Forum: Herdis' samtaler

Kaffi for den rette anledninga

Eg drikk kaffi. Kvar dag. Eg må ha kaffi, men er ikkje noko særleg flink på dette med kaffi. Eg klarar sjeldan å skille mellom god og dårleg. Så lenge den ikkje er sinnsyk varm, ikkje inneheld utgått melk, men er nokolunde normal, så glir det ned. Den kan til og med vera fleire timar gamal og kald. Eg er absolutt ikkje ein kaffisnobb. Men av og til kan eg late som.

Det nærma seg helg. Eg gjekk gatelangs og lurte på kva eg skulle finne på i helga. Endeleg kunne eg sove lenge, unne meg deilige dagar heime, lese avis, lage lett innhold på nett, men, kom eg på, eg er tom for kaffi. Eg må ha kaffi inn i denne vakre draumen. Eg gjekk dermed inn i næraste kaffibutikk, Stockfleths. Kjøpte meg ein latte.

- Ja, og så skal eg ha ein pakke espresso. Kanskje du kan male den til meg også?
- Javel? Men hvilken maskin har du?
- eh… eg har sånn der, sånn som du har på komfyren, sånn der, seier eg og peiker på den som står i hylla.
- Ja, mokkakanne. Det er mokkakanne det, seier ho, og blunkar fint til meg.
- Ja, stemmer, seier eg og er glad kaffikjøpet er overstått.
- Vil du ha mørk eller lysbrent?
- eh, nei, kva anbefaler du?
- Nei, det spørst jo heilt på anledningen…
- Anledningen!? tenker eg
- Når skal du bruke den?, spør ho vidare.
- eh, nei, det er typisk kaffi om morgonen, formiddagskaffi, lørdag morgon, søndag.
Eg lurte på om eg måtte legge til deilige dagar heime, lese avis, lage nettinnhald og fyr i kakkelomnen. Eg fann det best å halde kjeft.
- Ja, då ville jeg gått for lysbrent.
- Ja, kjempegreier det. Høres bra ut!
- Men vi kan jo spørre sjefen her, om hva han synes. Du, hun her vil ha espressokaffi, hva anbefaler du da? Trur du ikke lysbrent er tingen?
- Nei, det spørst jo helt på anledningen, seier han.
- Ja, jeg vet. Hun sier det er til frokost.
Kor vanskeleg skal det vera tenker eg, eg vil berre ha litt kaffi, malt, som eg kan laga i kanna mi.
- Ja, eh.. sånn vanlig formiddagskaffi, ja, sånn lørdag morgon, smetter eg inn.
- Ja, lørdag morgen? Da vil du du gjerne ha en oppkvikker, unne deg noe godt, gjerne noe søtlig, få den gode helgefølelsen?
- Ja, god helgefølelse går eg for.
- Ja, da ville jeg nok kjøpt en Nicaragua, fra Matagalpa. Kaffien gir en søtlig smak av moden frukt, en bønne som kan variere stort i smaken fra espresso til espresso. Farmen som ligger vakkert til blandt skogkledde åser og næringsrik jord drives av familien Mierisch-McEvan som har jobba med kaffi i over 100 år. Denne kommer til å gi deg akkurat den gode helgefølelsen du leter etter.
- Supert! Solgt! Den vil eg ha.
- Da blir det 75 kroner. Takk skal du ha! Skal jeg male den for deg?

Så då sitter eg her i godstolen, med fyr i kakkelomnen, p2 på radioen medan eg sjølv lagar godt innhold på nett og drikk halvlunka kaffi som gir meg akkurat den rette helgestemninga. Vel verdt pengane.

Den store epletesten

Discovery

Vi testar ut haustens eple. Kven er den store vinnaren?

Eg var så sikker i min sak. Eg hadde eitt summerred og eitt gravenstein. Innbilte meg at gravenstein var betre, lekrare, diggare farge. Summerred vann på knasande lyd, raudleg kjøtt og tørt skal. Eg trudde verkeleg eg hadde ein vinnar. Så ser eg klistremerka. Det var pinadø gravenstein begge to, eller så var det eine merka feil.

