Sommarkonsert med Ensemble Sogn-Sunnfjord
Utan tanke på fogderistrid slår musikarar frå Sogn og Sunnfjord seg saman og byr inn til konsert på Kviknes hotell i Balestrand tysdag 8. juni kl. 1800. På programmet står både engelsk barokkmusikk og wienerklassiske tonar.
Sogn kammerorkester og Sunnfjord orkesterforening har samarbeidd om eit musikalsk prosjekt som har fått namnet Ensemble Sogn-Sunnfjord. Til vanleg øver desse to orkestra i høvesvis Sogndal og Førde, men begge ønsker av og til at dei var fleire musikarar. Besetninga på tysdag blir dobbelt så stor som den orkestra har til vanleg, og det fører også til at dei kan framføre musikk dei elles ikkje får spelt.
Publikum får mellom anna høyre solistinnslag. Distriktsmusikar og musikklærar i Sogndal, Hans Holgersson, skal spele frå Joseph Haydn sin kanskje mest kjende cellokonsert med ensemblet. Dessutan står komponistar som Mozart, Johann Christian Bach og William Boyce på plakaten.
Ensemble Sogn-Sunnfjord ønsker velkommen til ein time med vakre tonar i flotte omgjevnader.



