Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Festivaler i Norge (mandag 5. juli 2010). Les mer om roperten…

Landsfestivalen 2010 NM i gammaldansmusikk

Onsdag 14. juli 2010 kl. 22.00 til søndag 18. juli 2010 14.00, Nordfjordeid

Landsfestivalen NM i gamaldansmusikk er tilbake her på Nordfjordeid ti år etter forrige gong. Dei som var på festivalen i 2000 reiste heim med mange gode minner. Vi vil gjere vårt beste for at festivalen i 2010 skal bli endå betre , opplevingane endå meir minneverdige,og tilstrøyminga til festivalen endå større.

Det er fire av laga i regionen,- Eid Spelemannslag, Spelemannslaget Fjelljom , Nordbygda Spel og dansarlag og Vindfylla Spel og dansarlag som går saman om å skipe til festivalen.

Vi håpar flest mogleg tek turen til Nordfjordeid i perioden 14.-18 juli. Her kan de oppleve Noregs beste gammaldansmusikarar tevle i både solo og samspel. Det vert fleire flotte konsertar med innslag frå fleire sjangrar. Og ikkje minst vert det høve til å danse til seint på natta fire kveldar i strekk.
Dei som føler at danseferdigheitene treng og friskast opp har også høve til å delta på dansekurs.
Så nøl ikkje, men kom på festival på Eid!

For dei som vil lese meir om Eid eller sjå heile festivalprogrammet er det berre å følgje lenkja.

Eid er ein fin og triveleg kommune som ligg i Nordfjord. Kommunen har eit særs aktivt musikkmiljø med Opera Nordfjord, Malakoff rockefestival og ikkje minst Landsfestivalen i gamaldansmusikk. Desse festivalane spring ut frå eit entusiastisk operamiljø, eit godt rockemiljø og eit levande folkemusikk og gamaldansmiljø. I tillegg har vi også musikkorps, visegrupper og danseband,-kort sagt det meste innan musikk.

Gamaldansarane har samling kvar tysdag i Markane. Då samlast dansarar frå heile Nordfjord og også Sunnmøre. Spelemannslaga frå regionen bytest om å spele. I tillegg er det ofte samling på Nordfjordeid på søndagane.

Eid eit kraftsenter for Fjordhesten, med eiga fjordhestlinje på folkehøgskulen og eit levande fjordhestmiljø med hesteutstilling kvart år.

Den som legg ferien sin til Eid frå 14.juli og utover vil kunne oppleve Landsfestivalen i Gamaldansmusikk, Malakoff Rockefestival og turar på hesteryggen i løpet av 10 dagar. I tillegg mykje anna som Eid og dei omkringliggande komunane kan by på. Nytt lenkja til Eid Kommune så får du full oversikt. .

Vi vonar du og familien din tek turen til Nordfjord 14-18. Juli 2010. Vi skal gjere alt for at du og dine skal få ei oppleving de seint vil gløyme.

Velkommen til Eid.

Komplett tevlingsprogram for festivalen:

Onsdag 14. juli: Kl 2200: Dans Nordfjord Hotell

Torsdag 15. juli:
Kl 10.30: Kvalifisering solo durspel/trekkspel junior Eid idrettshus
Kl 12.00: Pause
Kl 13.00: Festivalopning og CD-slepp for ”Din og hass far sin” Eid idrettshus
Kl 13.20: Framhald Tevling: Kvalifisering solo durspel/trekkspel senior
Kl 16.00: Kvalifisering/Solo andre instrument,fele/hardingfele junior og senior
Kl 19.00: Kurs i runddans: hamborgar og polka med støyt. Eid idrettshus.
Kl 20.00: Dans til kl 0100 Foajeen i Operahuset Nordfjord
Kl 20.30: Dans til kl 0100 Eid idrettshus
Kl 21.00: Finalespel i soloklassane Eid idrettshus
Kl 23.00: Konsert, folkemusikkarane i S og Fj. Eid kyrkje
Kl 23.30: Dans på hotellet fram til 0200 Nordfjord Hotell

Fredag 16. juli:
Kl 10.30: Kvalifisering lagspel Eid idrettshus
Kl 12.30: Matpause
Kl 13.30: Framhald kvalifisering lagspel
Kl 16.00: Tevling Open klasse Eid idrettshus
Kl 19.00: Nordfjordkveld Operahuset Nordfjord.
Kl 20.30: Dans til kl 0200 Foajeen i Operahuset Nordfjord
Kl 21.00: Dans til kl 0200 Eid idrettshus
Kl 22.00: Finale lagspel Eid idrettshus
Kl 23.30: Dans på hotellet fram til 0200 Nordfjord Hotell

Laurdag 17. juli:
Kl 11.00: Kvalifisering gruppespel Eid idrettshus
Kl 12.30: Matpause
Kl 13.30 Framhald kvalifisering gruppespel
Kl 19.00: Konsert, Sigrid Moldestad m/band Operahuset Nordfjord
Kl 20.30: Dans til kl 0200 Foajeen i Operahuset Nordfjord
Kl 20.30: Dans til kl 0200 Eid idrettshus
Kl 21.00: Hamborgartevling (dans) Eid idrettshus
Kl 22.00: Finale grupper Eid idrettshus
Kl 23.30: Dans på hotellet til 0200 Nordfjord Hotell

Søndag 18. juli:
Kl 1200: Meisterkonsert Eid idrettshus

I tillegg vert det gatespel og konsertar på eldretunet og sjukehuset.

Landsfestivalen 2010 kan også følgjast på nett via vår hovudside eller på facebook

Vist 404 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

En deltok Person_gray

En anbefalte Person_gray

Hvor skjer det?