Planlegg ferien![]() Når du får bekrefta reiser, kan du senda (eller dra) reiseoppsummeringa til TripIt eller Gliider, som så holder oversikten for deg. Når du skal pakka, kan du fortelja Packwhiz kvar du skal og få hjelp med kva du bør hugsa å ta med deg på turen. Du legg også inn alt det andre du sjølv kjem på, og får hjelp fine huske- og pakkelister som du hakar av, etter kvart som du har kontroll på tingene. Om du skal fly, kan lesa på SeatGuru for å læra alt som skal til for å at fly-opplevinga til å bli best mogeleg. Kva seter som er best, korleis tryggleikskontrollen fungerer, innsjekkingstips, etc. Jaga Jazzist - 2010 - One-Armed BanditPå mandag den 25. januar 2010 blir (blei?) årets første (og kanskje tidenes beste?) album frå Jaga Jazzist lansert. På albummet finn vi åtta eksperimentelle jazz-låtar med Zappa-aktig progrock, samt ein kort intro (så det blir ni spor totalt, ja..). Etter lanseringa blir bandet først å finna på Rokken i Volda, den 29. januar 2010. Vidare blir det konsert i Storsalen på Samfunnet i Trondheim den 30. januar, før det blir by:Larm på Sentrum Scene i Oslo den 18. februar. Meir info fins på MySpace og på jagajazzist.com Sjå True Blood på NRK.noNRK legg no ut HBO-serien True Blood på NRK.no/Video. Dette er sagt å vera den store HBO-satsinga etter Sopranos. Følg med, følg med: Obs! Andre innkjøpte TV-seriar vert berre liggjande ute i ei veke. Du har liksom ei veke på å sjå kvar episode, før den blir sletta og erstatta av neste. Så her gjeld det kanskje å henga med… Nytt Alice in Chains-album, gratis tilgjengeleg på WimpDu har gjerne fått med deg at Spotify er den nye musikk-tenesta på nett som får piratar til å slutta å dela musikk? Den svenske tenesta har så mykje lovleg musikk tilgjengeleg at piratar ikkje lenger brukar tida si på å fildela musikk. Dei kan jo berre høyra musikken rett i Spotify. Wimp er ein norsk konkurrent til Spotify. Førebels er også Wimp gratis, men du må bli betatestar for å få tilgang til programmet. Hovudfordelen med Wimp er at du finn enno meir musikk der enn du finn hos Spotify. Wimp tar utgangspunkt i albumsortimentet til Platekompaniet, der det fins langt fleire norske artistar. Wimp er ofte raskare ut med nye utgjevingar, som no når Alice In Chains kom ut med nytt studioalbum. Vi som har Wimp-tilgang kan høyra dette nye Black Gives Way To Blue-albumet så mykje vi vil, utan reklame, klinkande gratis og loveleg. Sånn blir du betatestar av Wimp:
(Wimp brukar mobilnummeret ditt som innloggings- eller brukarnamn) Fira mobiltelefonar kan ikkje popa popkornSpørsmål: Har du sett filmen Pop corn téléphone portable micro-ondes ? Svar: Eg har sett så mange snåle filmklypp at eg aldri trudde at dette var ekte. Då eg snakka med nokon som var overbevist om at dette var mogeleg, blei eg overraska. Det er UMOGELEG å poppa popkorn ved hjelp av strålinga frå nokre mobiltelefonar. Men, jau.. det er morosamt å laga filmar som dette. Har du lyst på enno meir, sjekk ut desse: Popkornhistoria er akkurat som desse filmklyppa.
Det fins også mange som har testa dette sjølv, f.eks. desse fira Jericho, ein by midt i Amerika?Heilt i starten av den aller første episoden av TV-serien Jericho ser vi Jake køyra frå Denver. På eit skilt ser vi følgjande: Jericho 47 Ut frå Google Maps ser eg at byen Garden City kan vera staden biletet er teke. Dette passar såpass bra, at det på ein måte blir Dodge City som er Jericho. Litt lenger ut i episoden ser vi ei bombe. Folk påstår då at denne bomba er i Denver, der Jake tok toget til (og køyrde bil frå). Enno litt lenger ut får vi vete at mor til Dale var i Atlanta og at det også der hadde vert ei diger bombe. Spennande saker! Kortfilm: The Big Empty (2005)Kortfilm om ei kvinne og det å vera tom inni? Fleire detaljar om filmen fins via IMDb Ver snill å sjå den her dokumentarenMå eg få be om at du ser den her dokumentarfilmen: Det er to små pausar under vegs der reklame kunne vert. Annonse | |||||||||||
Nyeste kommentarer