Annonse
Kvardag

Konsert og Dans

Måndag 18. april 2011 kl. 19.30, Kulturhuset Husnes

Vi avslutter vinterens trimdans i samarbeid med Kvinnherad Trekkspelklubb.
Jon Faugstad og Per Sæmund Bjørkum er med oss og gjev ein fin konsert før vi slepp oss laus i dansen. Den gode kaffistunda tar vi og med oss.

Litt om gjestane våre:

Per Sæmund Bjørkum og Jon Faukstad er kjende langt ut over landets grenser for glimrande samspel, god teknikk, stor musikalitet og ektefølt speleglede.
Mandag 2. mai vert dei å høyra i Kulturhuset Husnes.

Dette er to musikarar i toppklasse på sine instrument, og dei er like heimeverande innanfor den klassiske musikktradisjonen som i folkemusikken.

Per Sæmund Bjørkum er til dagleg 1. fiolinist i Oslofilharmonien og 1.amanuensis ved Norges Musikkhøgskole, medan Jon Faukstad er professor i trekkspel ved Norges Musikkhøgskole. Begge har røter i Gudbrandsdalen, og byggjer fyrst og fremst folkemusikkrepertoaret sitt på tradisjonane der ifrå.

Duoen Bjørkum/Faukstad har spela saman sidan 1992, då dei fekk i oppgåve å levandegjera ei notesamling etter spelemannen Torgeir Olstad frå Sel i Gudbrandsdalen. Konserten vart svært vellukka og det vart både cd-innspeling og fjernsynsprogram. “Slåtter frå Torgeir Olstads Notebok” fekk terningkast 6 i fagtidsskriftet Spelemannsbladet.
Dette repertoaret er grunnlaget for det konsertprogrammet dei presenterer.

Dei turnerer både inn og utland, og i 2005 kom ein ny cd “Konsert på Kleppe” som også fekk strålande kritikkar.

Duoen dyrkar også andre musikkstilar, og har spelt konsertar med program som spenner frå Nordheim, Biber og Schnittke til norske folketonar.

Dette er en link til denne siden

Vist 1530 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Blir DU med? Vi har plass til dåke!

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?