit nytt liv i Oslo! Ferien min, kort oppsummertI januar og februar hadde eg ferie (kinesisk nyttår, det er liksom deira juleferie), og då for eg ut på tur ettersom det var 30 minusgrader i Yinchuan og det frista SÆRS lite å bli verande her. Likevel vart eg her to veker uti ferien for eit intensivt kinesiskkurs der eg faktisk lærte ein heil del og fekk ei ny, god veninne (læraren min for dei som ikkje skjønte det). Etter det, reiste eg til Beijing og plukka opp to veninner frå Noreg (Maria Senneset og Therese Senneset – to framifrå jenter!) som kom for å reise rundt i Kina med meg i to veker. Som mange kanskje fekk med seg var det den kaldaste vinteren på 30 år i Kina i år. Det er jo berre typisk min flaks, at det året eg faktisk skal bu i Kina skal det vere kulderekordar alle plassar. Beijing var bikkjekaldt, men vi hadde fire flotte dagar der likevel! Det blei EIN DEL shopping, og litt sightseeing innimellom. Etter det gjekk turen til Chengdu i Sichuan, ganske langt sør i Kina. Vi hadde god tru på at det skulle vere varmare der. Det var det – heile 7 grader varmare, så omlag minus 6. Problemet er at Sichuan er ein av provinsane i Kina der det EIGENTLEG reint teoretisk skal vere varmt om vinteren – så dei har ikkje sentralvarme der. Det vil seie at det var akkurat like forbanna kaldt inne som det er ute. På eit punkt ein kveld var Maria faktisk blå av frost. Chengdu er kjent for to ting: overnaturlig sterk mat og pandabjørnar. Eg er glad i sterk mat, så for min del var det flott. Mine to landsmenn derimot kunne styre sine smaksløkar, og sleit litt. Pandabjørnane skuffa ikkje, dei var supersøte akkurat som forventa! Planen var å bli eit par dagar ekstra i Chengdu, men når det er plent umulig å bli varm fordi det er kaldt absolutt alle plassar, til og med innandørs, legg det liksom ein dempar på humøret. Så vi flytta oss endå lenger sør, til Kunming i Yunnan. Yunnan er heilt sør i Kina, på grensa til Burma, Thailand, Laos og Vietnam, og DER var det mellom 15-20 grader (som sjølsagt var uvanlig kaldt), og det gjorde godt for tre blåfrosne nordmenn. Der hadde vi ei veke med avslapping, sightseeing, natteliv og shopping. Eg sendte mine to vennar til Beijing igjen den 31. januar, så dei fekk ein ekstra dag i Beijing til å shoppe endå litt meir og ta den obligatoriske turen på den kinesiske mur, som vi ikkje rakk før vi reiste derifrå. Det var VELDIG kjekt å ha dei på besøk etter sju måneda heimefrå, tusen takk skal de ha for at de gadd å ta turen! :) 1. februar forlot eg Kunming og reiste endå lenger sør til Jinghong i Xishuanbanna, ein liten del av Yunnan heilt på grensa mot Thailand, Burma og Laos. Reising tok ein del tid i desse områda, ettersom vegane er omlag same standarden som riksveg 10 mellom Bjørvikstranda og Dale (HINT HINT, eg befant meg tross alt i eit av dei mest underutvikla delane i verda!!). Målet var Laos, og det tok meg faktisk tre dagar med reising før eg kom meg over grensa. Reisinga i seg sjølv er ei lita historie – eg delte minibuss med ein haug med kinesiske turistar og dei er IKKJE vant til vegar i så dårleg forfatning (nytt hint..), så dei spydde frå minuttet dei sat seg i bussen til dei gjekk av. Det var utrulig å komme inn i Laos. I Kina var folk heilt ville ettersom det nærma seg kinesisk nyttår, og det er omlag samme køyret som det er før julafta heime. Med andre ord: stressande. Laos derimot er verdens mest avslappa land. Buddhismen rådar, og hastverk er definitivt lastverk. Absolutt ALLE smiler, stemninga er heilt fantastisk avslappande og maten nydelig! Ilag med ein gutt frå Sveits og ei jente frå Ungarn reiste eg på tredagars tur i jungelen og ein dagstur rundt i forskjellige minoritetslandsbyar på scooter, og tok kinesisk nyttår med knusande ro. Laos er eit NYDELIG land! Etter Laos, reiste eg til Kambodjsa. 