Hamborgartevling (dans)
Då nordfjordingane var på scena på Geilo i fjor og ynskte vel møtt til Landsfestivalen 2010, orda dei frampå om at hamborgaren burde få litt ekstra merksemd på same måten som masurkaen fekk det i Skjåk i 2008. Vi held ord. Laurdagskvelden byr vi dansarane inn til ei uhøgtidleg og underhaldande dansetevling i idrettshallen rett før finalen i gruppespel.
Denne dansetypen har mange ulike namn rundt om i landet. Trippar, husk og skørsk er nokre døme. Vi vonar å få sjå eit rikt geografisk mangfald på golvet.
Tre kunnskapsrike dansarar og danseinstruktørar med geografisk spreiing har takka ja til dommaroppgåva. John Oddvar Kandal med sitt orkester har lova å syte for musikken. Kanskje vert det servert både ”rette” og ”skeive” hamborgar-slåttar. Nordfjord har eit rikt utval, då hamborgaren gjennom tidene har vore populær her.
Påmeldinga gjer vi på enklaste måten. Når de kjem på festivalen, stikk de innom festivalkontoret og skriv dykk opp på ei liste og betalar 150 kroner for kvart par i startpengar. Alle som deltek i dansetevlinga får kvar sin deltakarpremie, og dei tre beste får ekstra premie i tillegg.
Dansarane får startnummer på seg, og det vert tevla med innleiingspuljar, semifinale og finale. Av tidsmessige og dømmepraktiske grunnar har vi vurdert å setje eit tak på fire innleiingspuljar med 6 (evt maks 7) dansepar i kvar, så her gjeld det å få namna sine på lista i tide. Er det noko du lurer på, ta kontakt med leiaren for programnemnda.
Vel møtt både de som ønskjer å delta og alle som vil vere publikum!

