Offisiell opning av Tuftegarden 4H-gard
Kom og bli med å feire at Sogn og Fjordane har fått sin første 4H-gard!
Tuftegarden 4H-gard inviterer til offisiell opning og markering med open gard laurdag 27.februar kl 13-15.
Ta med deg familie, venner og bekjente til ein flott dag i Viksdalen, kun 35 minutters køyring frå Førde. Det blir bål, kake, kaffi og saft. 4H-klubbane er med og lagar litt leik og aktivitet. Det blir og høve til å kikke litt på dyra i fjøsen.
Tuftegarden 4H-gard er eit tradisjonelt vestlandslandbruk med mjølkeproduksjon som hovudinntektskilde. I tillegg finn du både kattar, geiter og høner på garden. Vi har lagt til rette eit stort friluftsområde for publikum, i tillegg til at 4H-klubbane kan få nytte seg av Tuftegardsstova og garden ellers. Vi har utleige av eit mindre møtelokale, som også kan nyttast til festlege lag.
Vi som driv garden er glad i folk og at det skjer aktivitetar, vi har difor eit godt samarbeid med Barnas Turlag og no framover også 4H-klubbane i bygda. Året rundt har vi ymse familietilstelninger og no før jul arrangerte vi “Nissegraut på låven” i lag med Barnas Turlag Fosseheimen Gaular.

