PIZZAKVELD
Lørdag 26. mars kl 18 – 20 er du invitert til å vera med på PIZZAKVELD i Valen kyrkje for heile familien! Dette er samlingar retta mot alle, både unge og eldre. Det vert ein programdel med underhaldning, andakt og song før det vert servert pizza frå Peppes. Etterpå kan dei vaksne la praten gå medan det vert ulike leikar, spel og aktivitetar for borna. Me spleiser på utgiftene for kvelden. (Det blir ca kr 50,- pr person). .
Det vert ei enkel avslutning i 8-tida, men dei som har mulighet og lyst, er velkomne til å vera lengre! Me håpar du tek turen og blir med!