Så der, midt i den store epletesten, stod eg då: ka i all verda hadde eg spist?, var det same eplesort til tross for at eg innbilte meg store smaksskilnadar, skalkonsistens og hadde ein favoritt i Gravenstein? Eg er likelangt, så eg treng hjelp. Kva er eigentleg det beste eplet? Kva kriterier skal vi måla det utifrå? Eg foreslår vi skildrar følgjande kriterie, men tilføy gjerne andre ting som er viktig

  • Smak
  • Skal
  • Farge
  • Konsistens
  • Lyd
  • Lukt
  • Innpakning/Klistremerke
  • Nasjonalitet/landsdel

Hjelp meg med argument og smakspreferansar. La oss gjere det skikkeleg denne gang!

Kva er di kaffimaskinfavoritt?

Eg er blitt vaksen, og treng å drikke god kaffi. Er ikkje interessert i å kjøpe like billig og dårlig kaffitraktar som eg arva etter eit flyttelass for fem år sidan.

Behov: Eg bur aleine, men det hender eg har besøk. Treng ikkje noko som nødvendigvis lagar mykje kjapt, gjerne sakte, men godt.
Ønske: Eg vil ha noko nytt, gjerne bra og noko som gjer kvardagslivet litt meir stas.

Kva maskin har du, og anbefaler du den?

17. mai 2009

Livet ville det slik at Gro og eg feira 17.mai sammen i år som i fjor. Først feira vi Alexander Rybak fram til seier i kvit skjorte og vest til langt på natt, så vekte Gro meg halv 10 til korpsmusikk og ein fantastisk dag.

Bildeserie med 11 bilder — bla ved å trykke på pilene

Brannhydrantar i Sauda

Soga seier at det finst berre maken i New York og Andeby.

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Da var det bare du og jeg igjen da...

…seier bussjåføren.
- Men det er ikke bare bare det, seier han vidare.
Han har nett lukka att døra. Klokka er 23.59, ein halvtime til eg er heime i Oslo. At eg sitter med høyretelefonar på gjer ikkje så mykje for denne karen, så eg bestemmer meg for å vera hyggjeleg og tar dei av.
- Nei, det har du pinadø rett i, seier eg.
Vi sitter tross alt heilt framme i ein stor buss begge to. Eg og ein triveleg, gammal bussjåfør.
- Du kan jo køyre meg heim du da, foreslår eg og fortel kva gate eg bur i.
- Ja, det kan vi jo få til, seier han og fiskar fram røykpakka.
- Gjør det noe at jeg tar meg en røyk, seier bussjåføren? Du sladrer vel ikke du. Du virker så real.
- Nei, du køyrer meg jo heim, så det går nok fint.
Samtalen flyter fint. Han spør og eg svarer. Etter å ha vore innom nettsamfunn, kalender, nettdebatt, hijab, Storberget, den merkelige sjåføren foran oss, kollektivfeltet, korleis livet eigentleg er som bussjåfør og at eg er singel, så spør den snart pensjonisten liksågodt om vi ikkje kan ta ein kopp kaffi heime hos meg?
- Nei, eg bur med to gutter og ein hund.
- åja, så du bor ikke alene.
- Nei, du får heller finne på ein plan b, seier eg og innser at det var verkeleg ein setning som kunne misforståes, men ein er ikkje samtaleforskar for ingenting. Eg får resten av samtalen til å gli lett og uproblematisk. Eg har aldri blitt køyrd heim til døra av ein buss før.

Funker boikott?

ol-sko

Har dei siste dagane boikotta vinteren og droppa stilongs. Men trur du det funker? Kor lang tid burde eg i såfall gi eksperimentet? Det haster eigentleg med svar. Skal ut i dag og vil aller helst bruke mine nye OL-sko, ikkje selskinnsko.

Godt år, Odda!

Eitt år er gått sidan sist. I fjor ønska eg Odda ein bedre kino, nye opningstider, mindre blues og ein koseleg kafé. Eg er glad no når eg kan skriva at i alle fall eitt av ønsket har gått i oppfyllelse. Odda har verkeleg fått ein triveleg og spennande kafé i Smelt.

Ettersom eg har flytta skal eg ikkje skriva så mykje om mine ønsker for Odda det kommande året. Veit det er kjipt med alle dei andre som skal fortelja om kor fantastisk livet utafor er. Men eg unner alle i Odda litt betre planlegging. Før jul var butikkane skrapa for juleribbe, rød cellofan, merkelappar til julegåver, Samtidsruinar av Marit Eikemo, vindusspylevæske, kålrabi til pinnakjøttet; Det går så mykje av det, sa betjeninga i butikkane. Akkurat. Godt nyttår.

