Annonse
Sognatreff

Samtalar og innlegg i regionen

Alle som ynskjer det, kan oppretta ei sone på Origo. Her viser me eit utval av nye bidrag frå soner i regionen vår.

Exclamation_desat_24

Møkakøyring og drit

Det er vår, tida for våronn, lamming, møkakøyring og landbruksforhandlingar. Vanlegvis. I år er det ikkje landbrksforhandlingar. I år gjorde bondelaget det mange bønder har meint at dei skulle gjort for fleire år sidan: Dei braut før forhandlingane starta. Talet bønder er på full fart nedover. Og Senterpartiet i regjering har hjelpt godt til med å få bønder bort frå matproduksjon og over i såkalla lågtlønna yrker. Eller i alle fall har dei ikkje gjort mykje for å stoppe den raude (og latesom-grøne) regjeringa si nedlegging av norsk landbruk. Kanskje dei har gjort desse bøndene ei teneste? Betre lønn og meir fritid? Eller kanskje er verdiane frå landbruket høgare enn verdien av pengar – både for bøndene og for samfunnet?

Eg har spreidd gylle denne veka. Før eg starta gav eg jordskifta nye namn. Eg kalla dei Senterpartiet, Soria Moria og Landbruksmeldinga. Så køyrde eg møk på dei. Og eg tenkte ikkje mest på graset og jorda, men på dei som jordskifta no var oppkalla etter. For kastar dei drit på meg, så køyrer eg møk på dei, tenkte eg og lo for meg sjølv der eg sat åleine på traktoren til det mørkna rundt meg. Soria Moria og Landbruksmeldinga treng litt næring skal dei vekse og bli til noko!

Ein kan få inntrykk av at ein del politikarar er så dumme at dei ikkje forstår at lønnsnivået i Norge virkar inn på matprisane. Dei lever i eit Soria Moria-eventyr utan bakkekontakt og utan vilje til eit visst nivå av kunnskap og sannferd. At journalistar ikkje forstår det er ikkje så uventa. Journalistar har «alltid» problem med å rekne. Det er derfor landbruksminister Lars Peder Brekk kan manipulere med tal om kva bønder tenar og komme unna med det utan mediekøyr. Alt dette tenkte eg på medan eg spreidde møk på dei.

Og så høyrde eg på radioen at Bondelaget reagerer på at Jens Stoltenberg manipulerar med tal om bønder si inntekt. Er det så rart? Han seier vel berre opp att same tala Brekk manipulerar med; tek opp att Brekk sine manipuleringar kan ein seia. Ein kan ikkje hengja statsministeren for å tru på landbruksministeren sin. Det er fall Brekk Bondelaget må retta kritikken mot. Men det er vanskelegare sidan han er frå Sp.

Så då eg sat på traktoren tenkte eg at neste jordstykke som skal få nytt namn skal heite Brekk. Så skal eg køyra møk på han òg! Eller kanskje, tenkte eg, skulle eg ha kalla opp handbremsen etter Brekk. Og eg lo for meg sjølv og drog i bremsen så traktoren slutta å trille. Det er slik det er å ha ein hand-Brekk som landbruksminister, tenkte eg. Skal det gå framover må hand-Brekken av!

Ein kan godt seia at Bondelaget har lukkast i å få merksemd om landbruket sin situasjon i Norveg. Kanskje dei kan nå fram med ein bodskap til regjeringa. Men som eg har sagt i fleire år så hadde det gitt ein mykje større effekt å gjort dette i starten av Soria Moria-eventyret, ikkje i slutten.

Når eg har fullført møkaspreiinga skal eg sjølvsagt gi bøane mine tilbake dei gamle namna. Det er mykje kultur og soge i gamle namn. Men kanskje eg døyper om stykka ein anna gong også, om det hjelper for å få ut frustrasjonar. I alle fall skal kyrne og sauene få sleppe å beite i kulturlandskap kalla opp etter Brekk, Senterpartiet eller raudgrøne eventyr. God helg!

