Eit nytt samfunnssystem trengst!Den rådande politikken har skapt eit system der det har vore for lett å tene pengar på finans-/valutaspekulasjon og anna ikkje-produktiv verksemd. Resultatet er underinvestering i verdiskapande verksemd og velferdsstat. Denne nykapitalistiske bobla har begynt å sprekke. Statsmakta spring då med milliardar til vaklande finansinstitusjonar, og rekninga for dette sender dei same styresmaktene til folk flest gjennom angrep på lønsnivå, bemanning og velferdsgode. Raudt Høyanger fryktar at den økonomiske krisa vil utvikle seg til det verre også i Norge – truleg også lokalt. Partilaget finn det påfallande og kritikkverdig at heller ikkje sosialdemokratiske regjeringar lenge vil føre motkonjunkturpolitikk, slik ein tidlegare meir eller mindre automatisk gjorde. Med Oljefondet og dei norske valutareservane, har landet vårt betre moglegheit enn nokon gong til å motverke krisa med å investere sterkare i ikkje-oljerelatert næringsliv, landbruk/matproduksjon og offentleg velferd. Raudt Høyanger registrerer også at det nærmast har vore ein mobbekampanje mot næringsminister Giske sitt litt spesielle forsøk på å hindre at eigarskapen til TV2 fekk flytte til utlandet. Etter partilaget si meining burde ein heller ha meir statleg styring av bedriftene og ikkje mindre. Me trur også at statleg styring må til for å få til den heilt naudsynte utvidinga av aluminiumsproduksjonen i Høyanger. Utan slik utviding vil Verket gå dukken. Vil Stoltenberg det? Årsmøtet i Raudt Høyanger meiner at særleg den seinare tids utvikling må få fleire til å stille seg spørjande til om ikkje kapitalismen har hatt si beste tid og at ein bør sjå seg om etter ein annan måte å organisere samfunnet på. Privat eige og styring av kapital og produksjon, skapar økonomisk krise. Det er på tide å ta sterkare til orde for sosialisering og nasjonalisering av dei viktigaste bedriftene og ei statleg styring som skil seg frå dei private si prioritering av kortsiktig profitt. Det er kort sagt på tide med ein sosialisme som reduserer klasseskilja gjennom å ta lærdom frå både den kriseprega kapitalismen, den globale fattigdomen og nauda, men også dei feilgrepa som vart gjort i dei tidlegare forsøka på alternativ til kapitalismen. Eit nytt samfunnssystem og ei anna verd er nødvendig og mogleg. Einar Rysjedal, leiar
Vist 52 gonger. Følgt av 1 person. Sognatreff
Følgt av 1410 medlemmar.
Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir | ||