Forum: Auduns samtaler

intervju med meg på fvn.tv.

Det er tre minutter uti, eg er den karen med raud genser og kvit skaut og auger som vimar

Eg bare gjorde det.

Forrige uke var eg borte ein tur. Starta frå Evje på tysdag. Formålet var å sykla på ein 40 år gamal sykkel opp til Hardangerfjorden. Det var ein nydelig tur opp langs Byglandsfjord, forbi Ose til Valle der eg skulle overnatte. Tungt lasta som sykkelen var var eg ikkje sjenert med å sitje på med folk som skulle ein stad på veien, dermed fekk eg skyss i frå Valle til Hovden, derifrå sykla eg til Haukeli, og opp til Haukeligrend. I løpet av turen demra det for meg ei gong for alle at nå må eg få kjøpt meg eit digitalkamera snart. Så utrulig mange skjønne vistas er det sjelden ein ser på ei gong, med haustfargar og utemma natur på nært hald. Dei villaste nakne fjell, stålblå himmel, tindrande klar sol, eg sykla i helseskjorte kansje halvparten av vegen. På toppen av Haukeliovergangen sov eg i 1200 meters høgde utandørs, reiv opp lyng og anna rsk som vakste på den høgden og fekk laga meg eit lunt reir og tumla meg inn i soveposen, og det var godt nok det. Ut over natta så to eg på meg jakke og bukser så eg ikkje skulle bi kald og stiv til neste morgon. frå bunnen av Røldal til toppen av fjeddet der over Odda, men for det meste så tråkka eg. bermerkelsesverdig nok holdt sykkelen heile veien utan å kome med eit pip. Dei visste kva dei gjekk i gang med før når dei skulle selge syklar til folk.


(Biletet er lånt frå nettet)

Målet for turen var Fykse, der var det Sjølbergarstemne. Me kvista epletre, laga komposthaugar, bygde redskapsbu, safta eplar og pærar, åt god mat frå garden, og det var god drikke på laurdagskvelden. Lærerikt og inspirerande var det.
Sundagskvelden var det på tide å kome seg heimover så eg tok buss til Bergen, venta til neste morgon og tok buss til Stavanger, sykla litt rundt der mens eg venta på tog til Kristiansand. I går tysdag kom eg heim etter å ha sykla den siste strekninga frå Hægeland til Åseral. I dag kviler eg ut, i mårå er det på tide å komme seg i gang igjen.

Osl

Pigger på ferie til Oslo, sees om en uke eller noe i den duren. Shalom.

George Carlin R.I.P.

George Carlin, en av USA`s fremste samfunnskommentatorer gikk heden i dag tidlig. Vil hedre hans minne med denne videosnutten (Ps, kan inneholde sterkt sprog)

Annonse