KYRKJELYDENS KVINNEFORUM
Torsdag 24. mars kl. 1930 inviterer me på nytt til Kyrkjelydens kvinneforum i Valen kyrkje.
Denne torsdagen får me høyra ei ny stemme:
Rim Saib AbdulWahid, som opprinnleg kjem frå Irak, vil m.a. fortelja litt om kvinnekultur og verdiar ho vaks opp med. Er det likhetspunkt, og kva er ulikt? Ho kom til asylmottaket på Stord for 3 år sidan. Dei siste to åra har ho budd på Husnes. Ho er muslim. Ho har hovedansvar for to born og har arbeidd med å læra seg norsk i dei åra ho har budd i Noreg.
Elles håper me på eit godt måltid mat. God salat og god prat.
Avslutningsvis går me i kyrkjesalen for lystenning, song og kveldsbøn.
Som skrive mange gonger før:
Kvinner i alle aldre og fasonger, velkomne skal de vera !