29 timar med buss – I STREKK – frå hovudstaden i Laos (Vientiane) til hovudstaden i Kambodsja (Pnohm Phen). Det var… heftig. Spesielt sidan dei siste 9 timane var i ein open 9 seters minibuss med 12 personar i, KUN på grusveg (og med grusveg meiner eg støvveg). Når vi endelig kom fram til gjestehuset i Pnohm Phen var vi fullstendig dekka av støv. I Pnohm Phen var eg på killing fields og S-21 museumet, to ting som var utruleg sterkt men veldig fascinerande. Faktisk møtte eg ein av dei overlevande frå S-21. Ein utrulig sterk mann, anbefaler sterkt boka hans som eg ikkje hugsar namnet på i farten. Etter Pnohm Phen reiste eg til Siem Reap, der dei berømte Angkor Wat ruinane ligg. Det var verkeleg nokre massive konstruksjonar, mange av dei nydelig bevart. Ein dag var eigentleg alt for lite der, men har du dårleg tid så har du dårleg tid. Neste stopp var Ho Chi Minh city i Vietnam. Eg fekk berre to dagar der, som eg brukte på krigsmuseumet og suvenirshopping. Eg var sjuk begge dagane eg var der, så eg bevegde meg eigentleg rundt i halvørska heile tida. Føler at eg ikkje fekk nok tid der, så det frista veldig å reise tilbake ein dag. Eg kunne skrive sånn ca femten blogginnlegg om ferien min, men eg bloggar tross alt om prosjektet mitt her, ikkje ferien. Men om de skulle vere himla interesserte i å høyre meir får de spandere ei pils på Tønna i Bygstad til sommaren, så skal eg heller fortelle meir. Anna og Cathrine på nyttårstur til XinjiangDet var ein gledens dag då ferien vår offisielt starta fredag 28. desember. Etter å ha snakka med folk høge på juleferie heime, var den svært etterlengta! Anna og eg bestemte oss for å reise på nyttårstur, og etter mykje om og men og fram og tilbake fann vi ut at vi skulle reise til Xinjiang, som er ein provins HEILT vest i Kina. Vi fiksa oss billettar til Urumqi via Lanzhou, og planen var å reise frå Urumqi til Turpan og feire nyttår der. Tøffe som vi er, bestilte vi berre sete i staden for seng frå Yinchuan til Lanzhou. Var berre sju timar, fekk vi beskjed om. Det var det då ikkje, det var ti tima, og prøv den som vil å sitte pinn i ro i ti timar klemt mellom eit iskaldt vindauge og ein anna person. Det vart ein del morsosame samtalar og dårlege vitsar etterkvart som vi kom ut i dei små timar, og når vi kom på togstasjonen i Lanzhou trur eg kanskje vi var på samanbrotets rand grunna svalt og søvnmangel. Men vi kom fort over det når vi fekk kjøpt oss litt nudlar. Toget frå Lanzhou til Urumqi var forseinka, og vi sat på den iskalde togstasjonen og drøymde om den sengene vi hadde bestilt for dei neste 24 timane. Når vi endelig fekk gå på toget, venta ein haug med.. Tja.. Interessante hendingar, får ein vel seie. Først oppdaga vi at sengene vi hadde fantasert om allereie var sove i. Toget kom frå Beijing, og sengene våre var nokon som hadde gått av i Lanzhou sine gamle. Sengeklede var det umogleg å skifte før Urumqi (det var iallefall slik eg forstod det mannen sa, men kinesisken min er ikkje heilt til å stole på alltid..), og alle rista på hovudet over dei fisefine utlendingane. Eigentleg brydde vi oss fint lite, altfor trøtte til å bry oss om lus og skabb og slikt, vi tenkte berre at viss det var mogleg kunne vi no prøve. Vi klatra opp i sengene og sovna tvert! Ti minutt seinare vakna eg av at ein mann stod to centimeter frå ansiktet mitt og skreik til meg på ein kinesisk eg ikkje forstod nokonting av. Lettare stressa, redd og irritert svarte eg stotrande at eg ikkje forstod kva han sa. Han vifta med billetten sin og laga nokre voldsomme andlet, og til slutt forstod eg at han hadde same billett som meg. Dei hadde altså dobbelbooka senga mi. Eg klatra ned, og etter mykje diskusjona med både den sinte kinesaren og den lettare stressa konduktøren, og veldig mange “ting bu dong!” (eg forstår ikkje!) frå mi side, fekk eg ei ny (dog, brukt) seng og sa unnskyld til den sinte kinesaren for at eg hadde sove i senga hans. Det var greit, han tilga meg den. Vi som som steina begge to heile togturen igjennom, og var voldsomt friske og opplagte når toget rulla inn på stasjonen i Urumqi, provinshovudstaden, klokka halv tolv om formiddagen 30. desember. Då vi steig ut av toget slo kulda mot oss som ein iskald vegg, og det var rett og slett vondt å puste. Seinare sjekka eg temperaturen på internett, herlige 25 minusgrader var det. Det var litt drøyt. Men vi pakka oss godt inn og gjekk til innkjøp av fora vintersko og åt supersterk hot pot, sånn at vi var litt betre rusta for kulda. Vi vandra rundt i byen berre for å oppdage at alle museum og liknande var stengt, og at alle organiserte turar til attraksjonar rundt Urumqi var og stengt grunna store mengder snø i vegen. Men vi fekk iallefall sett mykje av byen, og vi gjekk på diverse marknader og åt god mat, så alt i alt ein bra dag. Dagen etter kom vi i prat med ein engelskmann som budde på hostellet vårt, og vi fortalte han om planane våre for nyttårsafta. Han rista på hovudet og sa det var absolutt ingenting i Turpan, og at vi måtte bli i Urumqi på nyttårsafta. Visstnok skulle det vere ein bra expat (ex patriot, nemninga for utlendingar busett i Kina – og andre land, så klart, men i dette tilfellet Kina) bar her der det skulle vere stor nyttårsfest. Ettersom vi bur i Yinchuan der dei einaste utlendingane vi ser er kvarandre, fann vi ut at det var litt for spennande til å reise frå. Dagen tilbringte vi med å vandre meir rundt i byen, finne ut at museumet fortsatt var stengt for så å praie ein taxi og etter mykje diskusjon få han til å køyre oss ut på eit fjell som visstnok skulle vere hen piaoliang (veldig vakkert). Det var pent, knall blå himmel og heilt kvit snø, og fleire hundre kinesarar i skibakken. Når vi kom inn på den allereie nemnde puben nyttårsafta fekk vi nesten bakoversveis. Det var varmt, lunt, stilig og fullt av både utlendingar, kinesarar og uigurar (etnisk minoritet i Xinjiang). Stemninga stod i taket, og vi fekk snakka med mange interessante folk den kvelden. Briten på hostellet vårt, til dømes. Han held på med eit veledighetsprosjekt der han rir kamelar frå Dehli til Beijing! Han vart diverre stoppa av politiet utanfor Urumqi av di han ikkje hadde kamel-sertifikat, men er snart på veg igjen no når han har fått ordna papira. Xinjiang ligg to timar bak Beijing-tid og difor vart det nedteljing både klokka 12 og klokka 2, og dei ivrigaste hadde visstnok haldt på med nedteljing heilt til klokka åtte om morgonen. Dagen etter brukte vi til å utforske Urumqi sine kulinariske sider. Dei har fantastisk god mat i den her provinsen. Brød, spicy kebabar og nudlar i alle slags formar og fasongar. Første nyttårsdag var ein roleg dag, av naturlege årsaker. 2. januar kom vi oss endeleg til Turpan! Vi tok buss frå Urumqi tidleg om morgonen og booka ein so kalla “black taxi” for å køyre oss rundt til ulike attraksjonar heile dagen for den nette sum av 150 yuan (ca 120 kr trur eg?). Vi såg 2000 år gamle ruinar, massive fjell, lokale marked og det var absolutt INGEN andre der. Veldig koselig. Vi tok bussen tilbake om kvelden. Plutselig, midt i ingenmannsland stoppa bussen og tok på omlag 20 vegarbeidarar. Bilen deira hadde kjørt utfor og dei trengte transport tilbake til Urumqi. Igjen fekk vi pleia den gode samtale (som eg såg kongen oppmoda om i nyttårstalen sin), ved hjelp av handbevegelsa, ordlister og innøvde strofer. Returen til Urumqi to to timar lengre enn turen til Turpan, og i god Kinastil var sjølvsagt ikkje varme på i det heile tatt inni bussen. Heimreisa gjekk betraktelig mykje betre enn turen til Urumqi, ingen dobbelbooking eller sinte kinesarar. Einaste var ein massiv brann i eit kjøpesenter rett utanfor togstasjonen i Urumqi. Fem personar skal ha døydd i brannen, og det skjønar eg godt. Då vi kom dit var fire bygningar i full flamme, og rett før vi gjekk på toget hadde ein femte bygning tatt fyr. Alt i alt ein bra tur, sjølv om vi ikkje fekk sett noko av det vi hadde lyst å sjå. Xinjiang er veldig berømt for vakkert landskap, men vi lærte at vinteren ikkje er beste tida å besøke provinsen på. Vi vurderar ein tur tilbake i april eller så, då veret er litt varmare og attraksjonane forhåpentlegvis er opne. Nettverkstur til Hainan!![]() I midten av november fant Fredskorpset ut at dei skulle spandere tur på oss til Hainan for eit nettverksmøte med andre Fredskorpset deltakara i Kina. Hainan er ei tropisk øy som ligg heeeeilt sør i Kina, på breiddegrad med nord Thailand og Vietnam. Den vert omtalt som ”Kina’s Hawaii”. For dei av dykk som ”ikkje såg men likevel såg” Miss World finalen i år, så var den frå Sanya, Hainan. Faktisk var vi der samstundes med alle missene. Såg ikkje noko til dei, diverre. Vi flaug frå Yinchuan til Xi’an, frå Xi’an til Kunming og frå Kunming til Haikou (Hainan). På flyet som gjekk Yinchuan – Xi’an – Kunming sat vi bak eit amerikansk ektepar som nettopp hadde vore i Yinchuan og henta ein liten gut dei hadde adoptert. Han var om lag 2 år gamal og heilt nydeleg! Eg vart sittande heile dagen og fundere på kor utruleg forskjellig livet hans kjem til å bli frå no av. Han har jo sjølvsagt skute gullfuglen. I to år har han budd på barneheim og konkurrert om merksemda til om lag 20 tilsette med om lag 300 andre born. No får han eitt sett foreldre som gjer han alt dei har av merksemd, alt han treng og endå litt til. Ein annan ting eg grubla litt over var språket hans. Som toåring kan du rimelig greitt mykje kinesisk. No får han engelskopplæring i eit engelskspråkleg land, og det verka ikkje som om foreldra hans hadde tenkt å gjere noko for at han skulle halde på kinesisken. Til dømes sat han og sa ”Mama, wo ai ni! Baba, wo ai ni!” heile turen, som tyder ”Mamma, eg elskar deg! Pappa, eg elskar deg!” utan at foreldra i det heile tatt reagerte. Vi forklarte dei kva han faktisk sa, og då vart dei sjølvsagt veldig glade. Dei prøvde å seie noko tilbake på kinesisk, men la kjapt om til engelsk for å byrje opplæringa hans. Eg kom fram til at det i grunn var utruleg trist at kinesisken hans kom til å forsvinne heilt når han har eit så godt grunnlag for å snakke det flytande. Då vi landa i Haikou, steig stemninga 10 hakk. Etter ein seeeig dag på reise med alvorleg mykje venting her og der grunna dårleg vêr, var det ubeskriveleg herleg å stige av eit fly og ut i 27 herlege plussgrader! Det Dagen etter byrja vi turen vår frå Haikou til Sanya, der møtet med Fredskorpset skulle vere. I god kinesisk stil, skulle vi ha ein del stopp på vegen. Første stopp var ein strand temapark. Vi fekk køyre på flåte der vi vart fullstendig nedspruta av ivrige kinesarar som truleg lurte på korleis utlendingar såg ut våte. Men med lett fønvind og 30 varmegrader tørka vi fort! Vidare tok dei oss ut i båt og kjørte til ei stranddyne lenger uti havet. Der hadde vi 15 minutt før vi måtte vidare. Det var kanskje det mest fascinerande. Kinesarar på stranda er ikkje som nordmenn på stranda må de tru! Vidare reiste vi til ein perleoppdrettfabrikk/museum/butikk og såg på korleis dei fiska perler og laga vakre smykke av dei. Jentene vart svært fascinerte, gutane kjeda seg på nivå dei ikkje hadde trudd dei kunne kjede seg på før. Etter dette, var vi innom ein tropisk hage. Der såg vi eit par utlendingar, og innsåg at vi hadde budd såpass lenge i Kina at vi byrja å kalle andre utlendingar for lao wai, som er det kinesiske ordet for det. Vi var og i ein kaffifabrikk, noko som var heilt fantastisk for kaffitørste nordmenn på tur! Kokkoskaffi, sjokoladekaffi, mørk kaffi, lys kaffi, mintkaffi… Smaksprøver på alt! Vi var overlukkelege! Trur vi var innom eit par stopp til, men tydelegvis har dei ikkje gjort noko særleg inntrykk for eg klarer ikkje for alt i verda å hugse noko frå dei, og eg har heller ingen bilete derfrå. Vel framme i Sanya fann vi hotellet vi skulle bu på. Det var kanskje det finaste hotellet eg har budd på i Kina nokon gang, så vi var svært nøgde. Vi fann Ingri, som arbeider med funksjonshemma i Beijing gjennom Fredskorpset og reiste ut på middag med ho. Vi åt fantastisk sjømat, som kanskje er det einaste Hainan er gode på av mat. Så gjekk vi ut og drakk latterlig dyre drinkar, berre fordi det ikkje er slikt å oppdrive i Ningxia Dagen etter, laurdag, var det tid for nettverkssamling. Vi reiste til ein liten park ved ei strand og satt i sola og delte erfaringar med dei ulike prosjekta og utveksla visittkort. Det var veldig interessant å prate med spesielt Ingri, sidan hennar prosjekt er veldig likt vårt. Skilnaden er at ho arbeider for ein NGO (non-governmental organization), medan vi arbeider for ein statleg organisasjon (CDPF). Vi fekk mange nyttige og lure innspel frå ho, som vi definitivt skal prøve å få gjennom i Ningxia! Mellom anna får dei jamleg besøk av kunstnarar og liknande som har diverse prosjekt med elevane. I Ningxia er vi vener med dottera til sjefen for kunstfakultetet på universitetet, så vi håpar å få starta noko liknande med våre elevar. På vegen tilbake mellomlanda vi i Xi’an og hadde plutselig sju timar å slå i hel på flyplassen der. Vi tok turen utav flyplassen og gjekk for å ete i ei lita mat-gate nedanfor. Der fant vi ein restaurant som serverte Vi var alle veldig nøgde med nettverkssamlinga, og vi avtalte å vitje Ingri sitt prosjekt i Beijing i løpet av dei neste månadane, og ho ville gjerne kome og sjå korleis vi hadde det òg. Det som òg er litt morosamt er at eg har faktisk jobba med broren til Ingri to år på rad i Flåm. Verda er lita!
Tur til Guyuan med sjefane og rafting på daude, oppblåste sauer!Tidleg om morgonen 1. november reiste fem nordmenn, ein amerikanar og seks kinesarar sørover i ein liten minibuss. Toppsjefane reiste og, men dei var i ein annan bil (sølvfarga med sota vindauge, som seg hør og bør når ein er toppsjef). Vi skulle til ein liten landsby utanfor Guyuan, som er ein veldig fattig liten stad sør i Ningxia. Universitetet vi arbeider på eig og driv to skular der nede (ein barneskule og ein ungdomsskule) som ein slags veledigheit. Sjefane skulle nedover for å sjekke korleis det gjekk med dei, og vi vart invitert med sånn at elevane skulle få sjå utlendingar. Vi likar å reise på tur, vi, så vi slengte oss med! Einaste problemet var at Anna, ekstremsportaren vår, veka før hadde klart å brekke eit lite bein i foten på boksetrening og no sat i gips og humpa rundt med lånte krykker. Qin Wen (ho som har ansvaret for oss her) var veldig usikker på om Li Hong (sjefen vår) kom til å gå med på at Anna fekk reise, så Anna og eg troppa opp med minibussen 20 minutt før avreise for å vise Li Hong kor håpefulle vi var. Vi hadde ein stor greie planlagt om at eg skulle begynne å grine viss ikkje Anna fekk vere med, men vi slapp. Li Hong hadde argumentert vel og lenge for at Anna skulle få bli med til toppsjefane, så det var allereie i boks! Fantastisk! På vegen nedover stoppa vi på grensa mellom Kina og Indre Mongolia (den nordligaste provinsen i Kina). Langs heile grensa er det restar frå den kinesiske mur frå Ming dynastiet (AD 1368 – 1644). Det ser i grunn ut som ein diger jordhaug, men det er i alle fall ekte. Kjederøykaren (sjåføren – han røykte HEILE veien, inni bussen. Herlig) stoppa bussen og vi sprang ut for å knipse litt. Vi køyrde vidare og neste stopp var ein ”ørken og elv”-temapark, kan det vel kanskje kallast. MIDT i ingenmannsland, der Gobi ørkenen og Den Gule Elv møtast, har dei bygd opp eit lite turistsenter. Der fekk vi køyre akebrett på sanden og rafte nedover Den Gule Elv på oppblåste, daude sauer. Dei har rett og slett berre tatt skinnet til sauer, blåst det opp og festa det til nokre treplankar og laga flåte av det. Vanvittig ekkelt, men ganske kult og. Grunnen til at dei gjorde dette er at dei hadde stor mangel på tre i området før i tida og ingen moglegheiter til å få det transportert så langt ut i ørkenen, men samstundes hadde dei eit stort behov for å kome seg over elva. Sauer hadde dei mange av derimot… Det ligg bilete av dette på profilen min! Etter lunsj i ørkenen, reiste vi til Xumi fjella heilt sør i provinsen Ningxia. Der er det 132 grotter med over 300 Buddha statuer inni. Veldig fascinerande. Diverre er mange blitt øydelagde i diverse jordskjelv og generelt berre av vêr og tid. Den som er best vedlikehalt er den gigantiske statuen. 20 meter høg og heilt perfekt intakt. Grotta rundt den har kollapsa for lengst, så no står den liksom og passar på dei andre mindre statuane, og speidar utover fjella. Dagen etter fekk vi beskjed under frukosten at vi skulle undervise på skulane vi skulle besøke. Greitt å få litt forvarsel! Så igjen, inn i minibussen, og ut på landsbygda. Landskapet var heilt utrulig stilig heile vegen! Fjella spesielt var fascinerande. Regjeringa prøvde tidleg på 60-talet å dyrke ris over heile Kina, så dei fekk arbeidarar til å lage ulike platå på alle fjell rundt om i landsbygd-Kina. Det viste seg jo rimeleg raskt at det var heilt fullstendig ufruktbart i Ningxia, ettersom det er høgt over havet og ein ørken. No står fjella der som eit minne på 60-talets framstegsprosjekt. Skulane var rimelig simple og iskalde, men med mange kjempeglade elevar. Dei var veldig skeptisk til utlendingane først, det hadde dei aldri sett før, men etter ei stund tødde dei opp. Vi song songar, las engelske dikt også lærte eg dei slanguttrykk. Veldig festlig. No som prosjektet i Yinchuan avsluttast, er det kanskje noko å tenkje på å starte eit liknande prosjekt i Guyuan? Ettersom Guyuan på mange måtar er mindre moderne enn Yinchuan er det og grunn til å tru at det er på høg tid med eit prosjekt med fokus på folk med funksjonshemmingar der. Kinesisk etikette - ein introduksjonEtter ei veke i Yinchuan vart vi invitert til bankett med leiinga på Universitetet. Sjølv om eg har vore med på bankettar i Kina tidlegare (les: var her for to år sidan då eg var leiar i Ungdomspolitisk utval, med ein delegasjon med mellom andre Lidvin Osland), vart eg like overraska og underhaldt på denne. Det heile byrjar med at vi får eit eige privat rom på ein fancy restaurant. Der står vi og henger litt og veit ikkje heilt kor vi skal gjere av oss. Så blir vi bedt om å setje oss. Her kjem det aller viktigaste: den som har høgast rang skal sitte på “enden”, så det gjeld for alt i verda å ikkje setje seg der. Det skulle jo i utgangspunktet vere lett å forstå kor enden er, men den gang ei. Bordet er rundt. Derimot er det ein serviett som er mykje meir fancy bretta enn dei andre, og DET er sjefen sin plass. Neste triks er å IKKJE setje seg vedsida av han eller ho, ettersom det kan bli ein del press utover kvelden. Meir om det seinare. Vi fekk satt oss ned, og Christian havna vedsida av sjefen og Karen havna vedsida av ein anna, litt mindre betydelig, sjef. Det var to bord. På vårt bord satt übersjefen ilag med andre mindre viktige sjefa, og på det andre bordet satt den nest viktigaste sjefen ilag med VÅR (kontoret vi jobbar for) übersjef (ei meeeeget myndig dame!) og amerikanerane (les: amerikanske lærararar, er her på kontrakt med ein eller anna kristen organisasjon). Sidan amerikanerane ikkje kan drikke (pga kontrakten) var det bordet alkoholfritt. Vårt bord var ikkje. Absolutt ikkje. Så byrja talene. Den nest vikitigaste sjefen på alkoholfribordet tok opp glaset sitt med te og sa ganske enkelt kor trist han var for at han sat på det bordet ein ikkje kunne drikke alkohol. Så skåla vi for det, og amerikanerane såg lettare ille berørt ut. Så tok übersjefen det lille shotteglasset sitt med bai jiu (søtt brennevin, smaka ufyseleg) og ønskte oss velkommen og sa han var så glad for å møte oss og at i så godt selskap må ein drikke masse og vere venna. Så var det gambe (bottoms up!), og masse latter når alle såg ansiktsuttrykka til fem unge nordmenn som absolutt ikkje likte å styrte 40% alkohol… Vidare kjem det sju (trur eg) kalde rettar. Sjefen er den første til å ta, og etter det er det fritt fram. Borda har ei stor rund plate midt på der all maten står, så snurrar det rundt og alle forsyner seg frå tallerkane med spisepinnane sine (som dei seinare puttar i munnen- hygenisk). Igjen masse latter når fem nordmenn klønar til seg noken få bitar med eit eller anna mystisk vi eigentleg ikkje veit kva er. Det her med spisepinna og vestlige syns kinesera er superfestlig. Eg kan informere om at det er like festlig når dei skal ete med kniv og gaffel… Men ta det med ro alle framtidige Kinareisande – det går fort å lære. Så skålar vi litt for god mat, godt samarbeid, god helse, hell og lykke, vennskap, Norge, Kina, USA, kinesiske kokkar, norske vintrar, godt vær, SINONOR, lærarar… You name it! Christian var hendig plassert vedsida av sjefen og tok mesteparten av skålane. Vi var alle imponert over ein heilt utrulig alkoholtoleranse frå hans side! Karen fekk og ein del skålar, og hadde ikkje på langt nær like høg toleranse som Christian. Ho vart raskt rimelig fnisete. Etter mykje om og men og fram og tilbake gjekk dei med på å la ho ta små slurkar, og etterkvart fekk ho gå over til å skåle med te. Igjen masse latter. Så kjem det sju (trur eg, igjen) varme rettar. Igjen tar sjefen først, så forsyner andre seg. Igjen masse latter. Igjen masse skåling. Servitrisene springer rundt og fyller på glasa våre sånn at det aldri står tomt. Meir skåling… Etterkvart er folk ferdige å ete. Då byrjar sjefane og gå rundt i rommet og skåle med folk dei møter på sin veg. Dei på det alkoholfrie bordet var leie av å vere alkoholfrie, og med ein sånn skålerunde får dei og drikke. Vår übersjef kom til vårt bord og skulle skåle med oss, men då hadde vi gått over på drikkeyogurth. Så vi tok en høflig sipp av den medan ho styrta rødvinen sin. Då stirra ho på oss, lo og sa:“Neinei, gambe betyr drikk opp!”. Sånn gjekk det for seg første (og siste?) gang eg shotta drikkeyogurth med jorbærsmak. Så seier sjefen at middagen er over, og alle kan gå kor dei vil. Vi gjekk rett heim. Zzzzz. I slutten av september tok vi mot til oss og invitert China Disabled People Federation (CDPF) med oss på ein slik middag for å prate om prosjektet vidare. Som sagt skal vårt prosjekt avsluttast etter i år, og fylkesrådet for funksjonshemma går inn som ny partner. Ein delegasjon på fem frå CDPF skulle til Norge for å legge planar for vidare samarbeid, og som dei lydige og flinke prosjektdeltakarane vi er ville vi ønske dei god tur og kanskje finne ut kva dei hadde tenkt vidare for sin del. Det viste seg at dei ikkje var sånn kjempepratsomme når det gjaldt kva som skulle skje vidare. Når vi spurte, svarte dei at det var ting som måtte diskuterast i Norge. Men litt gjekk gjennom, og det viste seg at Norge og Kina hadde litt ulike intensjonar om kva som skulle skje vidare. Kineserane ville ha korte utvekslingar på 2 til 3 månedar, medan Norge og Fredskorpset (som jo skal finansiere greiene) vil ha lange på 6 til 12 månedar. Kina vil at utvekslinga kun skal gå med CDPF, medan Norge vil ha Universitetet i Ningxia inn som partnera og, ettersom dei sit på erfaring med utveksling frå dei siste fem åra. Floken vart løyst i Noreg, men vi var litt urolege ei stund. Iallefall skålte vi og snakka pent om kvarandre sine organisasjonar og kvarandre sine land, og vart einige om å ta ein ny middag ved eit seinare høve. I februar kjem det ein ny delegasjon frå Norge, med mellom andre våre norske sjefar. Vi gler oss til de kjem! Vi gler oss til å skåle for gode sjefar, veret på vestlandet, Tine Meierier og Freia Melkesjokolade. :)
Dei første vekene i Yinchuan, del 2Etter at vi kom attende frå Xi’an var det undervisningsstart for min del. Det var mykje rot med timane mine, men etter mykje fram og tilbake kom vi fram til ein timeplan som ser slik ut: Måndag: Munnleg engelsk på Blind Massage Center frå 8.00 til 9.00. Uvisst på Hearing Disabled Children Training Center frå 15.30 til 17.00. Kinesiskundervisning frå 19.30 til 21.05. Tysdag: Munnleg engelsk på Ethnic Minorities Prepatory School frå 08.10 til 11.50 Munnleg engelsk for idrettsstudentar- og lærarar frå 15.55 til 17.30 Onsdag Privattimar for Wang Jie frå 9.00 til 10.00 Munnleg engelsk for studentar frå fattige familiar frå 19.30 til 21.05 Torsdag Munnleg engelsk på Ningxia Mentally Disabled School frå 09.00 – 10.00 Munnleg engelsk på Ningxia Special Education School frå 15.30 til 17.00 Dei har ei elendig engelskbok der dei fleste øvingane går ut på å “sjå på bileta og forklar kva du ser”. Idiotisk. Martin (som har juniorklassen) og eg har bestilt to Braillemaskiner frå Beijing no, så vi kan lage eigne oppgåver til dei. Maskinene er til dei, vi berre lånar dei. Vi kjøpte og med oss nokre fotballar med bjøller inni og nokre pedagogiske leikar frå Noreg før vi reiste hit. TUSEN TAKK til Sparebanken Sogn og Fjordane som sponsa oss med 3600 kr til utstyr! De har gjort mange blinde born i Ningxia veldig glade! Kinesiskundervisning frå 19.30 til 21.05, igjen Så er det helg for min del. Undervisningsfri på fredagar. Helgene går med til å utforske gamlebyen, rette stilar, førebu undervisning, henge med folk, både norske, amerikanske, kinesiske osv. Nytt innlegg kjem snart! :) Dei første vekene i YinchuanNo når de har fått ein introduksjon til prosjektet eg arbeider med her i Yinchuan, tenkte eg det var på tide å fortelje kva eg har gjort dei første månadane her. Det vert litt langt, så eg delar det inn i to innlegg. Vi kom til Yinchuan 12. september, etter 14 timar på reise. Qin Wen (Kiss) og Kong Chao (Forrest) plukka oss opp på flyplassen og gav oss en halvtime før vi skulle ut og ete. Herlig. Det var starten på to meget hektiske introduksjonsveker, med diverse papirarbeid som måtte ordnast, sightseeing og prøve å lokalisere seg i ein heilt framand by. Godt vi hadde hjelparar seie berre eg! Dei er veldig snille og tek godt vare på oss. Før eg fekk starta undervisninga, vart det ferie! Kineserane feira nasjonaldagen sin 1. oktober med ei heil veke fri. Nesten… Ein kan jo ikkje ha for mykje fri, og sidan elevane og studentane går glipp av undervisning den veka, tek dei det att med å ha undervisning søndagen før ferien offisielt startar. Gjett om mine tre landsmenn som måtte arbeide den dagen vart glade… :) Same søndag reiste vi til Xi’an. Universitetet spanderte ein ferie på oss dit. Det var oss fem nordmenn, tre av amerikanerane og kinesaren David. David bur i bygningen vår og fungerar både som vaktmester, tolk, barnevakt og