Exclamation_desat_24

MOKURSET 2012

Sogn og Fjordane Folkemusikklag inviterer til Mokurset 29. år på rad. Sommarkurset i folkemusikk og –dans er for både born, unge og vaksne, og går av stabelen på Mo i Førde 8.-13. juli. Det har alt kome mange påmeldingar, men det er plass til nokre fleire! Påmeldingsfristen er 20. mai.

Instruktørar i toppklasse

Mokurset kan også i år tilby kurs med nokre av dei aller fremste utøvarane og pedagogane i landet. Kursdeltakarane får undervising på song, fele, hardingfele, trekkspel og toradar av Åshild Vetrhus, Steinar Rygg, Marianne Tomasgård, Helene Myklemyr Bolstad, Sigmund Eikås, Leif Erik Stuhaug, Simona Fraas Johnsen, Hilde Fjerdingøy og Ingrid Heieren. Song- og spelkursa føregår i grupper på ulike nivå, men det er også lagt opp til individuell undervising og fellesaktivitetar på tvers av nivå.

Unikt dansekurs

Mokurset tilbyr fordjupingskurs i folkeleg dans, med fokus på relasjonen mellom musikk og dans. Og dette dansekurset er det einaste av sitt slag i landet. Dansepedagog Ami Petersson Dregelid og dansespelemann Ellika Frisell leiar kurset.

Samarbeid med festivalen held fram

Førdefestivalen og Folkemusikklaget starta i fjor eit samarbeid om meisterklasse på Mokurset. På denne måten er Førdefestivalen med på å støtte arbeidet for å stimulere unge utøvarar og få fram endå fleire musikktalent. Og kanskje vert nokre av dei i framtida å finne som festivalartistar? Felespelaren Jorun Marie Kvernberg frå Fræna leiar årets meisterklasse, og ho er ein allsidig felespelar som trakterer både hardingfele og vanleg fele. Ho er kjend frå kritikarroste ensemble som Majorstuen, Tindra og Unni Boksasp ensemble, og har motteke ei rekkje prisar og stipend for musikken sin.

Gode støttespelarar

Mokurset har ei rekkje gode og viktige støttspelarar, og i tillegg til Førdefestivalen er følgjande med på laget: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, FolkOrg, KOMP, Rff, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Tine og Lerum.

Meir informasjon og påmelding på www.mokurset.no

Exclamation_desat_24

Litt før boblene brast...

_Allereie sommaren 2007 var Terra og Vik kommune tema i Sogn Avis sine spalter. Det var før sjølve terraskandalen var avslørt i all sin gru.
I samband med at filmen «Når boblene brister» blir vist er det på sin plass med lltt repetisjon. Under kjem først ein leiarartikkel med tittel «Ubegripeleg tabbe i Vik». Så eit svar frå dåverande ordførar Erik Lidal og så eit lite intervju med Erling Stadheim. _

Før boblene brast, altso….

Ubegripeleg tabbe i Vik

Rekneskapsrevisjonen i Vik avdekte for snart to månader sidan at den økonomiske situasjonen i kommunen er av ein heilt annan karakter enn det både folkevalde, administrasjon og folk flest i kommunen har gått rundt og trudd. Så seint som i januar fortalde Sogn Avis at alt var vel i den tidlegare ROBEK-kommunen. Det var gjennomført ein vellukka og heldig økonomisk snuoperasjon etter eit økonomisk vanstyre over tid. Vikjene hadde nesten over natta teke steget opp til dei beste i klassen for kommunal, økonomisk styring. Dette var det reinaste vås, viser det seg no.

Revisjonen har avdekt ein gigantisk økonomisk baksmell. Det vikjene gjekk rundt og trudde var eit 2006- overskot på rundt ni millionar kroner, viste seg å vera eit oppsamla underskot på meir enn det doble. Sidan 2001 er det akkumulert eit underskot på 19,8 millionar kroner. Ingen har så langt kome med ei fullgod forklaring på korleis dette kunne skje. Men det er heilt openbart at Terra sine aksjespekulasjonar med innbyggjarane i Vik sine pengar ikkje akkurat har vore vellukka.

Det viktigaste spørsmålet er korleis aksjetapa i 2001 og 2002 først blir avdekt og kjent for dei folkevalde i sin heile og fulle storleik i mai 2007. Nokon skuldar på at rekneskapsføring kan vera komplisert. Andre konstaterer at den avtalen som kommunen har inngått med Terra er så komplisert at den er komplett umogeleg å forstå. Begge desse forklaringane er meir enn pinleg for Vik kommune, dei er skandalause.

Viss det verkeleg er tilfelle at avtalen med Terra er så komplisert at den ikkje er råd å forstå, må dei som var ansvarlege for å inngå avtalen stå til ansvar for det. Det er også rimeleg dramatisk når leiaren i kontrollutvalet, Olav G. Stadheim, går ut og seier at han føler at kontrollutvalet er førde bak lyset. Ei uhilda gransking er heilt nødvendig. Denne siste økonomiske skandalen i Vik byggjer opp under biletet av ein kommune utan fullgod styring, og utan gode nok kontrollrutinar i si daglege drift.

Me registrerer at det sitjande kommunestyret vil freista å rydda opp i denne skandalen før dei nye folkevalde kjem på plass til hausten. Det skulle berre mangla. Men truleg må det langt sterkare lut til for å retta opp att tilliten til den skakkøyrde kommunen, som sjølvsagt ikkje kunne unngå ny ROBEK-innmelding etter denne skandalen.

_Publikasjonsnavn: Sogn Avis
Publikasjonsdato: tirsdag 3. juli 2007
Arkiveringsdato: tirsdag 3. juli 2007
_

Dette svarte dåverande ordførar Erik Lidal i eit innlegg som stod på trykk 9. juli.

–Ubegripeleg tabbe i Vik

Under denne overskrifta freistar redaktøren i Sogn Avis å forklara lesarane kva som har skjedd i Vik, og om det “vanstyret” kommunen slit med.

Eg finn det rett å få fram nokre opplysingar i denne saka, som er vanskeleg og kjenselada for både administrasjon og politisk leiing.
Det var ikkje kontrollutvalet som oppdaga feilen, mistanken om at noko var gale kom frå rekneskapsførar og revisjon. Det er Terra som har disponert midlane til Vik kommune, desse har vore plassert i ulike renteberande papir og rentebyteavtale knytt opp til forskotssal av konsesjonskraft.
Dette knytt opp til ulike rekneskapsmessige prinsipp gjer at det har oppstått feil over fleire år, som no kommunen, revisjon og Terra saman har funne løysing på. Me meiner redaktøren i SA går for langt når han generaliserer og påstår at det er økonomisk vanstyre på alle område i Vik kommune.
Det som er viktig å få med seg her, er at Vik kommune ikkje har hatt økonomisk tap på plasseringane, det er av ulike grunnar vorte førd meir utbytte enn det som var reelt.
Kontrollrutinar i den daglege drifta? Det er med bakgrunn i nemnde “ubegripelege tabbe” sjølvsagt trong for betre rutinar for slike finansielle transaksjonar både i administrasjon og hjå revisjonen, sjølv om kontroll og rutinegjennomgang er ein kontinuerleg prosess. Det er difor viktig for oss at det kjem ein uhilda revisjon inn i saka.
Dette er sjølvsagt ikkje noko god sak for Vik, men me er glade for at dette no er oppdaga slik at kommunen får retta dette oppatt.
Driftsresultatet for 2006 syner eit netto overskot på vel 9 millionar, det vil sei at bortimot halve underskotet er med dette dekka.

Erik Lidal, ordførar
Publikasjonsnavn: Sogn Avis
Publikasjonsdato: mandag 9. juli 2007

Og slik kommenterte Erling Stadheim dette den sommaren:

Ventar med Terra-kommentar
Tidlegare ordførar Erling Stadheim vil ikkje kommentera underskotet på 20 millionar kroner i Vik kommune medan rekneskapstala blir uhilda granska. – Eg er 100 prosent ansvarleg for det som skjedde i 2001, då me gjorde avtale med Terra første gongen. Men eg meiner det ikkje er rett av meg å kommentera saka no og eg vil venta til rapporten er ferdig, seier Stadheim. Stadheim var ordførar då kommunestyret sa ja til å la Terra forvalta 69 millionar kroner, midlane kom frå salet av konsesjonskraft over ein 10-års periode.