Bøhler gjør en brøler

Jan Bøhler (Ap) foreslår i dag å korta skjenketidene i Oslo frå tre til to. – Da vi var unge, dro vi på byen tidlig på kvelden. Nå opplever jeg kø av ungdom inn til byen rundt midnatt. Da har de hatt vorspiel siden tidlig kveld. Når man på toppen får drikke til halv fire, betyr det at mange skjenker seg i så mange timer at de blir veldig fulle seier Bøhler til Aftenposten. Vedtek bystyret i Oslo dette i januar, følgjer dei etter Ap-Trondheim som også nyleg forkorta skjenketidene – og blitt ein betydleg kjipare by å besøka. Utanom å bli kjip, tapar utelivsbransjen i byen mykje pengar og det er bråkete nachspiel i annankvar bygard.

Media er med og hjelper Bøhler til å gjera diskusjonen rundt skjenketider forutsigbar og kjedeleg. Det er merkeleg at det alltid er dei samme forskarane som får lov til å uttala seg i saken. På dagsnytt 18 i dag, hadde nrk invitert ei voldsforsker som ekspert. Ho hadde ikkje noko nytt å komme med. -Ja, vold øker med inntak av alkohol. Ja, vold i Oslo har økt dramatisk de siste årene. Kjedeleg unyansert. Kvifor ta den? Kvifor ikkje invitere ein sosiolog eller ein samfunnsforskar for å forklara kva som skjer når folk ikkje lenger får lov til å gjera det som er kjekt og artig. Få ein fyr til å seie at fulle folk alltid vil finna ein omveg. Festen vil ikkje bli over kl 02. Folk vil gå der det er kake igjen. Dei stikk heim på nachspiel og held det gåande til det er tomt. Då kan folk skjenke seg i mange timer då.

Eg er pinadø ikkje den jento som går oftest ut på byen. Men i motsetnad til Bøhler har eg vore ute ei vinternatt for ikkje så lenge sidan. I staden for å korte ned skjenketida, ville eg foreslått å forlenga den. Resultatet kan bli mindre kø, mindre vald, mindre nachspiel og fleire som stemmer Ap og går heim i rett tid.

Time for a change

Nei, det handlar ikkje om Obama, det er heller ikkje Herdis som depper over et kjærleiksbrot. Dette er rett og slett spørsmål om at det er på tide å markere ein overgang. Og det er mykje som har skjedd. Ny heimstad, ny jobb, nye rutinar og nytt liv. Dessutan har eg bestemt meg. Derfor. Har kikka i blader, men fann ei fantastisk nettside i ukhairdressers.com som lar deg laga eit album med favorittar. Men eg deler heller albumet med deg her.

Den nye moten, slik eg les den, viser at du skal dra håret fram bakfra. Gløm sideskill, gløm den USAske moten med lagklipping. Ha ujevne lengder, spill med fargane, leik deg med ujamne lengder.

liker, men for kort og kjedelig bak

litt slik eg i teorien har hatt det siden 2007

uaktuelt for meg, men tøft likevel

slik eg kanskje gjerne håper eg kan sjå ut ein dag

Bildealbum

tøft. men kjedelig?

likar fargespelet, ujevnheten, fargane

tøft potensial

ekstremvariant

fargespenn og hår er rett

langt bak, veldig lugg

Siste UNESCOdebatten (forhåpentlegvis)

Høyrer på Odda kommunestyre på Radio Folgefonn. Sjølv med direktesending og viktig tema, sliter eg med å halda entusiasmen og trua oppe. Solfrid Moe (Ap) seier Odda er ein stygg by og frykter at det ikkje blir ovn 2 i Tyssedal dersom det blir UNESCOstatus. Einar Mikkelsen (Ap) drar fram at det har vore ein voldsom debatt på fleire hundre innlegg på fjesboka i helga der dei fleste seier nei til UNESCO i Odda. Eg prøver å finna fram til diskusjonen, men eksisterer den?

Elvelangs

Det er visst ein hausttradisjon her i Oslo. Folk tek på seg haustkleda, går i flokk langs elva og tek ho tilbake. På vegen lurar mange rare, men fine opplevingar. Vegen er opplyst av brannfaklar og lys, elva er demma og Oslo viser seg fram som ein ganske så koslig by.

Bildeserie med 11 bilder — bla ved å trykke på pilene
Annonse