Fjern moms på norsk matRaudt meiner at den varsla auken i moms på mat er feil måte å skaffe staten inntekter på. Den raudgrøne regjeringa vil auke momsen på matvarer frå 14 til 15 % i neste års statsbudsjett. Denne auken er den fjerde sidan dei raudgrøne tok over i 2005. Den gong var momsen 11%. Korleis kan SP som har programfesta at dei vil redusere matmomsen forsvare dette? Raudt er ikkje det minste forundra over at norske bønder og deira organisasjonar raser mot nok ein auke i matmomsen, som er rekna ut til å gje staten 6-700 mill. kr i auka inntekter. Mat er noko alle må ha, og ein generell auke, vil ramme dei med lågast inntekt mest. Dette er ein usosial måte å gjennomføre skatteauke på og har ein dårleg signaleffekt.Vi bør heller gjere som Danmark; auke avgiftene på den ”usunne” maten. Det er viktig også ut frå eit folkehelseperspektiv. Raudt meiner at staten burde fjerne moms på norsk mat for å sikre norsk matproduksjon. Kortreist mat er også ei viktig miljøsak. Raudt Sogn og Fjordane
Vist 59 gonger. Følgt av 1 person. Sognatreff
Følgt av 1410 medlemmar.
Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir | ||