SommarenEg kom heim frå Kina 31. mai, 2008. Det kulaste og mest spennande og innhaldsrike året eg har opplevd var over, og eg var MILDT SAGT trist. Vi hadde gleda oss til å sjå familie og vennar igjen, og til å ete god, norsk mat – men gleda av å kunne ete brødskive med brunost igjen la seg fort og saknet til Austen meldte seg RIMELIG tidlig. Det sit fortsatt GODT i meg, og tankane om å returnere til Midtens Rike er der kvar dag. Men som ettersom eg har lyst å ta ein utdannelse, var det på tide å “klyppe seg og komme i arbeid”. Eg må tilbake til studentilværelsen. Det var mykje om og men og fram og tilbake om kvar eg skulle studere. Etter to år i Bergen var eg enormt glad i byen og hadde et nettverk der og forhalde meg til, men eg hadde igrunn ikkje lyst tilbake. Eg ville ha noko nytt, igjen. Valet fall derfor på Oslo. Stort og fullstendig ukjent, og veldig tiltalande. Etter å ha drive med informasjonsarbeid for fredskorpset store delar av juni, var det igjen klart for min faste sommarjobb dei siste tre året: i kiosken ombord på fartøya til Fjord1 Fylkesbaatane. Ein hard, morsom og variert sommarjobb, med eit fantastisk, herlig og supert arbeidsmiljø med kjempekjekke kollega og interessante passasjerar. Mesteparten av sommaren jobba eg på ruta Bergen-Flåm-Bergen, der det for det meste er turistar frå fjern ogn nær. Ein og anna kinesar innimellom var ekstra spanande, ettersom eg då fekk praktiskert nokre usikre gloser og dei klappa og smilte og var glade. I tillegg så kom ein av mine beste vennar i Kina, Kong Chao, på besøk til Noreg i løpet av sommaren, og han vart dratt med både hit og dit. Han hadde eit fint opphald, og eg hadde han på besøk heime på gården ein nydelig dag i slutten av juli. Det var kjempekjekt å ha han på besøk! I august var det altså på tide å flytte, og ettersom eg var oppteken mesteparten av sommaren var det ikkje mykje tid til å finne seg ein stad eg kunne bu. Ei veninne av meg, Kaja Hjorthol frå Florø, budde allereie på Blindern Studenterhjem og foreslo at eg flytta inn dit. Påfølgande februar skulle nemleg bebuarane på dette Studenterhjemmet arrangere UKA på Blindern, og som pensjonerte ungdomspolitikarar i fylket har Kaja og eg arrangert ein ting eller to saman før og utfyller kverandre glitrande. Så, sånn blei det. I august tok eg med meg to svarte søppelsekkar med klede og to pappøskjer med ting og var klar for eit nytt liv i Oslo! Annonse | |||||||||||
Nyeste kommentarer