Dama i luka av Maria Tryti Vennerød
“Spennende lek med "virkeligheten"" BT
“…får fram latteren…” Sunnmørsposten
Maria Tryti Vennerød fekk Ibsenprisen 2005 for “Dama i luka”. Dette er eit spenstig teaterstykke med ein underfundig humor. “Dama i luka” har ei realistisk ramme. Eit ungt par hamnar på sjukehus etter ei alvorleg trafikkulukke. Jenta er gravid og hardt skada. Guten sit på venteromet. Der er også dama i luka. Stykket rører også eit surrealistisk plan: Er vi verkeleg på venteromet, Er alle den dei gir seg ut for? Kven er levande og kven er døde?
Regi: Bodil Kvamme
Scenografi: Leiko Fuseya
Lysdesign: Torkel Skjærven
Lyddesign: Jørgen Knudsen
Medverkande: Elise Christine Eide, Lars Melsæter Rydjord og Marit Østbye.
Speletid 55 minutt.



