Annonse
Kvardag

KICKOFF KRIK Husnes

Fredag 3. september 2010 kl. 18.30 til 20.00, Gymsalen v/ Undarheim Skule

KRIK Husnes har heilt sidan 90-talet hatt samlingar i gymsalen ved Undarheim skule. På samlingane driv me med ulike ballspel og mange artige stafettar og aktivitetar. KRIK er for alle som går i 8. klasse og oppover, og som likar idrett. Her skal me kun ha det artig saman. Det er ikkje ferdighetane som er viktige, men det sosiale og det å ha det kjekt saman med andre. I pausen har me “Time Out”, nokre minuttar med info og “ord til ettertanke”, medan sveitten renn nedover ryggen. Etterpå er det full gass igjen med ballspel og aktivitetar.

Denne første kvelden i haustsemesteret inviterer me til Kickoff med lag-stafettar, flotte premiar og mykje lått og løye. Stikkord her er; Snurrestafett, skiskyting, matte-stafett, crazy-tikken, ball i bøtte m.m.

Ta turen då vel! Når økta er over, er det mulig å ta seg ein dusj, før me kan rusle bort til Nattcaféen på bedehuset som og startar opp haustsemesteret denne fredagen.

Vist 67 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein deltok Person_gray

Kvar skjer det?