Hausten 2010

Haustsol over Huvøyna

Sommaren er på hell og vi går mot hausten, det er ei vakker tid vi går i møte.

Ved Løfallstrand

Ein turistbåt på veg ut Hardangerfjorden. Gråskodda heng ned i dei mektige og vakre fjella ved Rosendal.

Bygda i haustsol

Husnes i vakker haustsol.

Det gamle stølshuset

Varhaugselet, bygd ein gong på slutten av 1800 tallet. Restaurert av Varhaugselets venner og står der som kvilestad for fjellfarande turfolk.

Alt for miljøet

Et bilde eg falt for på ein nedlagt grensestasjon i gamle Aust Tyskland. Usikker på om det var miljøhensyn eller andre ting som har tvinge fram denne løysninga.

Stillhet

Tidleg ein augustmorgon i Ulvik

Langst stien

Det er her ein finn den store roen å la tankane flyge fritt.

Haustmorgon

Ein søndags morgon i oktober, ein periode med “snøkaos” er over og den vakre haustdagen er tilbake.

Det var ein gong.

Ein gong var dette livsnerva i et lokalsamfunn, -skal det ende med forfall? Motivet er henta frå Odda.