Annonse
Sognatreff

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 13. januar 2009). Les mer om roperten…

VEKA - Billettslepp

Laurdag 17. januar 2009 kl. 12.00 til 16.00, Studenthuset Meieriet

Finn fram soveposen og benk deg framfor inngangsdøra til Lab’en dersom du vil vera 100% sikker på å få billett til akkurat dei konsertane du vil på! Billettslepp er synonymt med gratis vafflar, god stemning, glade folk og kø frå Meieriet og opp til Rimi…

Laurdag 17.januar kl.12.00 opnar dørene og det klassiske billettsleppet til Veka startar! Før dørene opnar vil det vera trekning av ein GRATISBILLETT til ALLE KONSERTANE under Veka. For å vera med i trekninga må du ha meldt deg på som funksjonær til Veka, les meir om det å vera funksjonær og meld deg på her!

Frå klokka 12 til 13 vil det berre vera mogleg for medlemmar av Studentsamfunnet i Sogndal (SiS) å kjøpa billettar. Er du ikkje medlem kan du no kjøpa det på nett – klikk her for kjøp.

Klokka 13 opnar salet for alle andre.

Nettsalet vil ikkje opna før kl.12 søndag 18.januar.

HUGS: Denne dagen er det harde kontantar som gjeld, så bruk VISA-kortet i minibanken før du kjem til Meieriet!

Vist 192 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein deltok Person_gray

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?