Annonse
Kvardag

God jul??

Ein liten tanke vekkar!
Så er det nok ein gong førjuls tid – med alt kva det inneberer. Samtidig blir det observert eit snodig språklig fenomen når me skriver desember måned. Når jule månaden starter og det heiter advent, tar me her i landet i bruk ein ny forstavelse i det norske språket. Ein forstavelse som me setter foran dei fleste substantiv, med den effekt at ordet får ein ny betyd…ning. Nemlig forstavelsen jul-. Måned blir julemåned, gater til julegater, sanger til julesanger, kalender til julekalender.
At julen nå er eit helvete for mange tør eg påstå, og det er mykje på grunn av handelsnæringen. Dei spyr ut reklame om jula, om alle gåvene du må kjøpe til dine nære, til øvrig familie og dei du kjenner. Du må kjøpe den rette maten og den rette drikka til, huset må pyntast med dei rette tinga og du må ha bloma som passer til jula.
Desember er ein måned med mykje følelsar. Det er lys og det er varme, det er advents fester og julebord. Det er julehandel og handlelister som er lange som eit vondt år. Og vår vellykkethet måles mykje etter vår eigen kjøpe kraft og evnen til å henga med på denna karusellen.
Dermed blir også kontrastane store. Forskjellane blir smertefullt tydlige når ikkje alle er på den samme vellykka veien mot høgtida. Ikkje alle gledar seg til jul, fordi jula blir nok ein bekreftelse på at eins liv ikkje er slik det forventes.
For meg viser jula forskjellane, den tydeliggjere det faktum at man aldri kan få alt, og man alltid må gi avkall på noko eller nokon. Jula er blitt sår og savn, mørk og hul. Det raude er ikkje bare så vakkert som rødt kan vera, flammane gir ikkje bare lun varme. Familien samlast, og det er ein stol som står tom.
Så kva er det eg eigentleg ønskjer folk når eg seier god jul ? Tenker du nokon gong på at det er dei som ikkje har det lika bra i desember måned som deg, at det er nokon som ikkje kan vera med på jula kappløpet? At nokon rett og slett ikkje har råd til å feire tradisjonell jul? Og det at du er med på kappløpet skaper endo større forskjeller? Gåver og god mat er for meg store bagatellar. Enda verre er det at min for alltid kjære bror som døde i 2005 ligger ute i sprengkulden mens andre lager julehygge inne. Den lille gravlykta med sitt flakkande lys og usikre varighet gir ikkje noko trøstefullt vern mot tela i jorda.
Det er endo godt at mitt hjerte fremdeles er varmt. For det er der min bror Kjell Rune bur. Ei jul i sorg behøver ikkje bety ei sørgeleg jul så lenge me ikkje lar flammen inni oss brenne ut. Me kan ta med våre døde i vår kjærlighet og vår julevarme. For flammen kan brenne klarare og varmare for den som veit at julens hemmelighet ikkje finnes i kjøpelyst og konkurranse, men i kjærlighet og takknemlighet.
Til slutt vil eg ikkje sei God Jul som om det er ein selfølge, men ønskjer selfølgeleg at alle skal få ei God Jul.

Vist 146 gonger. Følgt av 1 person.

Kvardag

Følgt av 910 medlemmar.

Kvardag i Kvinnherad er Kvinnheringen sitt nettforum. Her kan du føra opp arrangement i kalenderen, skriva debattinnlegg, starta kampsaker, leggja inn bilde eller kontakta folk. Meir om sona

Origo Kvardag er ei sone på Origo. Les meir