guide. Superkoselig mann som smiler heile tida! Togturen til Xi’an tok 13 timar, så vi reiste om kvelden og kom fram om morgonen. Utruleg grei og billig måte å reise på! I Xi’an var vi på ein sightseeingmaraton utan sidestykke. Det var rett og slett fælt. Beklaga til guiden vår, som var ei veldig kjekk og grei dame, men så ivrig… Vi fekk jo sett mykje, og det var mykje spanande historie, men på slutten av dagen sat vi igjen med mange bilete ifrå plassar vi eigentleg ikkje hugsa kva var. I løpet av 3 dagar såg vi over 15 attraksjonar. Det eg hadde gleda meg mest til var Terrakottasoldatane, men der var det så mykje folk at vi ikkje kom oss nokon veg (sjå biletet). Siste dagen fekk vi endeleg tid til shopping, så då var vi på The Muslim Market. Der har dei alt mogleg til prutepris. Eg kjøpte sekk og skjerf og pynteting og øyredobbar og armband og lommebok og endå meir pynteting… Og med dei rette frasene inne, kan ein få nesten kva pris ein vil: Duoshao qian? – kva kostar det? Vi var alle glade når vi kom attende til Yinchuan. Xi’an var stort, bråkete og stappfullt av nordmenn. Vi merka stor forskjell i korleis vi vart behandla i Xi’an i forhold til korleis vi vert behandla her i Yinchuan. Xi’an er bygd opp av turisme. Alle snakkar engelsk og ein kvit person er ein turist som skal behandlast med eit stort smil, uansett. I Yinchuan er vi kunde, kollega, lærar og fullstendig språkforvirra og prøver desperat og kome fram med dei få klønete strofene kinesisk vi har nipugga. Ein kan risikere å bli ledd av eller at dei rista på hovudet fordi dei ikkje forstår. Det er DET vi er her for, for å utvikle forståing (og forhåpentlegvis språkkunnskapar) gjennom å snuble litt i byrjinga. Det er mange artige situasjonar ein kan kome opp i grunna manglande språkkunnskapar. Til dømes brukte eg og Martin to timar på butikken ein dag heilt i byrjinga for å kjøpe omlag 20 produkt. Ein anna dag måtte eg simulere høne framføre fire leande butikkdamer for å finne egg. Eit tredje døme er at vi enda opp med å bestile heilstekt småfugl en dag vi var ute og åt på eigenhand. Den lukta meget mystisk. Neste innlegg vert om korleis undervisninga har utarta seg til no, og om kvardagslivet i Yinchuan. Blogg frå Kina!![]() Hei, eg er ny bloggar. Eg kjem til å blogge om prosjektet eg deltar i. Sinonor er eit utvekslingsprosjekt finansiert av Fredskorpset Ung Noreg med Raude Kross Nordiske United World College og Ningxia University som partnerar. Kvart år reiser fem nordiske ungdommar til provinsen Ningxia i Kina for å undervise i muntleg engelsk for både fysisk og psykisk utviklingshemma, òg for studentar på universitetet i Yinchuan. Samstundes reiser to kinesiske ungdommar som voluntørar til UWC i Flekke. Utvekslinga varer i ni månedar. Målet med prosjektet er at deltakarane gjennom å bu og arbeide i forskjellige land skal få ei større forståing for kulturen og levesettet i vertslandet, samt prøve å påverke sitt nærmiljø. For oss som er i Kina tyder dette å spreie informasjon for å betre livssituasjonen for funksjonshemma i Kina. Prosjektet er inne i sitt femte og siste år no. Frå og med neste år, skal det gå ut på å sende engasjerte personar med fagkunnskap og erfaring frå arbeid med funksjonshemma til Yinchuan. Fylkesårdet for funksjonshemma og tilsvarande organ i Ningxia går inn som nye partnerar. Interessert? Les meir her: Prosjekt Kina Yinchuan er provinshovudstaden i Ningxia og har nett under ein million innbyggjarar. Omlag 130 er utlendingar, for det meste frå land i søraust Asia. Det hender at folk peikar på oss og ler, noko dei gjer stort sett fordi dei ikkje har sett kvite folk før. Andre gangar er det fordi enkelte av oss (les: meg) er allergisk mot innsektstikk og har fått eit gigantisk myggstikk midt i ansiktet, som eigentleg meir ser ut som ein blåveis enn eit stikk.. Sidan eg veit at alle Sogningar og Fjordingar med respekt for seg sjølv er opptekne av været, kan eg skrive litt om det. Det er alltid fint. Yinchuan ligg i eit ørkenområde, så det regnar særs sjeldan. Då vi kom hit, 12. september var det enormt varmt. No, 26. oktober er det kjempekaldt. Vi bur på campus, og her har dei fjernvarme. Den skrur dei på 1. november. Eg lovar dykk – vi GLER oss! Det var det eg ville skrive i dag, det kjem meir seinare! Kina-Cathrine | |||||||||||