Nei til fattigdom i FørdeInnbyggjarinitiativ – Nei til fattigdom i Førde kommune. Brukarorganisasjonen FFO i Sogn og Fjordane, fagorganisasjonen FO i Sogn og Fjordane, partiet Raudt i Sogn og Fjordane og Førde, lanserer i lag ”Innbygjarinitiativet – ”Nei til fattigdom i Førde kommune”, sjå vedlegg. I Soria Moria- erklæringa ga den raud-grøne regjeringa lovnad om å avskaffe fattigdommen i Noreg. Lovnaden som blei gitt ser vi som bindande og ikkje som rettleiande. Den raud – grøne fleirtalsregjeringa regjeringa har både makt, mynde og økonomi til å gjennomføre sitt eige program. Vi som står bak innbyggjarinitiativet kan ikkje sjå ein einaste grunn til at regjeringa svikter lovnadane om å avskaffe fattigdomen. I staden går utviklinga i motsett retning, dei rikaste blir rikare, mens dei fattige er gløymt og blir sett i ein uverdig livssituasjon. Familiar og born skal ikkje oppleve fattigdom i dagens Noreg. På lengre sikt må det vere eit mål å inkorporere sosialstønaden i det ordinære trygderegelverket. Når regjeringa ikkje vil gje kommunane pålegg om rettleiande satsar for sosialstønad må vi som bur i kommunen vise veg og solidarisk ansvar og seie nei til fattigdom. Vi vil oppmode innbyggjarane i Førde om å støtte opp om innbyggjarinitiativet. Gjer Førde kommune til Noreg sin føregangskommune for avskaffing av fattigdom. Gro Indrebø Rita Tonning Knut Solberg Per Bj. Ørjansen Annonse | |||||||||||
Nyeste kommentarer