Publikasjonsnavn: Sogn Avis
Publikasjonsdato: lørdag 14. juli 2007

Resten er historie – og no filmen «Når Boblene Brister»

Exclamation_desat_24

Stortingsbenken og fylkespartileiaren på besøk

(Nils P. Støyva, Ingrid Heggø og Tor Bremer på trappa til Lindis Alme)

Ingrid Heggø Tor Bremer og Nils P Støyva vitja kommunen vår fredag 11.05. Saman med leiaren i Luster Arbeidarparti Finn Skare vitja dei tre reiselivsbedrifter. Fyrste stopp var Bestebakken, Her fortalde Lindis Alme om historien, nosituasjonen og og framtisdplanar for verksemda. Viktigaste formålet med rundturen var å få innspel frå verksemdene om urfordringar dei står overfor i høve styresmaktene. Også ynskjemål og forventningar overfor dei ymse offentlege ordningane som t.d. Inovasjon Norge.
Sidan gjekk turen til Eikum Hotell og Walaker Hotell.
Dei sakene som var mest framme i samtalen med bedriftseigarane var kopmpliserte og arbeidskrevjande rapporterings og reknskapsrutinar og ikkje minst misnøyen med formueskattreglane. Det var vel ikkje så overraskande då det kanskje er familiehotella som er dei som blir ramma mest av denne skatteforma. Dette fordi verdien av byggningane til desse verksemdene er sers høg i høve til både omsetning og inntjening.
Utsendingane vart sers godt mottekne på alle tre verksemdene og ein må håpe og tru at både vertskap og gjester hadde utbyte av vitjingane.

Exclamation_desat_24

Nynorskbastionen

Tysdag denne veka presenterte direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum rapporten “Språkfakta Sogn og Fjordane 1646-2012” på ein liten pressekonferanse i Førde. Med tallause kolonnar av solid empiri teikna den ukrona kongen av Nynorskland eit klårt og utvitydig bilete av språkutviklinga og språkstatus i fylket vårt. Sogn og Fjordane er sjølve Nynorskbastionen i eit stadig meir bokmålsdominert Noreg. Hos oss har ikkje bokmålet den ringaste sjanse.

I grunnskulen brukar 97 pst. av elevane våre nynorsk. Slik var det også i 1950. På 50-talet var vi oppe i 98 pst. Av kommunane er Vågsøy unntaket, med ein nynorskprosent på ”berre” 77. I Hordaland var nynorskdelen 85 pst. i 1950. I dag er den 39. I Møre og Romsdal har prosentdelen i same tidsrom vorte redusert frå 93 til 52. I trøndelagsfylka er nynorsken no heilt vekke i grunnskulen. Det same synest å skje i Hallingdal og Hemsedal. Valdres kjem snart etter. Strilelandet er den nye språklege slagmarka. Kystkommunane på Møre følgjer deretter. Berre hos oss er det full språkfred. Tilsynelatande i alle fall.

Det var fylkeskommunen som bestilte denne språkutgreiinga. Det var ikkje fordi vi skal feire at vi er eit framifrå nynorskfylke. Det visste vi frå før. Nei, eg trur heller vituge Ingebjørg Erikstad fekk laga rapporten fordi ho har ei aning om at nynorsken i framtida kan bli utfordra i Sogn og Fjordane. I rapporten sin skriv då også Grepstad om “sprekker” i nynorskdominansen i fylket. Førebels er desse sprekkene små, seier han, men det kan vere klokt å rekne med at lekkasjen aukar viss ikkje særskilte tiltak vert sette inn.

Ein bastion er eit forsvarsverk som skal halde svært godt stand frå åtak utanfrå. Eg nærer derfor ingen frykt for at framande nynorskfiendar skal trengje seg inn i fylket vårt og overta makta. Men eg er litt uroa over kor påpasselege vi er overfor indre fiendar, og i kva grad vi slår skikkeleg ned på den språklege likesela, som dessverre breier seg styggfort også i landets einaste nynorskbastion. Slikt kan vi ikkje tillate.

