Annonse
Sognatreff

Retten til arbeid

Raudt Høyanger meiner asylsøkjarar og flyktningar som ikkje kan returnere til heimlandet, må få rett til arbeid. Andelen av asylsøkjarar som får lov til å jobbe har gått kraftig ned. Årsaka er at det krevst gyldig pass – noko mange av naturlege årsaker ikkje har. Det finst i tillegg svært mange flyktningar som har fått avslag på søknaden, men som ikkje kan returnere.

Raudt Høyanger meiner at regelverket må endrast. Mange flyktningar og asylsøkjarar vil gjerne ”gjere opp for seg” gjennom arbeid. Vi trur dessutan at dette er viktig for at dei verkeleg skal kunne føle seg heime i landet vårt. Og er det ikkje slik at landet vårt på område etter område manglar arbeidskraft?

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Vist 50 gonger. Følgt av 1 person.

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir