Kystkulturmesse og matfestival

Fredag 5. september 2008 kl. 00.00 til søndag 7. september 2008 00.00 Florø

Kystkultur og lokale matopplevingar i Sogn og Fjordane på sitt beste!

Vi ønskjer alle velkomne til Kystkulturmesse og matfestival i Florø 5 – 7 september.

På Flora Samfunnshus 5 september kl 09:30 til kl 17:00 inviterer vi til eit spennande seminar som omhandlar kystkulturen, formidling og verdiskaping. Fylkesvaraordfører Tor Bremer ønskjer velkommen. Statssekretær Vidar Ulriksen i Fisker- og Kystdepartementet opnar seminaret. Vi får besøk av Kulturminnefondet, vi får høyre om lokale tiltak som Vågsberget Handelsstad, Utvær fyr, Jensbua Kystkultursenter og autolinebåten Haugefisk samt idear til korleis ein kan få finansiert nye spannande kystkulturprosjekt. Seminaret vil sette tema som “Kysten under press?” der dagleg leiar i Sunnfjord 2020 Øyvind Bang-Olsen innleier, og ei økt der aktuelle tilskots- og finansieringsordningar blir presenterte.

Lunsj om bord på Atløy.

Til seminaret må ein melde seg på innan 27 august til kulturavdelinga i fylkeskommunen på tlf. 57 82 50 15 eller e-post postmottak.kultur@sfj.no

Program for seminaret fredag 5 september finn du her: http://www.fjordkysten.no/filesystem/2008/08/seminar_program_siste_448.pdf

For 3 gong arrangerast KystMatfestivalen. Målet med festivalen er å auke kunnskapen om hausting, produksjon og bruken av marine råvarer for å skape nye og utvikle eksisterande verksemder knytt til mat og måltid. Fredag blir det arrangert tevling mellom ungdomsskuleelevar. Her får dei vere med å lage spennande rettar av kortreist mat.

Laurdag kan du reise på familietur med galeasen Svanhild. Turen går kl 13:00 til vassbruksanlegget i Terdalen og passar godt for born. Pris kr 50,- for barn og 150,- for vaksne. Meld deg på turen til wenny.hansen@sunnfjord2020.no innan innan 2 sept.

Album spelar opp til dans i Haavebua kl 21:00 laurdag.

Søndag kl 12:00 tek Atløy deg med til Batalden. Der blir det høve til å sjå dei gamle sjøhusmurane. Turen tek om lag 3 timar og Trond Strømgren er med som guide. Pris kr 250,- for vaksne og 70,- kr for barn. Meld deg på turen til wenny.hansen@sunnfjord2020.no innan innan 2 sept.

Søndag er det Kystdag i regi av 4H frå kl 11:00 -16:00 på Kystmuseet. Her blir det aktivitetar for heile familien. Aktivitetsoversikt: http://www.fjordkysten.no/filesystem/2008/08/kystdagen_7_446.doc

Heile helga vil det vere utstillingar med tema knytt til kystkultur. Det vil bli flust med god mat og gode aktivitetar for alle aldersgrupper.
Informasjon på pdf: http://www.fjordkysten.no/filesystem/2008/08/kystkulturlett_440.pdf

Fellesside: http://www.fjordkysten.no/default.asp?page=31&article=13

seminar, foredrag, oppleving, båtturar, familiearrangement, mat
User_128x128

Hvor skjer det?