Pink Floyd tribute
Anderson Councils Syndicate(ACS) er eit Pink Floyd tributeband med base i Bergen. Bandet oppsto hausten 2008 og består av i alt 10 musikarar og koristar.
ACS fremfører materiale frå utgivelsar som The Wall, Dark Side Of The Moon, WishYouWereHere, etc. Bandet er kontinuerlig på søken etter Floyd-sounden og brukar velkjende Pink Floyd elementar og effektar i sine show.
Etter fleire konsertar i Bergens-området, bl.a. i Bergen Fengsel (Behind the Wall), er bandet no klar for ein miniturnè på vestlandet (Sogndal, Bergen, Haugesund) med konseptnavnet “West Side Of The Moon Tour 2011”. Dette blir starten på eit innholdsrikt år for bandet, som er invitert til London i mars i forbindelse med ein Syd Barrett-festival. Heile 3 ganger sidan oppstarten i 2008 har bandet gjesta Cambridge, byen som fostret bl.a. Syd Barrett, David Gilmourog Roger Waters. Den genuine interessen for Pink Floyd-historien og musikken dei skapte har gjort at bandet har fått gode relasjonar til flere av menneska som vokste opp med og var involvert i Pink Floyd -medlemmane seint på 60-tallet.
ACS har som visjon å formidle Pink Floyd sine mesterverk til både “kjennarar”, og ikkje minst til den yngre generasjonen. Musikken er udødeleg og vil forhåpentligvis få fleire tilhengarar takka vere formidlarar som ACS.
For ytterligere info, se ACS sin hjemmeside: www.happy-gilmour.com



