Ju Jitsu i Sogndal
Sogndal Ju Jitsu klubb har treningar kvar tysdag og torsdag på Trudvang skule. Instruktør med over 25 år innan ulike kampsport- og sjølvforsvarssytem.

Ju Jitsu er ein utmerka og meiningsfull form for mosjon basert på funksjonelle sjølvforsarsteknikkar. Minumumsalder få å delta er 16 år. Erfaringsmessig så er det også mange godt vaksne kvinner og menn som deltar sidan dette er ein artig måte å komme i form på.
Ju Jitsu er ein eldgamal japansk kampkunst. Dagens Ju Jitsu er basert på desse gamle japanske systema, men er tilpassa den moderne tid – både i form av lovgivning og treningsprinsipper/metoder. Ju Jitsu trenast også som konkurranseform, militær nærstrid, i ulike yrker (politi, vektere) og som sivilt selvforsvar.
Ju Jitsu trening gir utøvarane eit breitt utvalg av sjølvforsvar- og kampteknikkar. Systemet inneheld ein blanding av slag, spark, kast/fellinger/nedtagninger, kontrollgrep, bend, låsar og ulike frigjøringer mot kontaktangrep. For vidaregåande Ju Jitsu utøvarar så trenast det også med ulike våpen.
Møt opp til ein spennandes og utfordrande form for mosjon. Er fortsatt nokre få ledige plassar.



