Annonse
Sognatreff

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 29. september 2011). Les mer om roperten…

Teater: "Få meg på, for faen" av Olaug Nilssen

Onsdag 19. oktober 2011 kl. 19.00, Sogndal Kulturhus

«Fart og liv i Skoddeheimen» BT
«… ei drivande framsyning …»NRK S&Fj
«… mange fine og morosame
augneblinkar …» Firda

«Få meg på, for faen» er ein skikkeleg humoristisk «feel-good» historie, ein stor produksjon med heile åtte personar på scena, og stykket fortel alle tre historiene vi kjenner frå boka. Det er ei teknisk avansert framsyning med mykje musikk, videoprojeksjon på bakveggen og kjappe sceneskift. Her er det duka for ein god latter i mange av dei ulike situasjonane ein lett vil kjenne seg att i; alt frå tenåringsopprør og frustrerte foreldre til eit voldsamt engasjement mot nedlegginga av den lokale nepeforedlingsfabrikken.

Stykket handlar om tre kvinner frå den vesle bygda Skoddeheimen. Dei er hovudpersonar på skift og dei har alle til felles at dei drøymer om eit meir spennande liv, der dei blir sedde og høyrde. Tenåringsjenta Alma blir heilt i svime av begjær når det oppstår seksuell kontakt med bygdas kjekkas Artur. Studenten Maria føler seg usynleg og drøymer om å bli intervjua av Halvor Folgerø på NRK Vestlandsrevyen. Kona til Sebjørn er heimeværande med åtte ungar og fantaserer om jobb på Skoddeheimen Nepeforedling AS. Mykje musikk, lys og videoprojeksjon gjer dette er med å I tillegg får publikum møte Sebjørn, Artur, Mor til Alma, den Radikale, den Nesteldste, Sjefen 1 og Sjefen 2.

Stykket er produsert av Sogn og Fjordane Teater i samarbeid med Hordaland Teater.

Regi: Bodil Kvamme
Scenografi: Leiko Fuseya
Lysdesign: Torkel Skjærven
Medverkande: Tiril Engelstad, Anne E. Kokkinn, Katrine Lunde Mackenzie, Lykke Kristine Moen,
Kyrre Eikås Ottersen, Linn Pettersen, Hanne Skille Reitan og Lars Melsæter Rydjord.

Vist 15 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?