Karl Seglem med band på FolkJazzScena
Karl Seglem har gjort det igjen; spelt inn ei plate som går til topps hos musikkritikarar i inn- og utland. Ossicles blir av mange karakterisert som hans beste plate og Terje Mosnes i Dagbladet skriv: Bortsett fra Jan Garbarek på sitt beste er knapt noen i nærheten av Karl Seglems uttrykksnivå og –kraft. Han gjev toppkarakteren; 6 av 6 moglege. – og no er vår eigen folkjazzkonge konsertaktuell i Sogndal og Florø før han vender nasen utanfor landegrensene, der han Seglem faktisk har sitt største publikum.
I musikkretsar vert han samanlikna med Garbarek, Boine og Molvær, og han har sidan 1990-talet gjeve ut ei rekkje world-jazz-album, som alle har vorte godt mottekne. Seglem sjølv seier at han har jobba lenge med å utvikle sitt eige univers og at den siste plata, Ossicles, er meir personleg enn noko anna han har gjort. Universet hans spenner over alt frå norsk folkemusikk til pakistanske rytmar.
Gjenskape magiske stunder frå konsertar
Det er viktig for han å jobbe med andre musikarar over tid. Musikarane Seglem har jobba med gjennom mange år, har sin del av æra for resultatet på den nye plata. Det er på konsertane dei magiske stundene oppstår – som vi prøvar å gjenskape på ei plate. I dei nye låtane er samklangen mellom Seglem sin tenorsax og hardingfela til Håkon Høgemo tett; gitarist og konting-meister Olav Torget tek musikken i sørover. Begge spelar i bandet hans i Florø, i tillegg til Stefan Bergmann på bass og Harald Skullerud på trommer. Alle er med på å pumpe energiske beat og lekre perkusive detaljar inn i lydbiletet. Her er det garantert duka for magiske stunder!
FolkJazzScena er Førdefestivalen sitt konsertkonsept for heile fylke, der festivalen saman med lokale arrangørar presenterer både folkemusikk og jazz.