La gå at vi har vaktbikkjer som Mållaget og Målungdomen. Dei trengst, no som før. Dessutan er nynorsken godt forankra i ryggmarken til mange av oss. Refleksane melder instinktivt frå når noko gale er på ferde. Men eg er redd dette ikkje er tilstrekkeleg. Eg ønskjer meg òg at dei viktigaste institusjonane, bedriftene og organisasjonane våre langt tydelegare enn i dag skal stå fram som språklege garantistar for nynorskfylket Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen, Høgskulen, Fylkesmannen, bankane, reiselivet, industrien, media, NHO med fleire. Ja, kanskje til og med LO her i fjordfylket kunne vere med og slå eit slag for nynorsken? Det er i alle fall høgt på tide.

Dei nemnde partane sit saman i endelause møte året rundt. Eg trur knapt dei nokon gong har drøfta ein så sjølvsagt ting som nynorsken og nynorskens framtid i fylket. Men no ligg det føre ei framifrå utgreiing om språksituasjonen vår. Fylkestinget skal drøfta rapporten i juni. Eg går ut frå at dei òg vil vurdere moglege tiltak for å sikre nynorskens plass i Nynorskland. Skiping av den breie nynorskalliansen bør vere eit slikt tiltak.

Fram til då kan vi bruke tida til å rydde litt i eigne hus. Kvifor skal for eksempel min høgskule ha eigne studium som vi offisielt kallar ”eiendomsmegling” og ”reiselivsledelse”? Har vi ingenting lært av erfaringane til Lerum og Alexandra? Ein høgskule midt i tjukkaste nynorskland skal tilby studium i eigedomsmekling og reiselivsleiing, og marknadsføre desse på god nynorsk. Så enkelt er det. Vi er vel ikkje språklege husmenn? Om så skulle vere, trengst det verkeleg ein brei nynorskallianse.

Denne teksten stod på trykk i papirutgåva av Sogn Avis laurdag 12. mai 2012
Twitter: @georgar

Exclamation_desat_24

Takk til alle som røysta på bokbyen...

…til årets kulturide 2012. Utkantfestivalen, Åmot operagard og ikkje minst Jølster tangofestival (for ein gjeng!) fekk milde gåver frå Sparebankstiftinga. Det er hyggeleg at kulturen i fylket blir trekt fram på ei slik tilstelling, og hyggeleg for oss at bokbyen får fri mikrofon på radioen. Nok ein gong takk til alle dykk som har klikka dag og natt – det er for dykk me jobbar. Velkomne til ei flott boknatt 23. juni!

Exclamation_desat_24

Boknatti 2012: Namneslepp

Dette blir litt av ei boknatt! I mellomtidi må de ikkje gløyma å røysta på bokbyen eit par dagar til – på fredag blir det avgjort.

Exclamation_desat_24

Naturlandskap på billegsal

Raudt Høyanger går mot utbygging av Østerbø og Randalen kraftverk på Høyanger sørside. Vi gjer det for å verne naturen mot ei utbygging som fører til tap av viktige landskaps- og miljøverdiar. Partiet går mot også fordi kommunen får dårleg betalt for å gje frå seg dette og at kommunen dessutan får mindre enn det kommunen tidlegare var førespegla.

Det er ei stor utbygging på rundt 200 mill. kilowattimar (200 GWh, på fagspråket). Utbygginga er i det villaste naturlandskapet i sitt slag så langt vest i fylket – eit landskap som til no har vore spart for tyngre inngrep. Særmerkte landskapsformer blir degraderte/øydelagde gjennom bruk som reguleringsmagasin, og overføring/tørrlegging av elvar svekkar landskapet. Krafta som skal produserast let seg ikkje frakte ”trådlaust” til meir sentrale brukarar. Eit kraftlinjealternativ (som kommunen går inn for) inneber ei estetisk forureining av den særmerkte og vegetasjonsrike Sørebødalen – ei sjeldan naturperle. Eit anna alternativ vil gå rett over Østerbøvatnet og innom stølsområde på Bjordalsida dersom det ikkje vert gjort noko drastisk – t.d. i form av kabling. For Raudt var dette i og for seg gode nok grunnar til å gå mot utbygginga.

