Veka vil, vil publikum?I leiaren 6. desember får Studentveka i Sogndal passet påskrive. ”Satsar ikkje på lokal musikk” står det. Det er fleire fakta som må på bordet før Sogn Avis kan tillate seg å trykke dette. I leiaren blir det føreslått fleire lokale artistar, blant anna Eva & The Heartmaker og Vreid. Ironisk nok var begge ein del av artistprogrammet under Veka 2011. I tillegg hadde me Silje Nes i kulturhuset. Grunnen til at me brukte kulturhuset er at me ville unngå dørstokken som det meir vaksne og lokale publikumet gruar seg litt for på Meieriet. Alle desse tre konsertane vart store tapsprosjekt for Veka grunna sviktande billettsal. Mykje av feilen ligg sikkert på Veka sin jobb med marknadsføring. Men me kan og konkludera med at publikum ikkje er interessert i stor nok grad. Så kvifor skal då Veka booke lokale artistar? Det står ikkje på vilja! Er det noko me vil så er det å fremja det lokale, men me må diverre sjå på kva publikum vil ha. Leiaren har likevel eit godt poeng! Det er for lite fokus på lokal musikk. Men problemet er ikkje kor vidt me bookar Eva, Tone eller Olav. Problemet er at dei nye lokale banda som prøver å etablera seg ikkje har ei scena å stå på. Det er ingen ting i vårt fylke som tilseier at her skal me lukkast med musikk. Det er disse banda me som arrangørar må ta ansvar for. Lutt og Brak er to gode tiltak som gjer ein kjempejobb på dette området, men utanom det så er det eit trist fylke å drive med musikk i. Skal ein nokon veg med musikken reiser ein til Oslo eller Bergen. Dette er ein utfordring Veka vil jobbe med, og me har fleire planar på å få på plass lokale ”nye” artistar. En smartere bruk av oljepengeneDenne artikkelen underbygger Fremskrittspartuets forslag til bruk av oljepenger.
Annonse | |||||||||||