Annonse
Sognatreff

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 7. april 2010). Les mer om roperten…

Burmakonsert

Søndag 11. april 2010 kl. 18.00 til 20.00, SIM-huset i Sogndal

Kven har sagt at det ikkje skjer noko på slakthusområdet i Sogndal??
Førstkomande søndag vert det invitert til konsert på den gamle Gilde kantina, som no vert kalla SIM-huset!
Det er Sogndal Indremisjonsforsamling som arrangerer konsert! Overskotet går til barneheims arbeidet som forsamlinga er ein del av i Burma!
SIM er del av ein mangeårig song og musikktradisjon innanfor den lokale kyrkja, og ei rekkje lokale songarar og musikarar vil delta denne kvelden.
Konserten er eit uttrykk for nyskaping innan denne song og musikktradisjonen, og noko av det nyskapande denne gongen står gjesteartistane Børge Vatlestad og Inge Ronny Kvåle for.
Desse to, saman med Kjell Olav Nordheim, som er sentral i konserten, har vore med å gitt mange av oss ein fantastisk oppleving gjennom to fantastiske julekonsertar i Stedje Kyrkje.

Men kvelden vert og prega av eigne songkrefter frå forsamlinga og unge lovande musikarar som Markus Nordheim og Heidi Barsnes.

Gjennom denne konserten ynskjer SIM å samarbeide med det etablerte musikklivet som allereie er i Sogndal, og samtidig bidra til å skape ei scene for unge talent.

Det er lagt ut 130 billettar, og det betyr ”stinn brakke” på SIM-huset, då dei fleste bilettane allrede er selde.

Velkomen til ei unik musikkoppleving på SIM-huset!

Vist 199 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Kvar skjer det?