Om samfunnet verkeleg trengde krafta til noko anna enn kraftselskapa si profittmaksimering, er ENØK-kraft både billegare og ikkje minst meir natur- og landskapsvenleg.

Kommunestyret burde sett foten ned også for å markere at ein ikkje vil verte bondefanga. Utanbygds kraftselskap vil profittere på svekking av verdfulle natur- og landskapsverdiar. Kommunen vil få langt dårlegare kompensasjon enn lovd/forventa. ”Eg skal ikkje bruke ordet ført bak lyset, men …”, sa rådmannen i følgje Ytre Sogn sitt referat. Han sikta til at kommunen får berre ca. halvparten av den konsesjonskraft ein var førespegla.

Ved tidlegare saker om ulike utbyggingsalternativ har det vore presentert utrekningar som syner dyrare utbyggingar enn den som kommunestyret no har tilrådd. Den noverande utbygginga kostar i kr pr. kWh ned mot det halve av tidlegare alternativ i dagens kroneverdi. Likevel får kommunen kompensasjon som er 30-40 % lågare enn kva det tidlegare alternativet ville gjeve kommunen i vederlag for tapt natur.

Landssamanslutninga av vassdragskommunar (LVK) har oppmoda medlemskommunane til bortimot å frårå vasskraftutbyggingar så lenge Regjering/Storting vil avgrense kva eigedomsskatt kommunane kan ta frå kraftverk. Det er ei anna side ved same sak som det Høyanger kommune godtok – nemleg at kraftselskapa avgjer spelereglane.

Det er ein stor tankekross at alle dei andre partia i Høyanger kommunestyre valde å tilrå ei kraftutbygging som er billegsal av naturlandskap.

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Exclamation_desat_24

Dansegalla på Skei i Jølster 26. og 27. mai

I pinsa er det igjen klart for den tradisjonsrike dansegallaen på Skei i Jølster. I år er det damene som dominerer fra scenen med Anne Nørdsti som er landets ubestridte danseband-dronningen, og Contrazt med Gro Anita Johansen i spissen. De selvutnevnte danseband-cowboyene i Bjørns Orkester fra Molde kommer, og husbandet Gilbeys fra Førde serverer som alltid variert musikk med
god lyd.

”Special guest” på årets galla er ingen mindre enn Odd Arne Sørensen. Mannen som
har sjarmert hele dansebandnorge med sin musikalske kvalitet og ikke minst sin evne til å
underholde publikum. Han er også beskyldt for å være den personen som løftet Ingemars fra
å være et ordinært danseband til å bli det sprekeste dansebandet Norge har sett. Odd Arne
blir å se på gallaen hele helga, og skal være gjesteartist både med Anne, Contrazt og Bjørns
Orkester.

I puben blir det også i år arrangert ”partypub” for de som liker å danse på bordene

og synge allsang, der er Ole Martin Iversen og Torbjørn Gran klare for å snu Fjøsen opp ned!

Program:
Laurdag 26.mai:
Bjørns orkester
Contrazt:

Søndag 27. mai:
Anne Nørdsti
Gilbeys

Det blir Fjøspub og partystemning både lørdag og søndag med Ole Martin Iversen og Torbjørn Gran.

Exclamation_desat_24

Populære fluer (fiske)

Nokon som veit om (plass å finne) rangering av fiskefluer – mest populære våt og tørrfluer ?
Eg held på å lage system for valg av (fiskefluer)… i vatn på databasen. (mest populære)

faktadatabasen

Exclamation_desat_24

Høyring på Stortingslista for Sogn og Fjordane FrP

Exclamation_desat_24

Inga Marte Thorkildsen undergraver rettsstaten

Sosialisten fra SV, barneminister Inga Marte Thorkildsen, forstår ikke demokratiets maktfordelingsprinsipper, – den kjente tredeling mellom den lovgivende, utøvende og dømmende makt. Som del av lovgivende makt presser hun den dømmende makt.

Samtidig forhåndsdømmer hun, – uten lov og rett – at en far har gjort seg skyldig i incest. (Skal man tro Thorkildsen er det kun avgjørende å få avhørt et barn annerledes, så vil hun få rett i sine antagelser.)

Til fri lesning på internett har hun, som barneminister, ute diagnoser til et forsvarløst barn.

Hvor går grensene for hvilke maktovergrep vi som borgere skal tillate oss at enkeltborgere opplever fra maktens tinder uten at det får konsekvenser for maktovergriperen, i dette tilfellet Inga Marte Thorkildsen? (De som har opplevd overgrep fra hennes side, er en far og et barn.)

Hvor går grensen for hvilke spilleregler som blir brutt med maktovergrep i ballansen mellom de tre demokratiske makter, før det får konsekvenser for maktovergriperen? (I dette tilfellet representanten Inga Marte Thorkildsen overfor politiets ansatte.)

Inga Marte Thorkildsen er etter min mening en undergraver av rettstaten, og bør forlate sin post i nåde. Straks.

PS: Saken som har fått henne til å vise sitt sanne demokratiske seg, er en tragisk barnefordelingssak. Den er ikke tema her.

Exclamation_desat_24

Breivik og media

Terrorrettssaka er vel i gang, og mange er nok allereie rimeleg lei. Sjølv for ein person som
meg, som er over gjennomsnittet interessert i dei juridiske spørsmåla, blir det stundom nok.
Men det skuldast andre aktørar enn dei som tilhøyrer den rettslege handsaminga.

Før eg tek til med mi utblåsing mot media som dekkjer denne saka, vil eg starta med litt
velfortent ros. Gjennom sitt press for å få kringkasta forklaringar med meir, har media vore
med på å sikra meir openheit. På denne måten blir ei historisk viktig sak betre opplyst hjå
ålmenta, samstundes som at kontrollen med retten sitt arbeid truleg aldri har vore sterkare.

Når det er sagt, så er det meir enn nok å ta media på i denne saka. Som vanleg
kjem journalistar og redaktørar dragande med dei sedvanlege frasene om pressa sitt
samfunnsansvar, plikt til å dekkja viktige samfunnssaker og rolle som fjerde statsmakt. Dette
er kjend svada, for som me veit gjer og sender media det dei får mest sjåarar på utan å gå alt
for langt over streken. Grunnen til at det er så lange nyheitssendingar fleire gongar dagleg er
at det er av dei mest sette programma på tv.

Eit klart bilete på dette er når det er direkteoverføring frå porten på Ila, der eit team ventar på
at fangetransporten skal koma. Det har eine og åleine underhaldande verdi. Når det er sagt, så
treng det ikkje vera noko gale i underhaldning, problemet er berre at alt skal kamuflerast og
aktverdiggjerast som nyhende. NRK Sogn og Fjordane si vinkling av PFU-saka er eit døme på
ei anna form for kamuflering, og ikkje minst desken sin høge hest.

Hadde media teke sitt sjølvuttala samfunnsansvar på alvor skulle det blitt drege i gang ein
debatt rundt juryordninga sin posisjon i norsk rett generelt, og utveljinga av lekfolk spesielt,
etter at Thomas Indrebø blei sett på sidelinja etter dag ein. I staden blei han brukt som ein
nyttig idiot for media der han skein i blitsen og følte seg som ei rockestjerne. Det heile blei
toppa av at det mest kritiske spørsmålet var om det var flautt å bli avsett.

Det kanskje største paradokset i dekkinga av denne saka er likevel mangelen på nøytralitet.
Det er ei kjend sak at mange journalistar skyr det å direkte flagga eigne meiningar, interesser
og engasjement som pesten. Dette er ganske så ironisk ettersom det er tilsvarande flagging av
andre sine meiningar dei lever av, får så vera. Men nøytralitet er for mange berre eit ytre skal
og ei innøvd standardfrase.

For nokre år sidan var eg i denne spalta inne på korleis dette skjer gjennom å flagga
personlege meiningar som avisa si meining. I denne saka har journalistane vore meir rett på
sak. Sjå til dømes NRK og andre mediekanalar som konsekvent omtala Breivik si forklaring
som ein ”tale”. I skrivande stund har eg har ikkje høyrd andre vitneprov og forklaringar bli
omtala på same måte – og bra er det. Tilsvarande var det tale om Breivik si ”sokalla orsaking”
til nokon av offera. Denne forma for lada språkbruk høyrer ikkje heime nokon plass i ei
dekking av ei straffesak, uansett kor klart skuldspørsmålet måtte vera.

Dei to døma over er på ingen måte dei einaste. At P4 ikkje vektar sine ord betre er ille
nok. Men når til og med NRK, som sin eksistens byggjer på at me skal ha ein kanal som
er kvalitetssikra og ikkje-kommersiell, er på same nivå er det utvilsamt på tide med intern
oppvask. For er det noko som er viktig i ei sak som denne, så er det å få ei grundig, skikkeleg
og nøytral handsaming og dekking. Viss ikkje vil det ikkje ta lang tid før konspiratorane
kokar saman noko som kan så tvil rundt dommen.

Exclamation_desat_24

Då bommen vart flytt

I morgon er det opning og konsert i bokbyen, som de alle saman absolutt må koma på (og venene dykkar òg), og i dag vart bommen flytt. Det er her det skjer!

Exclamation_desat_24

1. mai i Luster

1.mai-arrangementa i Luster startar som vanleg med frokost på Fjordstova på Skjolden. Frokosten står framme frå 09.30 til 11.00.
Dagens hovudtalar, leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti Nils P. Støyva tek også frokosten på Skjolden denne dagen.
Luster Arbeidarlag er arrangør her.

Luster Arbeidarparti sitt hovudarrangement er på Pyramiden Senterkafè klokka 13.00

Programmet ser slik ut.

-Tale for dagen v fylkesleiar Nils P Støyva
-Appellar v. Malvin Moen og AUF
-Korpskonsert og andre lokale kulturinnslag
-Utlodning

Lokallaga spanderer kaffi og kaker til bebuarane på dei tre omsorgsentera.

Det vert korpskonsert ved Gaupne Omsorgsenter klokka 11.00

Vel møtt!

 

Soner i vår region

Alle som ønsker det kan opprette en sone på Origo. Her viser vi et utvalg av soner. Opprett di eiga sone

Soner frå Sognatreff

Soner vi tilrår

Aktive soner

Annonse

Nyheiter vi snakkar om


Ein artikkel i Sogn Avis
1
Heile el-kabelen må skiftast i Seimsdalstunnelen. Forbod for gåande.
Ein artikkel i Sogn Avis
2
– Tilbodet var altfor dårleg, og eg har fått mange positive tilbakemeldingar på at det var bra me braut, seier Renate Rendedal, leiar i Balestrand bon… Les heile
Ein artikkel i Sogn Avis
3
Frå juni. Mållaget jublar.
Ein artikkel av Renate S.
1
Ventura til kai for full musikk.
Ein artikkel av Endre R.
1
Hannu Patronen (28) og trenar Jonas Olsson meiner Brann skulle hatt fleire mål annullert i dagens 0–5 tap.
Ein artikkel i Sogn Avis
7
– Moderne trehus i dag er søppel, men det finst alternativ, seier professor Kolbjørn Nesje Nybø ved Arkitekthøgskolen i Oslo.
Ein artikkel av Endre R.
2
Til forskingsprosjekt.
Ein artikkel av Keth Ø.
1
Elevorganisasjonen (EO) vil ikkje ha noko av ransaking av elevar i klasseromma.
Ein artikkel i Sogn Avis
3
Sognenett utvidar både stab og kundegruppe, og tilbyr no sogningar nett og tv via lynrask kabel.
Ein artikkel i Sogn Avis
1
Bjørn Lødemel spør miljøvernministeren om kva han vil gjera for å hindra ein ny dramatisk skadesommar i beiteområde i Sogn.

Kalender

Har du eit arrangement du vil dela? Del det her!

Sjå heile kalenderen

Mest tilrådd denne veka

i morgen, 20. mai kl. 11.00 Bjordal kyrkje
Gudsteneste v/Anderas Ester